Ingrid Heggø (Ap) si heilomvending: i 2007 var ho MOT øko kompensasjon for unge, i år er ho for og får mot seg same retorikk som ho sjølv nytta i 2007
Er det noko Sogn og Fjordane ikkje treng no, så er det å spreia eit inntrykk av at me ikkje maktar å stå på eigne bein – at me er avhengige av eigne tiltakspakker for å overleva, skriv Jan Inge Fardal på leiarplass i Sogn Avis denne veka. Og vidare: "Det kan godt vera at intensjonen og meininga bak var den aller beste, likevel – Ingrid Heggø og Arbeiderpartiet sitt forslag om ei eiga tiltakspakke for Sogn og Fjordane på linje med pakkene til Finnmark og Nord-Troms er elendig. Ja, det er verre enn det, eit slikt forslag er med på å stakkarsleggjera dette fylket. " Og eg kunne vel ikkje ha vore meir einig: I 2007 skreiv eg noko av det same i innlegget " Og ut av gasståka kom børsen" som stod på trykk i Firda 9.oktober. Den gongen var det lokalvalg, og Trude Brosvik (Krf), ordførar i den Vest Tank-ramma kommunen Gulen, fremma forslag om økonomisk kompensasjon til unge som flytta til distriktet. Formelig ei undergangserklæring. For kven vil vere med på ei skute som synk...