Gå til hovedinnhold

Sogn og Fjordane - eit erklært B-samfunn?

Bygda skal for alltid forbli Bygda. Sogn og Fjordane har halde så fast på dette at dei er i ferd med å gå i hundane. Gubbane sit tett i tett på posisjonane, og tåka har lagt seg over samfunnsdebatten. Dei vil ikkje diskture kva ein skal gjere, og henfell til å skryte over kor fint dei har det, dei få som orkar å bu der, vel å merke. Det er jo stadig færre.

Du skal ikkje ha andre parti enn Senterpartiet, du skal digge din Bunad, du skal skrive Nynorsk. Bygda skal vere som Bygda er. Sogn og Fjordane er landets siste bygd??


I mange år lulla seg inn i løgna om "annleisfylket". Det einaste som er annleis med Sogn og Fjordane, er at dei har landets dårlegaste folketalsutvikling. Ein har lyge så ein trudde det sjølve, og ingenting blei gjort då det begynte å skrante, for det har skranta lenge.

Folketalet har stagnert, det har ikkje skjedd over natta, men dette er ikkje noko å snakke om. Det går trass alt ikkje nedover, seier dei og klør seg på vomma, dei middelaldrande gubbane som sit i styre og stell. Vi sit no godt, kvifor skal noko gjerast, spør dei og klør seg litt meir i skjegget. Skjegg er trass alt til for å klø seg i.

Sanningar må av og til seiast, men Sogn og Fjordane fortel deg alt anna: vi er framtidsfylket, seier dei og ein må nesten føle medynk med den naive optimismen. Det er flott å prøve, men kor langt kan ein kome når ein aldri maktar ta tyren ved horna?

"Sogn og Fjordane har en befolkning som av ulike grunner har vanskelig for å få så mye vekst framover. Utdanningsutviklingen er en hovedgrunn.”

Å ta tyren ved horna er å innsjå at dette er ein krisesituasjon og å våge og diskutere det. Men fylket er styrt av det som framstår som eit avdanka gubbevelde. Dei manglar både handlekraft og framtidsvisjonar. Aller mest ser dei ut til å mangle kompetanse.

"Fylket har landets eldste befolkning. Mellom 85 og 90 prosent av alle som tek høgare utdanning, kjem ikkje tilbake."

Må vi rett og slett endre bildet av Bygda, heve taket for kva Bygda kan vere og våge tørre å tenke nytt, sånn utover festivalar kvar sommar? Altså tenke nytt rundt Bygdas tradisjonelle verdiar? Er desse verdiane rett og slett for kvelande ute på Bygda i Sogn og Fjordane?

Nei, vi treng ikkje diskutere grunnleggande verdiar ved det norske, den norske Bygda. Dei er udiskutable, seier gubbane. Dette kan du diskutere i Byen, og om du er ueinig med oss, kan du bli i Byen. Bygdas verdiar skal du akseptere.

Du skal ikkje ha andre parti enn Senterpartiet, du skal digge din Bunad, du skal skrive Nynorsk.

Ein gong frå Bygda allltid frå Bygda. Du har å innfinne deg! Vi tilpassar oss ikkje. DU må tilpasse deg oss, ropar gubbane frå kontora sine der dei har samla støv rundt dei same feilslåtte strategiane i tretti år. Klam kaffeånde og trange Fylkesbåtane T-skjorter er antrekket. Aldersgrense femti år.

Kanskje er det difor så mange blir i Byen? Fordi dei ikkje gidd forhalde seg til kunnskapsløysa på Bygda? Eit frekt men høgst relevant spørsmål å stille.

Kvifor skal vi diskuter desse verdiane? spør dei og klør seg atter ein gong på vomma. Dei vil nemlig helst legge debatten død. Debatt vil uroe dei i kaffedrikkinga, dei gamle mennene i styre og stell. Vi sit då godt? seier dei og peikar på at dei har Moods of Norway, Pony the Pirate og Surferosa. Desse kjem då alle frå Sogn og Fjordane? Med jevne mellomrom poserer dei på bilete frå Sogn og Fjordane? Er ikkje det bra?

Problem: Pony og Surferosa held ikkje til i Sogn og Fjordane. Dei har alle reist, slik dei fleste med ambisjonar og høgare utdanning reiser frå Sogn og Fjordane for aldri å kome tilbake. Det blir dermed stakkarsleg å trekke fram desse som "bevis på at vi er bra nok som vi er". Alle desse er jo levande bevis på det motsette: Sogn og Fjordane er ikkje bra nok som det er. Sjølv om desse ein gong i blant reiser heim for å posere i flott natur, bur dei der ikkje. Ein ting er hykleriet og å leve på ei løgn, ein annan ting er å legge løgna til grunn for både samfunnsstyre, strategiar og politikk.

Gubbementaliteten som rockar livsløgna Sogn og Fjordane er ein trussel mot samfunnsutvikling.

Men ein er uansett sjølve godt nøgd med utviklinga. Sjå berre her: Sogn og Fjordane med sine enorme naturressursar, har blitt bakleksefylke nummer ein på Vestlandet. Noko er gale, men kva? Kan det ligge i mentaliteten: vi er gode nok som vi er, og vi vil ikkje forandre oss. Vi tar til takke med småtterier og difor er vi også nøgde med at folketalet berre stagnerer. Det stuper trass alt ikkje. Vi eig ikkje sjølvtillit. Er det difor vi ikkje taklar diskutere Bygdas verdiar? Blir det for vanskelig å innsjå at det ein har styrt etter i alle år, ikkje fungerer?

Vi har det fint vi som bur der, ropar dei frå idyllen, ein eller annan stad i det attgrodde landskapet. Her er det fredelig og rolig!
For til og med sauebestanden stuper i Sogn og Fjordane. Ingen gidd ete graset. Jungelen er i ferd med å bli eit faktum, men dette snakkar ein heller ikkje om. Ein trur visst på småskala landbruk og at vi alle kan leve av "Grøn omsorg" og turisme.
Du kan bli turistguide, seier dei.
Ja, eg med mine seks års høgare utdannelse. Nei takk.
Problem: der finst ikkje arbeid til høgt utdanna arbeidskraft.

Jammen vi blir jo omtalt i National Geographic: National Geographic skriv at dei lokale menneska ser ut til å trivast i det godt bevarte og opprinnelige landskap. Dei skriv også at den spreidde befolkninga ser ut til å vere bra for naturen. Lytt til National Geographic, seier dei og slår seg på vomma, nok ein gong. Ganske stolte denne gongen.

Kanskje er det difor så mange blir i Byen? Fordi dei ikkje har lyst til å bu midt i ein NG-feature, men i nærleiken av andre folk? Det eine fører til det andre. Flytter nokon, flyttar resten. Når folk flyttar, vert kvaliteten i lokalsamfunnet forringa fordi både offentlige og private tilbod vert nedbygde, fleire flyttar og ringen sluttar seg: ein får avfolkning.

Att sit gubbane, og dei sit godt. Bygda står for fall, og den fell for sine eigne.

Populære innlegg fra denne bloggen

Når den døde bestemora di spring etter deg på alle fire

Igår las eg den første barneboka eg har lese på lenge. Den handla om eit spøkelse, trudde eg, men det viste seg at det var eit romvesen. Det handla rett og slett om eit romvesen som sat fast i eit romskip nedi jorda under ei gran ute i skogen etter å ha krasja i ein skogbrann. Det vart heile tida hinta til at dette skumle sat fast, så eg tenkte det var ein vampyr som sat fast i ei kiste (Den vesle vampyren), eller eit lik eller noko som var levande begravd (murt inn i veggen). Så eg sat da å vente på ein vampyr, ein varulv eller eit realt spøkelse. Potensielt ein kjekk Twilight-type. Men no kjem det verste av alt (Eksorsisten). Vesenet tar knekken på bestemora medan jenta ser på. Bestemora slenger seg hit og dit i senga og blod renner og hovud sprekk. Og så kryp vesenet inn i den døde bestemora til hovedpersonen og får denne døde bestemorskroppen til å drive å springe etter hovedpersonen. Det er det verste eg har lese på lenge. Beinpiper og innmat og blod og springande døde bestemødre

Dødsdrift blant skrivande menneske

Korleis bli eit skrivande menneske: Du er ikkje så spesiell som du trur at du er, og om du ikkje jobbar hardt, kan du hive talentet ditt på båten. (Kommentaren stod på trykk i Dag og Tid 28.november). Tirsdag (25.november) var det litteraturdebatt på utestaden Blå i Oslo: " Litteratur på Blå har invitert en forfatter, en forelegger og en forfatterskolelærer for å snakke om forskjellige strategier for å bli et skrivende menneske. Går du med en spirende forfatter i magen, bør du få med deg denne kvelden." Vi som av ulike årsaker er interessert i litteratur, møtte opp, og lokalet vart etterkvart smekk fullt. Dagen etter skreiv ei venninne til meg: "Jeg fikk egentlig fullstendig angst da jeg kom på Blå i går. Det er jo akkurat som å se seg selv klonet hundre ganger." Det er ein skummel følelse å sjå seg sjølv sugd inn i den kulturelle undergrunnen, ned i eit miljø som i stor grad kretsar rundt seg sjølv og sin eigen akse, som tilber og dyrkar seg sjølv, men som ogs

Frå motkultur til mainstream medkultur

Etter at lesarbrevet mitt « Imageproblemet Sogn og Fjordane » stod på trykk i Firda 26. februar 2007, gjekk debatten om imaget til fylket heit i fleire månader. Sidan den gong har Sogn og Fjordane hatt næringslivsmesser i Noregs tre største byar kvart år, gitt ut eit reklamebilag for seg sjølv i Aftenposten 27. januar 2009, og Førde har fått tenketanken Førde Framover , for å nemne noko. Den skandaleomsuste Vest Tank-ramma Gulen kommune har tatt omdømebygging inn i fireårsplanen sin. Eg seier ikkje at dette har noko med bunadbrenning å gjere. Eg berre seier at det har skjedd. Det er bra, og fordi det er bra, er eg på den fjordomsuste næringslivsmessa denne kalde tysdagskvelden. Og spørsmålet som kretsar rundt i hovudet mitt, er dette: Kva vil Sogn og Fjordane vere? Imagebygging er vanskelige greier. Dette har Kommunal- og regionaldepartementet (KRD) skjønt. No tilbyr dei omdømeskule for norske kommunar som slit med omdømet, og for å gi oss litt bakteppe for kva KRD legg i omdømeb