Gå til hovedinnhold

Pelsdyroppdrettar i Lærdal viser sviktande dømmekraft

Idag har Sogn Avis ei sak der dei har intervjua pelsoppdrettar Olav Haugen i Lærdal, ein av oppdrettarane framvist i filmane vi har fått presentert om grovt mishald av pelsdyr siste dagane.


Han seier til avisa: "Bileta av sjuke dyr syner ikkje sanninga. Desse dyra var under behandling og er i dag friske, hevdar Molde."

Dette er grovt. Dyra vi såg var dyr med gamle skader. I tilfelle dei var under behandling, var behandlinga for seint igangsett. Dessutan vil eg etterlyse dokumentasjon på at dei var under behandling, kva behandling dei fekk og av kven. Det er sjølvsagt billig å påstå at dei var under behandling, men sant er det neppe.

Vidare seier Molde: "- Eg må seie at me kjenner oss som hakkekyllingar. Kvifor er det ingen som snakkar om sau som forsvinn på beite, eller kyllingar som knekk vengene på veg til slakting? undrar Haugen, som hevdar at verksemda han driv er heilt i tråd med det regelverket som regulerer pelsdyroppdrett her i landet."

Molde har neppe fulgt med i media. Alle desse tema har vore oppe, som rett og rimelig er. Landbruket må tåle kritisk søkelys, som andre næringar. Og dersom Molde hadde kjent til regelverket han hevdar å følge, hadde han vore klar over at mishaldet er brot med ei rekke paragrafar i Lov om dyrevelferd. Jamfør min kronikk i dagens Aftenposten der eg viser dette, punkt for punkt.

Les kronikken her.

Vidare seier han: "- Me i bransjen har vore alt for naive og trudd at berre me gjer det beste me kan, så vil me kunne driva trygt for framtida. Det har vore eit veldig press mot NRK for å få dei til å køyra fram denne saka no, trur pelsdyroppdrettaren."

Om de beste bransjen kan, er å ha ei så stor andel mishaldne dyr, er det tid for avvikling. Sjølvsagt er NRK interessert i ei slik sak. Dei er nok ikkje pressa, men høgst interessert i kraft av at dette er ei særs god og viktig sak. Ikkje berre manglar Molde dømmekraft når det gjeld hald av dyr, han har også sviktande medieforståelse. Det siste er greit nok, men ærlig talt.

Så seier han: "- Eg driv ei heilt lovleg verksemd, der eg har investert 1,8 millionar kroner for å gjera tilhøva for dyra enda betre enn før. Bileta av sjuke dyr syner ikkje sanninga."

Bileta vi har sett, viser grove brot på norsk lovverk for hald av dyr. Dersom ein investerer 1,8 mill og fortsatt bryt loven, talar det for seg. Legg ned pelsdyrnæringa. Om det finst fleire der ute med like grovt sviktande dømmekraft som denne Molde i Lærdal, er det på høg tid.

Populære innlegg fra denne bloggen

Difor blir eg ikkje bonde Vil du ha billeg mat, skal du få det, men det blir frå andre enn meg.

No skal eg fortelle om kvifor eg ikkje vil bli bonde. Først av alt. Eg vil ha eit verdig liv som menneske.   Eg vil ikkje leve under fattigdomsgrensa. Eg ønsker ikkje å bli utsett for systematisk sosial dumping år etter år. Eg har ikkje lyst til å måtte sei nei takk til den levestandarden som gjennomsnittsmennesket i Norge kan omgi seg med. Eg har ikkje lyst til å bruke mi tid, og mine krefter, på å produsere mat for så å bli uthengt som ein snyltar. Eg gidder ikkje. Vil du ha billeg mat, skal du få det, men det blir frå andre enn meg. Eg vil ha gourmet. Trykt i Aftenposten som kronikk der den sette klikkerrekord. DEL! Gjennomsnittelig arbeidsinntekt pr. årsverk i jordbruket er 140 000 kroner. Arvar gard Det finst eit alternativ for meg. Garden eg arvar har gjennomsnittsstørrelsen. Eg kan vere deltidsbonde. Då må eg ha ein anna jobb ved sida av. Med dobbelt arbeid vil eg kome opp i anstendig lønn. Men eg vil ikkje vere dobbeltarbeidande. Det slit på familie og s...

Med døden på jobb. Farlege dyresjukdommar, dramatiske følger.

  I følge FN er 75 prosent av patogenene (virus, bakterier, sopp) som har dukka opp siste tiåret, zoonosar, altså sjukdomar som smittar mellom dyr og menneske. Eg havna som veterinær høsten 2011 oppi det størte miltbrannsutbrotet i Sverige etter andre verdskrig. Miltbrann, eller Anthrax, er ein zoonose, det vil sei ein sjukdom som smittar frå dyr til menneske. Eg trakk på meg verneutstyr og masker, og gjekk inn mellom stinkande kadaver for å leite etter ukoagulert blod og mangel på likstivheit, to av kjenneteikna ved miltbrannsdaude dyr. Aguer og tarm er hakka ut av ravnar, det renn blod. I blodet kan det finnast dødelege sporar. Eg kan sjølv bli sjuk. Det er uhyggelig og kan faktisk vere livsfarleg.  Les om miltbrann i Norge. Under ein sermoni i Roma erklærte FN Rinderpest, eller kvegpest, som offisielt utrydda.   Kvegpest spreidde seg med kveg som vart frakta med militæret og via handel med levande dyr. Den industrielle revolusjonen med oppfinninga a...

My Fair Lady goes heidundrande bygdesatire

Tirsdag 26.februar såg eg prøveforestillinga på My Fair Lady goes Sogn og Fjordane ved SoF teater i Førde. Framfor ein ganske full sal, køyrde teateret eit heidundrande show frå start til slutt. Det starta ganske irriterande med at sjølvrettferdige bygdefolk lot seg provosere av Lise frå Frogner som kom til Framdalen etter at far hennar hadde gått konkurs. I Framdalen møtte ho dei klassiske haldingane som ein møter når ein kjem til enkelte grender som innflyttar. Her i bygda har vi det vi brukar å ha, og spør du etter noko anna, så er du galen. Spør du etter ein avansert vin? Nei du, her har vi kvitvin på kartong! Sånn omtrent. Her gjer vi slik, og om du meiner noko anna, så har du å tilpasse deg. Det var svært treffande. Faren og Lise ved Lises ankomst. Foto Olav Reiakvam Far til Lise mellom bonden og Lommeheim på kroa. Foto: Olav Reiakvam Lise på si side meinte Framdalen var ein regnfylt stad med lite å sjå på, samt tusenvis av mil til folk. Hard overgang ...