Gå til hovedinnhold

Kva med å gjere sidemål til valgfag? Skal sidemål bort for bokmålselevar, må det bort også for dei som skriv nynorsk som hovedmål.

Om ein skal argumentere for og fjerne sidemålsstilen for bokmålselevar, må ein også fjerne sidemålsstilen for nynorskelevar.

Skulebyråden i Oslo vil gjere den skriftlege delen av sidemål valgfritt. Les saken.

Sitat: "Men nynorskforkjemperne i Noregs Mållag karakteriserer utspillet som ren populisme.

- Skolebyråden vet at dette er i strid med lærerplanen. Det står det at elevene skal lære å lese og skrive nynorsk. Da kan det ikke være valgfrihet i et enkelt fylke. Dette vet Høyre og Torger Ødegaard godt. Dette er derfor politisk propaganda i forkant av et valg, sier leder i Noregs Mållag, Håvard B. Øvregård."
Det kan vere lurt og tenke over dette: treng elevar läre både nynorsk og bokmål i grunn? Vi har ei rekke andre fag som er like viktige som språk, og når det uansett viser seg at tjue prosent av elevar har så dårlege skriveferdigheter i norsk at dei har tröbbel med og kome seg vidare i arbeidslivet etter ti år, TI ÅR, i skulen, så kan ein jo spörre seg om all norskundervisninga er hensiktsmessig: kva er det ein gjer gale? Er lärarane for dårlege?

Anten bör undervisningen betrast, så folk faktisk lärer seg å skrive, ellers bör ein kanskje berre tenke som så at når folk uansett ikkje greier läre seg og skrive, tjue prosent er eit högt tal: er det ikkje tid for og revurdere opplegget? At Mållaget kaller forslaget for populisme er dårleg retorikk. Dei må greie svare på denne typen utfordringar, ikkje stikke dei under ein stol.

Men problema ligg nok djupare enn på sidemålsnivå. Det ligg nok i systemet, i kvaliteten på undervisning og lärarar, og i kva fag vi eigentleg har behov for i skulen. Kva med å gjere sidemål til valgfag?

Populære innlegg fra denne bloggen

Når den døde bestemora di spring etter deg på alle fire

Igår las eg den første barneboka eg har lese på lenge. Den handla om eit spøkelse, trudde eg, men det viste seg at det var eit romvesen. Det handla rett og slett om eit romvesen som sat fast i eit romskip nedi jorda under ei gran ute i skogen etter å ha krasja i ein skogbrann. Det vart heile tida hinta til at dette skumle sat fast, så eg tenkte det var ein vampyr som sat fast i ei kiste (Den vesle vampyren), eller eit lik eller noko som var levande begravd (murt inn i veggen). Så eg sat da å vente på ein vampyr, ein varulv eller eit realt spøkelse. Potensielt ein kjekk Twilight-type. Men no kjem det verste av alt (Eksorsisten). Vesenet tar knekken på bestemora medan jenta ser på. Bestemora slenger seg hit og dit i senga og blod renner og hovud sprekk. Og så kryp vesenet inn i den døde bestemora til hovedpersonen og får denne døde bestemorskroppen til å drive å springe etter hovedpersonen. Det er det verste eg har lese på lenge. Beinpiper og innmat og blod og springande døde bestemødre ...

Difor blir eg ikkje bonde Vil du ha billeg mat, skal du få det, men det blir frå andre enn meg.

No skal eg fortelle om kvifor eg ikkje vil bli bonde. Først av alt. Eg vil ha eit verdig liv som menneske.   Eg vil ikkje leve under fattigdomsgrensa. Eg ønsker ikkje å bli utsett for systematisk sosial dumping år etter år. Eg har ikkje lyst til å måtte sei nei takk til den levestandarden som gjennomsnittsmennesket i Norge kan omgi seg med. Eg har ikkje lyst til å bruke mi tid, og mine krefter, på å produsere mat for så å bli uthengt som ein snyltar. Eg gidder ikkje. Vil du ha billeg mat, skal du få det, men det blir frå andre enn meg. Eg vil ha gourmet. Trykt i Aftenposten som kronikk der den sette klikkerrekord. DEL! Gjennomsnittelig arbeidsinntekt pr. årsverk i jordbruket er 140 000 kroner. Arvar gard Det finst eit alternativ for meg. Garden eg arvar har gjennomsnittsstørrelsen. Eg kan vere deltidsbonde. Då må eg ha ein anna jobb ved sida av. Med dobbelt arbeid vil eg kome opp i anstendig lønn. Men eg vil ikkje vere dobbeltarbeidande. Det slit på familie og s...

Med døden på jobb. Farlege dyresjukdommar, dramatiske følger.

  I følge FN er 75 prosent av patogenene (virus, bakterier, sopp) som har dukka opp siste tiåret, zoonosar, altså sjukdomar som smittar mellom dyr og menneske. Eg havna som veterinær høsten 2011 oppi det størte miltbrannsutbrotet i Sverige etter andre verdskrig. Miltbrann, eller Anthrax, er ein zoonose, det vil sei ein sjukdom som smittar frå dyr til menneske. Eg trakk på meg verneutstyr og masker, og gjekk inn mellom stinkande kadaver for å leite etter ukoagulert blod og mangel på likstivheit, to av kjenneteikna ved miltbrannsdaude dyr. Aguer og tarm er hakka ut av ravnar, det renn blod. I blodet kan det finnast dødelege sporar. Eg kan sjølv bli sjuk. Det er uhyggelig og kan faktisk vere livsfarleg.  Les om miltbrann i Norge. Under ein sermoni i Roma erklærte FN Rinderpest, eller kvegpest, som offisielt utrydda.   Kvegpest spreidde seg med kveg som vart frakta med militæret og via handel med levande dyr. Den industrielle revolusjonen med oppfinninga a...