Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra september 17, 2009

Slå eit slag for klima og miljø: ja til norsk sau.

Eg vil anbefale å ete norsk sauekjøt, samt å vere pro ein virkelighetsnær rovdyrpolitikk der ein innser at sau og ulv lever i ulike områder, samt at der ikkje finst norske bestandar av ulv og bjørn, men skandinaviske, og at desse veks, all den tid eit nei til produksjon av norsk sau på vår utmark, er eit ja til import av industrisau frå New Zealand, eller sau som står inne heile året i EU, eventuelt som går på hardt gjødsla innmark. Nordmenn vil ikkje slutte å ete sauekjøt. Dei vil importere. Å tru at ein bidreg til miljøet på ein positiv måte ved å sei nei til sau og ja til rovdyr, er ca like virkelighetsnært som å tru på nissen. Ein sau som ryddar vekk buskas og tre på eit tidlig vekststadie i skauen, held liv i fleire artar (kulturlandskapet) enn ein ulv i eit sauefritt område. Ulven er ein toppredator og hindar ikkje attgroing av landskapet med den påføring av skugge og deretter dårlige vekstforhold for planter osv. Og dersom du fortsatt meiner at der finst ein norsk bestand av bjø