Då eg var rundt ti år,
bestemte eg meg for å bli forfattar. Min eigentlege plan var så å skrive poesi,
så i 2010 gav eg ut boksingelen XXX, og brukte deretter mange sommartimar på ei
svensk kyrkjetrapp der eg skreiv lange prosadikt om avstand som eg er sjeleglad
aldri blei gitt ut.
Eg begynte å skrive på
mi første barnebok, eg trur det var i 2009 etter å ha lese ei bok der
Pitbull-Terje barberte ein puddel. Det var mange år sidan eg sist las ei
barnebok, sikkert nær tjue, og eg vart oppriktig fasciner. Det som fascinerte
var den likefram fortellarmåten der mykje er sagt og endå meir usagt, så enkelt
men så elegant, og korleis dette skapar eit stort rom for assosiasjonar, også
for meg som vaksen. Dermed kan eg kanskje takke Pitbull-Terje for at eg i desse
dagar slepp mi andre barnebok, Elise og
mysteriet på hesteklinikken. Trur eg.
Prosessen
All den tid eg tenkte
seriøst på å bli forfattar, forhøyrde eg meg blant mine dåverande
journalistkollegaer om gode barnebokredaktørar. Hausten 2010 sende ei
Facebook-melding til den utkåra redaktøren, avtalte ein kaffi og ho likte
ideen. Etter dette heldt eg fram med å levere utkast til Samlaget, nokre mindre
håplause enn andre, men sleit med å bygge plott og finne ein raud tråd. Det
første utkastet handla simpelten om ein flokk kyr som sprang ned ein bakke,
samt ein hardt skada hest i ei grøft, og eg hadde brukt rikeleg med sider på
skildringa. Eg skjønar den dag i dag ikkje at Elise og mysteriet med dei døde hestane i det heile kom til
trykken, eg var trass alt innretta på å skrive beatpoesi, men Samlaget må ha
sett eit eller anna brukbart inni tekstkaoset. Til slutt vart eg lut lei og la
manuset vekk i eit halvt år. I januar 2012 tok eg opp tråden, og gav meg sjølv
to veker. I to veker sat eg i ein sofa med beina på bordet og skreiv. Det var
to helvetesveker og mitt nag mot denne boka kjem det nok til å ta nokre år å
riste av seg. I periodar etter at boka var trykt måtte eg simpelten ha den
utanfor synsvidde. Første gong eg såg den i trykt versjon i august 2012 følte
eg ingenting. Tomt. Skulle det ikkje vere gøy å gi ut si første bok i harde
permar? Men eg er ikkje unormal. Mange beskriv den same følelsen når dei oppnår
det dei har streva etter. Er dette alt?
Ny strategi
Eg kikka på boka og
tenkte at dette måtte eg tenke over. Kvifor skrive bøker når eg kan skrive
debattartiklar? Av og til er ein så sta at det går over til tortur, men eg
hadde lært ein ting: når du skal skrive ein roman med plott, må du ha ein
strategi. Det hadde eg ikkje skikkeleg klart føre meg for bok ein. Historia
kjem ikkje berre ramlande ned frå himmelen etterkvart som du skriv, slik ein
finsk forfattar ein gong proklamerte frå scena på Litteratur på Blå. Kanskje
gjorde det det for han, kven veit, og det gjer det for meg på korte storyer,
men ikkje på eit heilt plott, tenkte eg.

Læringskurven

Då eg sette meg ned med
ideen til bok tre om Elise i mai
hadde eg eit ark med pennenotatar som skisserte handlinga sånn omtrent med eit
par skurkar, location og andre sentrale knaggar. Den detaljerte
kapitteloversikta som fanst på teiknebrettet for bok to, finst ikkje for bok
tre. Ei heller kartet. Handlinga har eg i hovudet. No har eg også lese meg opp
på krimplott og forsøkt å knekke plotta ned i bitar. Å studere andre sine manus
er veldig interessant.
Lesinga

Promotering og brandbygging
Eg er oppteken av kva
marknadsgrep som fungerer og interessert i å lage ein story rundt bøkene mine.
Nokre ting fungerer ikkje. Då dropper ein dei for framtida. Andre ting fungerer
godt. Det gjeld det same for marknadsføring som for skriving: ein må nytte
fantasien og lære av sine feil. I juni spelte vi inn deler av Elise-bøkene som
film med ekte dyrlegescener, kvite hestar og mørke kjellarar. Vi rigga til,
lånte dyrlegekoffertar og fylte medisinflasker med raud saft og henta inn
rollefigurar og hestar frå lokalmiljøet, og booka eit ekte kuslepp. Eg
inviterte pressa til filmsettet så dei kunne lage reportasjar. Det er trass alt
verdas einaste hestebokserie på nynorsk, og vi fekk ei rekke oppslag i både
nasjonalt, blant anna på NRKs Norge i dag, halve helgabilaget til Nationen,
dobbelside i Klassekampen, samt Vestlandsrevyen og fleire lokalaviser pluss
nett. Det var over
all forventning, og veldig gøy. Jo Nesbø – this is a challenge! Det
er plass til fleire forfattarar sommarstid. Ein må jo berre prøve seg fram. Det
verste som skjer erjo at ein lærer at eit grep ikkje fungerer. Då gjentek ein
det berre ikkje.

Elise og mysteriet på
hesteklinikken, Samlaget (2013)
Elise og mystieriet med
dei døde hestane, Samlaget (2012)
XXX, Flamme forlag
(2010)