Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra februar 2, 2010

Menneske eller bloggar?

Eg blir stadig konfrontert med at folk trur at eg er min blogg. AViken = A Vikens blogg. Dei trur også at AV-skribent = AV in person. Dette er ein plagsom rollemiks, men eg får den slengt på bordet titt og stadig, rett nok av folk som ikkje kjenner meg. Aldri av kjenningar. Dei ser person og retorikk i sammenheng, men på ein heilt anna måte enn dei som ikkje kjenner meg. Dette er sikkertnok naturlig, all den tid ein hekter på folk det ein veit om dei, men eg er altså ikkje min blogg. AV in person er ikkje lik AV bloggar, eller kva ein måtte tru. AV-skribent er heller ikkje lik AV in person. Min blogg er ei slags rolle, slik som andre tar på seg roller på ei scene eller ein går inn i jobb. Dette kan også seiast om mi skriveverksemd. Eg er eksempelvis heller ikkje "eg" i mine manus. Det er alt fiksjon, spel for galleri, roller ein går inn i. Eg vil gjerne fri meg frå desse rollene når eg går privat. Men eg er alltid like usikker på korleis eg skal angripe dette spørsmålet: er d

Om tiltakspakkar - kronikk frå Bergens Tidende

Sogn og Fjordane: ein bananrepublikk? Det siste Sogn og Fjordane treng er eit taparstempel som bidreg til å auke avstanden mellom by og bygd, mellom suksess og nederlag. Sogn og Fjordane slit med fråflytting og nedgang i folketal. No vil Høyanger Arbeiderparti, ifølge stortingsrepresentant Ingrid Heggø (Ap), sende inn eit forslag til Sogn og Fjordane Ap sitt årsmøte om ettergivelse av studielån for tilflyttarar. Slik vil dei bekjempe den dårlege folketalsutviklinga. Dette krisetiltaket inkluderer at unge som flyttar til fjordfylket i framtida kan få omgjort studielån til stipend. Tiltaket skal, om ein vel å gå inn for det, vere midlertidige inntil folketalet igjen bevegar seg i rett retning. Heggø var ute med forslaget i haustens valgkamp, og møtte då ein del motbør før det blei stille. Eit slikt tiltak har fleire slagsider, bør det bli gjenstand for ein brei debatt. Det er fleire spørsmål som er naturleg å stille: Kva er dei konkrete utfordringane for Sogn og Fjordane? Er det eit

Sogn og Fjordane - eit erklært B-samfunn?

Bygda skal for alltid forbli Bygda. Sogn og Fjordane har halde så fast på dette at dei er i ferd med å gå i hundane. Gubbane sit tett i tett på posisjonane, og tåka har lagt seg over samfunnsdebatten. Dei vil ikkje diskture kva ein skal gjere, og henfell til å skryte over kor fint dei har det, dei få som orkar å bu der, vel å merke. Det er jo stadig færre. Du skal ikkje ha andre parti enn Senterpartiet, du skal digge din Bunad, du skal skrive Nynorsk. Bygda skal vere som Bygda er. Sogn og Fjordane er landets siste bygd?? I mange år lulla seg inn i løgna om "annleisfylket". Det einaste som er annleis med Sogn og Fjordane, er at dei har landets dårlegaste folketalsutvikling. Ein har lyge så ein trudde det sjølve, og ingenting blei gjort då det begynte å skrante, for det har skranta lenge. Folketalet har stagnert, det har ikkje skjedd over natta, men dette er ikkje noko å snakke om. Det går trass alt ikkje nedover, seier dei og klør seg på vomma, dei middelaldrande gubbane som