Idag har Sogn Avis ei sak der dei har intervjua pelsoppdrettar Olav Haugen i Lærdal, ein av oppdrettarane framvist i filmane vi har fått presentert om grovt mishald av pelsdyr siste dagane. Han seier til avisa: "Bileta av sjuke dyr syner ikkje sanninga. Desse dyra var under behandling og er i dag friske, hevdar Molde." Dette er grovt. Dyra vi såg var dyr med gamle skader. I tilfelle dei var under behandling, var behandlinga for seint igangsett. Dessutan vil eg etterlyse dokumentasjon på at dei var under behandling, kva behandling dei fekk og av kven. Det er sjølvsagt billig å påstå at dei var under behandling, men sant er det neppe. Vidare seier Molde: "- Eg må seie at me kjenner oss som hakkekyllingar. Kvifor er det ingen som snakkar om sau som forsvinn på beite, eller kyllingar som knekk vengene på veg til slakting? undrar Haugen, som hevdar at verksemda han driv er heilt i tråd med det regelverket som regulerer pelsdyroppdrett her i landet." Molde ha...