Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg med etiketten nynorsk

Hos Karina bur slottskaninar, bestemorhøner og pensjonerte sofagrisar.

I Fosseheimen Naturpark på Viksdalen i Sogn og Fjordane bur det hestar, lama, høner, kalkunar, hundar, grisar og kanin. Det er Karina og Ståle Hetle som driv garden. Alle som vil kan kome og helse på dyra når dei har open gard i helgene. Karina tek seg av mange dyr som andre ikkje vil eller kan ha lenger. Grisen som måtte lære og bli gris . Eit av desse dyra er den kanadiske grisen Pomba. Pomba er ein liten svart gris på snart to år. Han har vore hos Karina i nesten eit år. Før Pomba kom til Karina var han husgris. Artikkelen er trykt i siste utgåve av Norsk Barneblad . Då Pomba var åtte veker, flytta han inn i leiligheten til ei dame som ikkje ville ha hund, men gris. Pomba vart storbygris, sov på sofaen og var ein ekte stovegris. Dama var veldig oppteken av at Pomba ikkje skulle bli svinaktig feit, så ho gav han lite mat. Pomba var alltid svolten, og fordi Pomba var svolten, laga han leven. Han leita etter mat i søpla og blei etterkvart ganske slitsom å ha i hus....

Skal eg dumpe nynorsk som skiftspråk, Kristin Halvorsen?

   Er det dette Kristin Halvorsen ønsker seg, eller er det berre ein utilsikta praktisk konsekvens av hennar utspel om å tone ned fokus på sidemål i skulen? Lat oss ta det openbare først. Eg som nynorskbrukar er ikkje interessert i å publisere på eit språk folk ikkje beherskar. Eg er ikkje interessert i å nytte eit språk folk ikkje treng lære seg.     For meg er ikkje språket eit mål i seg sjølv. Det er eit middel for kommunikasjon. Skal ein formidle må ein ha eit språk som fungerer. Om no fokuset på nynorsk skal tonast ned i skulen, må ein tenke seg godt om. Skal ein gi ut bøker på nynorsk, på eit språk som er nedprioritert, for dei spesielt interesserte og som folk ikkje vil/ treng bruke tid på å lære seg?     Er dette interessant for meg å bruke eit slikt språk i det lange løp? Kvifor er det slik at ein forlagsredaktør eg prata med, anbefalte meg bokmål? Desse anbefalingane vil nok neppe bli sjeldnare om nynorskkompetansen i...

Kva med å gjere sidemål til valgfag? Skal sidemål bort for bokmålselevar, må det bort også for dei som skriv nynorsk som hovedmål.

Om ein skal argumentere for og fjerne sidemålsstilen for bokmålselevar, må ein også fjerne sidemålsstilen for nynorskelevar. Skulebyråden i Oslo vil gjere den skriftlege delen av sidemål valgfritt. Les saken. Sitat: "Men nynorskforkjemperne i Noregs Mållag karakteriserer utspillet som ren populisme. - Skolebyråden vet at dette er i strid med lærerplanen. Det står det at elevene skal lære å lese og skrive nynorsk. Da kan det ikke være valgfrihet i et enkelt fylke. Dette vet Høyre og Torger Ødegaard godt. Dette er derfor politisk propaganda i forkant av et valg, sier leder i Noregs Mållag, Håvard B. Øvregård." Det kan vere lurt og tenke over dette: treng elevar läre både nynorsk og bokmål i grunn? Vi har ei rekke andre fag som er like viktige som språk, og når det uansett viser seg at tjue prosent av elevar har så dårlege skriveferdigheter i norsk at dei har tröbbel med og kome seg vidare i arbeidslivet etter ti år, TI ÅR, i skulen, så kan ein jo spörre seg om all norsku...

Arild Rønsen fell for eigen retorikk

Nynorsk må tas livet av, skriv Arild Rønsen på kronikkplass i Klassekampen 11.april. Av økonomiske og ressursmessige grunnar. Utfrå denne forklaringsmodellen, og Rønsens argumentasjonsrekker, vil eg påstå det også er samfunnsøkonomisk forsvarleg å ta livet av Arild Rønsen;) Hihi

Hahahaha!! Are Kalvø om nynorske naturmenneske

Du framstår som klokare og meir interessant om du snakkar nynorsk. Nynorskfolk kan sleppe unna med å halde kjeft og gjere ingenting: då er dei tause og interessante. Om Clint Eastwood hadde vore nordmann, hadde han vore leiar for mållaget i Telemark!!

Det er på tide at nynorskfolket sluttar å gjere det til ei belastning å vere nynorskbrukar.

Slutt å kjefte, målfolk Lesarbrev i Klassekampen torsdag 20.januar 2011 Det er ikkje uventa at Allkunne viser vankunne i sin framgang mot Wikipedia. Klassekampens journalist Olav Brostrup Müller skriv i Klassekampen 15.januar det vi alle tenker: «Målsaken er altfor viktig til å blil overlatt til nynorskfolk». Eg er skribent og bloggar. Eg skriv nynorsk. Eg skriv kort og godt nynorsk fordi det føles mest naturleg, men å berre meine at nynorsk er mest anvendeleg, er ikkje grunn god nok. Eg vert pepra huden full i at årsakssamanhengen for mitt språkvalg er langt meir komplisert. Det handlar visst om språkleg sjølvkjensle. Skriv eg bokmål har eg dårleg sjølvkjensle og vel eg sideformer tek eg avstand frå røtene mine. Det eine argumentet er meir patetisk enn det andre, og dei handlar om alt anna enn språket. Debatten om nynorsk minnar ofte om forkvakla psykoanalyse. Røynda verkar vere ein fjern stad for mange i nynorskens trange korridorar. Nynorskens folk fell stort sett i kategorien «...

Nynorsk moralisme

Ein må slutte å sjå på nynorsk som ein sterk identitetsindikator. I ein kronikk i Klassekampen skriv Karen Marie Kvåle Garthus at det er språkleg sjølvtillit som gjer at dei som beheld nynorsk som hovedmål, beheld det. Ein snakkar om at sjølvtilliten har dei kanskje fått med seg frå ein lærar med eit spesielt engasjement. Kvåle Garthus vil det sikkert godt, men å snakke om sjølvtillit i språksaka er ei hensiktslaus form for moralisme som bidreg til å støte folk bort frå nynorsken. Det virker ofte som om målfolket har for liten kjennskap til den praktiske bruken av språket ute i felten. Fokuset er for snevert. Difor moralisme. Når nynorskfolk skal snakke om kvifor folk byter til bokmål, snakkar dei om at a) bokmål er over alt og ein snakkar b) om sjølvtillit. A) er innlysande. Dette er hovedproblemet, men kvar kjem b) frå? Eg kjenner ei mengde folk som har bytt frå nynorsk til bokmål. Dei gjer det rett og slett fordi dei har inga språkleg bevisstheit. Dei er ikkje opptatt av å ha ny...

Kvifor eg skriv på bokmål i XXX boksingelen som kjem ut no på Flamme forlag?

Det er for å skape avstand til jeg-personen. Dette er tekstar som kan framstå som veldig personlige og sjølvbiografiske. Dei er ein miks av sjølvbiografiske hendingar og fantasi. Eksempelvis er heile Oslo-teksten og kanskje halve Berlin-diktet fantasi, medan Hyderbad-teksten er kanskje 70 prosent sjølvbiografisk. For å skape avstand til fortellerstemma, skriv eg på bokmål. Eg ville blitt for nært. Jeg i teksten er ikkje Anne Viken, men ein fiktiv jeg-person. Dette er eit grep ganske mange forfattarar gjer: byte språk for å få avstand til personen i teksten. Alle mine kommentarartiklar og kronikkar er på nynorsk. Dei har meg, Anne Viken, som avsendar, og er mine meiningar. Vi har to språk og denne luksusen har eg tenkt å nytte utfrå personlege valg og preferansar.

Skal eg gidde skrive nynorsk på jobb som journalist?

TJA. Eg er ikkje sikker. Det er så kranglete å sitte og slite med dette rotete språket når ein jobbar under tidspress. Gi meg god tid, og nynorsk er ok. Det må vere svært vanskelig for folk å skrive nynorsk når ikkje ein gong vi som skriv mykje, orkar dette språket. Jamfør forfattar Brynjulf Jung Tjønn som forlot språket etter å ha gitt ut to bøker og slost seg gjennom to rundar med nynorsk korrektur. Les Jung Tjønns Farvel til nynorsken i Aftenposten. No skriv han bokmål i NRK. Mitt bokprosjekt er på reinspikka bokmål. Eg gidd ikkje eingong tenke på alle orda eg måtte ha tatt ut, alle omskrivingane, alle forboda, alle dei forkrøpla gamle orda eg måtte ha nytta i mitt bokmanus. Difor valgte eg bokmål. Det var vi alle einige i. Trur forlaget var like glade. Men slik er det. Nynorsk er ikkje levedyktig med mindre noko graverande blir gjort. Det er mange ein kjenner som forsøker seg på nynorsk, men desse skriv eit musealt og dårlig språk. Kvifor ikkje ha eit språk som vi som brukar språk...

Nynorsk er bissniss.

Av og til må eg sei noko om nynorsk. Idag er nok ein slik dag. Dette skal eg sei idag: @ RuneMikal nynorsken må bli meir konsekvent. då vil kanskje fleire behalde den. d handler ik om Identitet, men om at ein treng eit redskap @ RuneMikal nynorsk =bissniss, men dette er d mange målfolk som ik forstår. dei trur nynorsk er ein hemsko som du må forlate. dei misforstår @ RuneMikal ja nynorsk er utan tvil noko du som journalist også dreg nytte av å beherske. fleire etterspør tekstar på nynorsk. @ RuneMikal det eg av og til reagerer på, er at målfolk trekk fram NRK-folk som reklame for nynorsk. dei les ofte opp frå bokmålsmanus. @ RuneMikal men dei nektar å ta innover seg problema som folk som skriv nynorsk slit med og som fører til at folk byter til bokmål. @ RuneMikal ja han ha rett ang sos medier. har og snakt m fl nynorskforfattarar som avskyr målrørsla.pga rørsla kastar skuggar over nynorsken Til slutt skal eg nevne at denne bloggen er med i Nynorsksenterets base med b...

Målfolka må komme seg ut av reservata sine (kven har ikkje tenkt det?)

Du er kritisk til det arbeidet målrørsla gjer? Det verkar som om dei ikkje er heilt klar over kva for samfunn vi lever i. Sett på spissen: målfolka held seg helst til reservata sine. Skal nynorsken klare seg, må dei ut derifrå. I di eigen språkbruk stiller du deg nokså fritt til normer og rettskrivingsreglar? Eg brukar dei orda eg treng. Når eg er i stuss, går eg fote tilbake til min eigen dialekt og spør kva som vil vere den naturlige uttrykksmåten der. I rettskrivingsspørsmål må vi vere tolerante. Vi må godta at språket vårt er i endring, de vil det nødvendigvis vere i eit samfunn som endrar seg så raskt som vårt. Utdrag av intervju med Kristian Fossheim som fekk Fylkesmålprissen i Sogn og Fjordane i 1989. Intervjuar er Ove Eide, og det stod på trykk i Sogn og Fjordane magasin nr 4, 1989.

Elsk din neste

Ikkje klyp butikkdamene på rumpa, det kan hende dei set pris på det. Lån deg ei gravemaskin og grav opp hagen. Elsk din neste, eller berre et popcorn, skriv Helle på febrilsk-bloggen. Simpeltent veldig bra! Sjekk ut andre bloggar på nynorsk på Nynorsksenteret, nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa.

Nynorskdialog: frå isfront til whiskey-bad

Før i gamle dagar var det slik at eg stadig møtte sinte mållagsfolk på byen som ikkje ville helse, eller som klinte seg oppetter ein stakkar og masa i time etter time, og som meinte at alt ein meinte om nynorsk var og blei vanvittig galskap. Det var harde tider med mange lange stygge blikk og overberande nikk. Men så kom Håvard Øvregård, ein whiskeydrikkande slugger frå Vestlandet, og det blei for oss nynorskkritiske stemmer med blondt hår på toppen hotline både ned i whiskeyflaska og inn i kåken til Øvregård. Slikt blir det høglydt dialog av. Frå isfront og fornektelse av motstandere har målrørsla endra sin taktikk i møte med debattantar som blir påstått målfiendar av dei vranglesande. Applaus utdeles.

Fakta om Anne og nynorsk - bør leses dersom du har tenkt å meine noko om "Annes forhold til nynorsk"

Det blir i visse medier feilaktig skrive at eg har forlatt eller fornekta nynorsken eller noko i den dur. Av og til skulle eg ønske at folk skjønte kva eg skreiv og sa, og ikkje feiltolka så mykje, eventuelt at dei las kva eg har skrive før dei uttaler seg om meg, men sidan verda flyt over av mangel på research, og fordi ein del som kommenterer det eg skriv, flyt over av følelsar, blir eg ofte gjengitt feilaktig og upresist. Her kjem fakta om Anne og nynorsk for den som har tenkt å omtale Anne og nynorsk i ein eller anna kommentar eller artikkel ein eller gong i tida, og om dette er uklart, send meg ein epost viken.anne ( att ) gmail.com så svarer eg gjerne på spørsmål. Praktisk: - Eg laga i sommar ein serie store saker for Dag og Tid (nynorskavis) frå Sogn og Fjordane. No skal eg lage ein serie til. Eg skriv også side to kommentarer for Dag og Tid, fast frå no av framover. - Eg får ofte skryt for å skrive god nynorsk. Dette er flott, og eg tek det som eit kompliment og bringer det gje...

Ein fråfallens bekjennelse

"Modernisering av nynorsk ville føre til at færre gjekk over frå nynorsk til bokmål, at fleire ville skrive nynorsk i media, og meir nynorsk i det offentlege rommet." Anne Viken (Kronikk. Trykt i Bergens Tidende 31.mai og Nationen 11.juni 2007) Publisert 11.06.2007 - 11:48 Oppdatert 11.06.2007 - 12:13 Kvifor skal kvar ein nynorskbrukar som byter til bokmål, på død og liv framstillast som eit offer for bokmålsdiktaturet? Eg for min del er eit offer for den arkaiske nynorsken. I dag er eg ikkje nøydd til å skrive bokmål der eg arbeider som journalist. Eg kan fritt velje målform i dei media eg skriv i, og valet er enkelt. Etter å ha stava meg gjennom eit par frilanssaker på nynorsk i eit tappert forsøk på å vere språklojal, og sett at desken la inn enda meir konservativ språkbruk i sakene mine - så eg sjølv omtrent ikkje kjende dei att - la eg nynorskprosjektet på hylla. Eg har funne min identitet. Eg er ein fråfallen nynorsking frå nynorsken sitt tradisjonelle kjerneområde på V...