Gå til hovedinnhold

Rovdyrpolitikk og fanteri: kor mange rovdyr blir ikkje rapportert inn fordi ein önsker å halde bestandstala kunstig låge, eller fordi folk ikkje vågar, fordi dei uansett berre får höyre at dei lyg?

Norsk rovdyrdebatt er heilt på jordet, i stor grad overlaten til føleri og synsing.

Denne kronikken stod på trykk i Klassekampen 27.juli 2009, by me.

Les også reportasje om då björnen slo til på Viksdalen i Sunnfjord, publisert i Dag og Tid, 2008 og Klassekampen 2009. Side ein, side to, side tre.

Aktualitetslink: Rovdata seier at det ikkje finst jerv i Sogn og Fjordane. Dette er tull. Eg såg sjölv jerv i vår, og vi veit at mykje rovdyr blir observert, men ikkje innrapportert fordi folk får beskjed om at dei har sett feil, eller at dei ikkje har sett noko, når dei seier frå. Er rovdyrforvaltninga opptatt av å halde bestandstala så låge som mulig? Slik at dei kan före ein strengast mulig rovdyrpolitikk med tanke på vern? Ein begynner jo å lure når ein veit at det bevisst blir underrapportert.

Annar Holm skriv på lesarbrevplass i Klassekampen torsdag 23. juli at det er desinformasjon å påstå at en av femten sauer dør på utmarksbeite på grunn av rovdyr. Han om det. Konspirasjonsteoretikere finst det mange av, og dersom debatten skal trekkjast ned på dette anekdotenivået, bør vi ta den også frå den andre kanten: Sikre kjelder hos fylkesmannen i eit fylke i Norge fortel at mange observerte rovdyr ikkje vert innrapportert av statens naturforvaltarar. Årsak: viltforvaltarar ønskjer å halde talet på rovdyr kunstig lågt. Slik kan dei fortsatt flagge låge bestandstal for store rovdyr.

Historie to: mange lokale folk som prøver å få rapportert inn observasjonar av store rovdyr blir ikkje trudd, dei blir oppfatta som løgnarar og møtt med svar som dette: «dette kan ikkje stemme».

I området der eg kjem frå er det gjort observasjonar av bjørn som folk ikkje vågar å rapportere i frykt for å bli stempla som løgnarar. Når innrapporteringssystemet krev ein så hardnakka dokumentasjon på at rovdyr faktisk finst i området, er det også lett å felle dei utan at nokon veit om det ettersom det blir benekta at dei er der i første omgang. Paradoksa er mange, forvaltninga bakstreversk. Den ser ut til å mangle respekt for folk lokalt.

Og for hundrede gang repeterast det, av Anne Westen og Annar Holm, at dei fleste sauer som dør på utmarksbeite, dør av andre ting enn rovdyr. Dette stemmer. Det blir gjentatt kvart år, men dette faktum utelukker ikkje at det også er eit problem at sau blir tatt av rovdyr. Det er dessutan sett i gang tiltak, blant anna i regi av Mattilsynet. Mange dyr blir også flytta frå beiter der eksempelvis den sauefarlige planten Rome veks. Her blir med andre ord gjort tiltak, men desse tier ein klokleg om når ein skal kritisere sauenæringa. Eventuelt er ein ikkje godt nok orientert til å vite om dette.

Vidare kallar Holm foredla sauer for degenererte. Det er ingen likskap mellom degenerert og foredla. Dette er Norsk Kvit sau han snakkar om, antar eg. Han nemner ingen rasenamn.

Men det er ganske mange som ønskjer å spreie dette degenererte ryktet om den norske sauen. Årsaka er denne: å vinne markedsandelar for produkt som villsau og utegangarsau. Er det så vanskelig å gjennomskode? Ein forklarer fordelane ved desse gamle sauerasane ved å påpeike bakdelane ved dei foredla rasane, som norsk kvit sau. Ein framhevar dei gamle rasane i kontrast til dei nye, foredla, og forbrukarane bit på. Påstanden om vanskapte norske sauer slepp gjennom i media i stor grad på grunn av at journalistar er omtrent blanke på kompetanse om biologien i norsk matproduksjon.

Overordna avlsmål i norsk saueavl er å: «utvikla ein sau som kan utnytta dei naturgjevne ressursane best mogleg». For rasen norsk kvit sau arbeidast det for å utvikle en produktiv sau som utnyttar ressursane i utmarka.


For dei som har sett ein norsk sau på beite er det ganske enkelt å fastslå at den maktar å ta seg fram. For den som ikkje har sett dette, men som derimot har hørt avlarar av gamle norske sauerasar påstå at desse gamle rasane lettare kjem seg unna bjørn enn dei nye, foredla rasane, er dette noko ein ønskjer å tru på. Ei vakker idyllisert fortelling om ursauen som spring frå bjørnen.

Så enkelt er det derimot ikkje, men så enkel er norsk rovdyrdebatt blitt. Den baserer seg i stor grad på synsing og kunnskapsmangel der kvar og ein kan uttale seg fritt utan krav om kompetanse. Kvifor har det blitt slik?

Kanskje fordi det er eit tema vi alle føler at angår oss, og fordi mange naturvernorganisasjonar peprer oss med bilete og informasjon om dei store symbolske rovdyra, kongane i naturen.

Vi gidd neppe bry oss like mykje om alle rødlisteartane som i desse dagar forsvinn i naturlandskapet som mange ønskjer å legge aude til fordel for import av mat. Kunnskapen om samanhengar i naturen er fråverande i debatten. Paradoksa er mange, sjølvmotseiingane haglar inn.

Men skal vi la spekulasjonar og konspirasjonsteoriar ligge og halde oss til det vi veit? Det vi veit er at det ofte er vanskelig å dokumentere rovdyrdrap all den tid mange store rovdyr grev ned kadaveret. Bjørn kan grave ned sauene eller kaste dei uti eit vatn for å gøyme dei.

Talet på lam som dør før beiteslepp er fleire gonger større enn det samla rovdyrtapet, skriv Annar Holm at Ola Vaagan Slåtten har sagt til avisa Hallingdølen. Lat oss sette dette i perspektiv. For beitesesongen 2007 vart det utbetalt rovdyrerstatning for 39.600 sauer, vaksne og lam inkludert. Talet på lam var altså langt lågare enn 39.600. Det blei same år sleppt 1,99 millionar sauer og lam på beite.

Altså. 39.600 rovdyrerstatta sau betyr 1,98 prosent av sauene som vart sende til fjells i 2007. Eg veit ikkje kor mange av desse som var lam, men lat oss sei halvparten, altså 1 prosent. Til samanlikning er barnedødeligheita i vestlege land 0,6 prosent. Er det då så ille at dei same tala gjeld for dyr?

Men dei som spelar ut kort til fordel for rovdyra er ikkje så opptekne av sanning. Dei spelar i stor grad på vankunna hos den som er mottakar av informasjonen. Dei fleste av oss har ikkje peiling på verken rovdyr eller landbruksstatistikk. Perspektiv ser ikkje ut til å vere til stades. Debatt blir umogeleg all den tid det er ingen krav til reell innsikt i det ein snakkar om. Føleri og tendensiøse påstandar dominerer, og medias kunnskapsmangel gjer dekninga ytterlegare case-orientert, katastrofefokusert og sviktande. Folk får ikkje eit reelt kunnskapstilfang å bygge sine meiningar på.

Det er svært mange næringar som bør sette eit kritisk blikk på seg sjølv, men merkeleg nok blir dødelegheit før beiteslepp samanlikna med rovdyrtap på fjellet for sau, akkurat som om dette ikkje er tilfelle for alle artar av husdyr. Det seier ein heil del. Store delar av norske husdyr går på innmark med parasittproblema og helseproblema desse medfører. Innmarksbeiting er også ei mindre økologisk form for matproduksjon enn dei langt mindre parasittbelasta fjellbeita.

Samanlikningane er heilt på jordet. Det same er rovdyrdebatten.

Populære innlegg fra denne bloggen

Når den døde bestemora di spring etter deg på alle fire

Igår las eg den første barneboka eg har lese på lenge. Den handla om eit spøkelse, trudde eg, men det viste seg at det var eit romvesen. Det handla rett og slett om eit romvesen som sat fast i eit romskip nedi jorda under ei gran ute i skogen etter å ha krasja i ein skogbrann. Det vart heile tida hinta til at dette skumle sat fast, så eg tenkte det var ein vampyr som sat fast i ei kiste (Den vesle vampyren), eller eit lik eller noko som var levande begravd (murt inn i veggen). Så eg sat da å vente på ein vampyr, ein varulv eller eit realt spøkelse. Potensielt ein kjekk Twilight-type. Men no kjem det verste av alt (Eksorsisten). Vesenet tar knekken på bestemora medan jenta ser på. Bestemora slenger seg hit og dit i senga og blod renner og hovud sprekk. Og så kryp vesenet inn i den døde bestemora til hovedpersonen og får denne døde bestemorskroppen til å drive å springe etter hovedpersonen. Det er det verste eg har lese på lenge. Beinpiper og innmat og blod og springande døde bestemødre

Dødsdrift blant skrivande menneske

Korleis bli eit skrivande menneske: Du er ikkje så spesiell som du trur at du er, og om du ikkje jobbar hardt, kan du hive talentet ditt på båten. (Kommentaren stod på trykk i Dag og Tid 28.november). Tirsdag (25.november) var det litteraturdebatt på utestaden Blå i Oslo: " Litteratur på Blå har invitert en forfatter, en forelegger og en forfatterskolelærer for å snakke om forskjellige strategier for å bli et skrivende menneske. Går du med en spirende forfatter i magen, bør du få med deg denne kvelden." Vi som av ulike årsaker er interessert i litteratur, møtte opp, og lokalet vart etterkvart smekk fullt. Dagen etter skreiv ei venninne til meg: "Jeg fikk egentlig fullstendig angst da jeg kom på Blå i går. Det er jo akkurat som å se seg selv klonet hundre ganger." Det er ein skummel følelse å sjå seg sjølv sugd inn i den kulturelle undergrunnen, ned i eit miljø som i stor grad kretsar rundt seg sjølv og sin eigen akse, som tilber og dyrkar seg sjølv, men som ogs

Frå motkultur til mainstream medkultur

Etter at lesarbrevet mitt « Imageproblemet Sogn og Fjordane » stod på trykk i Firda 26. februar 2007, gjekk debatten om imaget til fylket heit i fleire månader. Sidan den gong har Sogn og Fjordane hatt næringslivsmesser i Noregs tre største byar kvart år, gitt ut eit reklamebilag for seg sjølv i Aftenposten 27. januar 2009, og Førde har fått tenketanken Førde Framover , for å nemne noko. Den skandaleomsuste Vest Tank-ramma Gulen kommune har tatt omdømebygging inn i fireårsplanen sin. Eg seier ikkje at dette har noko med bunadbrenning å gjere. Eg berre seier at det har skjedd. Det er bra, og fordi det er bra, er eg på den fjordomsuste næringslivsmessa denne kalde tysdagskvelden. Og spørsmålet som kretsar rundt i hovudet mitt, er dette: Kva vil Sogn og Fjordane vere? Imagebygging er vanskelige greier. Dette har Kommunal- og regionaldepartementet (KRD) skjønt. No tilbyr dei omdømeskule for norske kommunar som slit med omdømet, og for å gi oss litt bakteppe for kva KRD legg i omdømeb