Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra oktober 31, 2012

Skap nynorsk leselyst med hest i undervisninga

Elise og mysteriet med dei døde hestane er landets einaste hestebok på nynorsk. Det har eg tenkt på mange gonger. Hestejenter les jo masse bøker om hest. Men alle hestebøker er på bokmål. Tips til lærarar som underviser i nynorsk som sidemål: Kvifor ikkje bruke ei hestebok som nynorsk i undervisningen av elevar med nynorsk som sidemål?  Mange lærarar strevar med å lære elevane sine nynorsk som sidemål. Kvifor ikkje lære dei nynorsk med ei hestebok? Det er langt meir lystbetont å lese om noko ein er interessert i, enn å lese om Ivar Aasen, eller ein eller anna roman ein på død og liv må gjennom. Elise er innkjøpt som klasssett ved nokre skular no, og eg meiner, ja sjølvsagt meiner eg det, det er jo eg som har skrive boka, men at ein må gripe fatt i dei muligheter som finst for å få elevane til å lese. Og då gjerne også lese nynorsk. Og gjerne om hestar. Elise er først og fremst ei spenningsbok, men det er også ei hestebok, og ei nynorskbok. Og hest på nynorsk kan skape l...