Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra juni, 2012

Barnebok med segner og gamle soger frå Sunnfjord, inspirert av Bakom synger skogene og Gøsta Berlings saga

Til hausten kjem som før blogga om, mi første barnebok. Historia er bygd opp rundt Elise som er med onkel Kalle på arbeid i sommarferien. Onkel Kalle er veterinær i ei gamal bygd full av gamle segner. Ein gamal hestekult har halde til her. Dei ofra hestar. Dette er slettes ikkje uvanleg. På fleire stader i Norden har dei frå førkristen tid funne beinrestar av hundrevis av hestar som har blitt ofra. Ein stad i Skåne fann dei over eit tonn med hesteknoklar, og i Osebergskipet i Norge blei det funne skjeletta etter fleire hestar . Hestane skulle frakte dei daude trygt fram til dødsriket. Boka kan bestillast her. Den kjem på Samlaget i slutten av august og kostar 199 kroner. Det er alt ein del som har bestilt den, så det blir ekstremt spennande å høyre kva folk synest. Las siste korrekturen idag. Vi kjenner til gamle hestekultar som brukte hingstar i hingstekampar og vinnaren vart ofra. Ein har funne nedgravne hestehovud under hjørnestolpar i gamle langhus. Alt dette kan du lære meir

Boknatti i Fjærland 23.juni 2012

Barneboka mi kan no bestillast i nettbutikk.

Elise og mysteriet med dei døde hestane kan no bestillast i nettbutikk. Den kjem ca 17.august, og kostar 199 kroner. Her er link for bestilling.  Boka kjem MED hesteplakat. Hesteplakaten er kjempefin!!! Det er dette biletet som skal bli til plakat: Plakaten er henta herifrå.   Det går an å booke meg på arrangement den siste veka i august og heilt i starten av september. Andre datoar kan også sjekkast, men det er då det passer best. Pressekontakt i Samlaget er k.helgoy@samlaget.no

Bløff om burhøns

Du har kanskje lese det i media: bur for verpehøns er no forbode i Norge. Den glade nyheten spreidde seg som eld i tørt gras etter nyttår. Der er berre eit problem: burhøns er ikkje forbode i Norge. Det har berre kome ein ny type bur. Verpehøns står ikkje lenger i såkalt tradisjonelle bur, men i miljøinnreia bur. ”Egg fra burhøns” lyder advarselen på eggkartongene på Rema 1000. Upresis markedsføring, mener Fjørfelaget» (Animliasnettsider). Denne artikkelen stod på trykk som gjestespalte i Nationen 14.juni 2012. Den stolte hane bløffar også om bur. Fjørfelaget er sinte fordi Rema 1000 merker egg frå burhøns, med «egg frå burhøns», men sjekkar vi ut videoane Animalia har lagt ut av dei nye såkalte miljøinnredningane for verpehøns, skal ein ha rimeleg dårleg syn for å kunne påstå at dei nye bura ikkje er bur. Til og med kvinna som viser fram bura, omtaler bura som bur. Dette må vere ein taleglipp frå Nortura si side, då det er samvirket sjølv som står bak videoen. Nortura

Bondelaget bløffar om antibiotika i kyllingfôr

Brita Skallerud frå Norges Bondelag benektar i lesarbrevet “Faktafeil om norsk matproduksjon” i Dagbladet 3.juni at norske kyllingar får antibiotika i fôret. Det er rart at 2.nestleiar i Norges Bondelag ikkje er klar over dette. Lesarbrevet Skallerud svarte på var Det er ein grunn til at mat vert billeg, Dagbladet 22.mai 2012. Lesarbrevet til Skallerud ligg, meg bekjent, ikkje på web. Lat oss kikke på fakta: Norske standard slaktekyllingar blant anna blir gitt Narasin i fôret. Narasin er eit ionofor-polyeter antibiotika, også omtalt som koksidiostatika. At Skallerud ikkje er klar over dette, er underleg. At ho ønsker å benekte det, er interessant. Å hevde at narasin ikkje er antibiotika er bortforklaring eller mangel på medisinsk kunnskap. Sjølv EUs vitenskapskomté for mattrygghet har vurdert det som antibiotika.  Dette skriv komiteen: OPINION OF THE COMMITTEE: Narasin is a polyether ionophore antibiotic." Ein kan ta seg i å lure på om Bondelagets 2.neste

Mitt nye image som barnebokforfattar

Jammen på tide å ta litt pressefotos for barneboka som kjem til høsten: Elise og mysteriet med dei døde hestane, basert på myter, overtru og ikkje minst: livet i ein ekte veterinærpraksis! Eg er ikkje direkte van med å posere for ein fotograf. Greit nok, har blitt intervjua diverse gonger av diverse medier og har vore eit antal gonger på Dagsnytt atten og andre program, men å stå og glise framfor kamera i mange timar er ikkje heilt min disiplin. Helst liker eg å bli tatt bilete av frå sida, som dette, men å glise direkte mot kamera, iført altfor lite klede tatt vêret i betraktning, er ikkje direkte helsefremmande, trass svært artig og kjekk fotograf. Uansett, resultatet var omtrent slik. Dette er altså mitt image som barnebokforfattar. Foto: Tove Breistein for Samlaget.  Og ja, eg er dønn seriøs når det kjem til å skrive barnebøker. Har studert barne- og ungdomsbøker over lang tid, med sikte på sjølv å bli barnebokforfattar, og tenker ikkje gi meg med denne boka. Litt

To romanar: fantastisk klokskap og statusjagande ektepar

Tilbaka til henne. Sara Lövestam, Piratforlaget.  Kort sagt fantastisk bra bok som gjerne skulle ha vore tre gonger så lang, sjølv om den alt er på 580 sider. Kom ut på svensk i slutten av mars og skriven av Sara Lövestam , ein ung svensk forfattar det er verdt å følge med på. Dette er ein slik roman det går lang, lang tid mellom kvar gong du kjem over. Eit skikkelig litterært funn. Handlinga vekslar mellom notid og perioden 1906-1919, mellom vår tids Hanna og den tids Signe, skulefrøken i Tierpe utanfor Stockholm. Det er fascinerande og truverdige skjebnesskildringar, ingen happy ending, men real life ending. Livet smerter oss, men vi kan leve vidare likevel. Det som gjer sterkast inntrykk er relasjonane og korleis relasjonar blir oppløyste og ødelagt, erstatta av nye. Relasjonar som ein kanskje trudde skulle vare evig, som går i knas og mister sin relevans, men som likevel kan prege eit heilt liv, sjølv etter at dei er over. Jag skulle aldrig ljua för dig, Moa Herngren, Wa

Leverte idag min mastergrad i statsvitenskap

Kort sagt. Det er ganske kult.

Den stolte hane bløffer om bur

Den stolte hane påstår dei ikkje sel egg frå høner i bur. Dette er ein bløff. Kikk på bura, som Den stolte hane omtaler som "ikkje eit bur": Jepp, som du ser er dette ein real forbrukerbløff frå Den stolte hane si side. For fleire fotos av bur som visstnok ikkje er bur, klikk her . Kikk også på videoer av bura og bedøm sjølv om Den stolte hane bløffer oss om bur eller ei. Cardinal Foods, som eig Den stolte hane, skriv i sin årsrapport for 2009 : "Vi er godt tilpasset morgendagens krav til produksjon og som eksempel har våre produsenter av egg allerede tilpasset seg forbudet mot burhøns som vil komme i 2012." Nei, kjære Cardinal Foods. Det er ikkje eit forbod mot burhøns, men eit forbod mot den gamle typen bur som har tredt i kraft. De bløffer forbruker. Lat oss sjekke kva Mattilsynet seier om saken: "Forbud mot bruk av tradisjonelle bur til verpehøns fra 1. januar 2012".   Dei seier ingenting om forbod mot bur. Det er det Den stolte

Bur for verpehøns framleis lov i Norge.

Nortura og Fjørfelaget påstår at bur ikkje lenger er lov i Norge . Det er ikkje riktig. Her kan du sjå video av den nye typen bur og bedømme sjølv om du meiner bur no er lovleg eller ulovleg i Norge. Slik omtaler Animalia den nye typen bur : •Miljøinnredning vil si romsligere bur for et begrenset antall individer, med vagle, strøbad og rede. Frittgående systemer kan i tillegg være økologiske. Kikk nøye på videoen etter korleis strøbad, rede og vagl ser ut og sjå om du greier assosiere fram at det er dette det skal forestille. Fjørfelaget er sjølvsagt kjempekritiske til at Rema 1000 merker egg fra burhøns med «egg fra burhøns». Eg foreslår at leder i Fjørfelaget, David Koht-Norbye, tar seg en synssjekk. Det koster 420 spenn hos Brilleland og gir godt bursyn. Også Den stolte hane, bløffer om bur . Dei påstår dei ikkje lenger sel egg frå burhøns, men det gjer dei. Dei sel egg frå same type bur som du kan sjå i videoen under, samt på linken mellom dei to videoane. Men dei omtaler d