Ein fantastisk interessant stad eg besøkte i sommar, er bokbyen i Fjærland. Bileta viser husa som husar bøkene, og litt av inventaret. Hit kom eg for å gjere eit intervju, og her vart eg verande i det lange og det breie for å handle og kjike på bøker, med der resultat eg kom ein del forseint til neste intervju kan du sei... I etterkant vart eg dei neste dagane sittande rett ned å lese i timesvis. Passa godt i sommarveret som har vore i Sunnfjord ein del av sommaren. Her fann eg ei kjent bok som eg må anbefale. Det er ei av dei aller mest interessante bøker eg har lese på all den tid. Min guru innanfor feminsme har til no vore Simone de Beauvoir og boka Det annet kjønn, men no segla Betty Friedan heftig opp på sidelinja med " Myten om kvinnen ". Den bokbyen er ei gullgruve. Biletet over viser tegneserieskuret. Her får du 12 fantomet for 100 kr. Det seier litt om prisen.. Her fann eg også fleire årgangar av bladet Sirene . Mora meg storvegs og har lest ut alle blada. No må e...