Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra november 30, 2009

Ebba Haslund/ Berlin: djevleutdrivelse, mensblod og real shit-ekteskapsdrama

Ålreit. No er eg i Berlin for å skrive bok, eller det som kanskje skal bli ei bok med litt flaks. (Eg trur det er bestemt frå høgare hald at det skal bli bok). Uansett. Eg tok flyet til Berlin idag tidlig og hadde rota vekk adressa til kåken her i Kreutzberg. Greit nok. Den fekk eg tak i, men med min dårlige tysk (eg er virkelig ikkje glad i språk) klarte eg visstnok å fortelle ein av naboane her at eg skulle besøke ein venn som ikkje var heime før klokka ti over to. Gudane veit korleis eg fekk det til. Eg meinte egentlig å sei at eg hadde gått opp i feil oppgang, og at eg skulle til ein kåk på andre sida av bakgarden, men uansett. Mannen, som hadde 150 klokker i stua som tikka i takt - eg tuller ikkje- serverte kruttsterk kaffe mens eg venta på min venn (eg har ingen venn i Berlin??) som skulle komme klokka ti over to. Presis ti over to toga eg ut, full av kjeks og kaffe, og opp i femte etasje i Forster strasse i Kreutzberg. Her sitte eg no og skjønner ikkje heilt kvifor eg gidder å s