Godt norsk. Det er godt, det er norsk. Punktum. Men er det eigentleg det? Høyr på Her og Nå på NRK P1 idag ca halv seks. Tema: kylling med saltvatn i. Underteikna deltar. Lat oss kikke på norsk søppelmat nummer ein, kylling. Kylling er dyr som vert behandla dårleg i alle ledd, frå dei er klekt til dei hamnar på ditt fat. Kylling er det nærmaste vi kjem levande søppel. Produsenten av kyllingar og avlsdyr som skal bli kyllingar produserer dyr som lir av kronisk svolt, veks frå organa sine og ikkje tåler eit liv i det fri. Dei er, kan vi enkelt sei, ødelagt av avl. Svoltkjensla er forstyrra. Bonden produserer levande søppel med låg dyrevelferd. Dårleg beinkvalitet, brannskader på kroppen grunna dårleg strø, bukhinnebetennelse som gjer at betennelsesvæska sprutar deg i ansiktet når du opner buken på den. Norske kyllingar er også avhengige av å få antibiotika i foret fram til eit par dagar før slakting. Dette kan skape resistens som i sin tur vert overført til den som e...