Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra september 1, 2012

Økologisk landbruk stadig meir industrialisert

Den svenske garden har to tusen storfe, mjølkerobotar i lange baner, mange store traktorar, svære areal, bruker mykje kraftfôr. Konvensjonell industri, tenker du. Du tar feil. Denne garden er økologisk.  Smak på det: to tusen storfe og økologisk . Det er kyr så langt auget rekk og endå lenger. Som professor Michael Carolan ved Colorado State University påpeiker i The Sociology of Food and Agriculture , har økologisk landbruk tatt opp i seg ei rekke trekk frå konvensjonelt landbruk og ført til ei konvensjonalisering av det økologiske landbruket. Økologisk industri er eit omgrep å lære seg. Les meir Det er ingenting ved økomerket som seier at produktet kjem frå eit system, ein produksjonsmåte, som ikkje er energiintensiv, storskala, eller som tar høgd for sosial urettferd, eksempelvis sosial dumping av arbeidskraft i framstillinga av kraftfôr.    Medan snittet for konvensjonelle bruk i Norge i 2007 var på 112 000 liter mjølkekvote, låg økobøndene på 122 000 liter. Ø