Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra august 8, 2013

Ein forfattars bekjenningar: den mykje lettare andreboka og skriveprosessen

Då eg var rundt ti år, bestemte eg meg for å bli forfattar. Min eigentlege plan var så å skrive poesi, så i 2010 gav eg ut boksingelen XXX, og brukte deretter mange sommartimar på ei svensk kyrkjetrapp der eg skreiv lange prosadikt om avstand som eg er sjeleglad aldri blei gitt ut.  Eg begynte å skrive på mi første barnebok, eg trur det var i 2009 etter å ha lese ei bok der Pitbull-Terje barberte ein puddel. Det var mange år sidan eg sist las ei barnebok, sikkert nær tjue, og eg vart oppriktig fasciner. Det som fascinerte var den likefram fortellarmåten der mykje er sagt og endå meir usagt, så enkelt men så elegant, og korleis dette skapar eit stort rom for assosiasjonar, også for meg som vaksen. Dermed kan eg kanskje takke Pitbull-Terje for at eg i desse dagar slepp mi andre barnebok, Elise og mysteriet på hesteklinikken . Trur eg.  Ideen til serien om Elise fekk eg fordi eg er utdanna dyrlege og ville lage ein spenningsserie frå dyrlegepraksis. Eg begynte umidde