Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra august 7, 2008

Finland - Rovaniemi i Lappland

Jakta på russisk bissniss fortsetter. I Rovaniemi, julenisselandet. Eller, det vil sei finnane påstår nissen kjem herifrå. Eg skal ikkje nekte på det, eg ser bilder av den over alt, men eg rakk ikkje å dra og besøke han ved polarsirkelen som forøvrig passerte like utanfor byen. Eg hadde nemlig ein avtale med nokon andre som lagar store leiketøy som går raskt i snø. Då eg kom til byen, tok eg meg ein tur på Rovaniemi Art Museum. Der hadde dei ei samling toalett. Vi er kva vi et, stod det på veggen, og visstnok i stadig større grad jo eldre vi blir. Deretter, når kunst er kartlagt, er det på tide å kartlegge den fysiske byens omgivnader. Her er ein del vatn i Finland, og Rovaniemi er omgitt av store elver på dei fleste sider. Går du ca tre kilometer ut av byen, eg gjekk og gjekk medan alle andre sykla, finn du skogmuseet. Der traff eg ei dame som sydde vesker med bilete av elg på. Ho arbeider ved museet, men er naturvernar og fann sin eigen jobb ganske paradoksal. Her viser ho turistane

Vi får ikkje betre medier enn vi har redaktørar

Dette innlegget "Anne Viken - din dumming!" stod i Bergens Tidende 6.august. Innlegget er bra, og har eit fint finalepoeng: "Me får ikkje betre media enn me har redaktørar. Og då er det temmeleg talande om denne debatten renn ut i skitkasting om kven som har gjort flest feil ein gong i fjor. "