Gå til hovedinnhold

Betty Friedan og bokbyen i Fjærland

Ein fantastisk interessant stad eg besøkte i sommar, er bokbyen i Fjærland. Bileta viser husa som husar bøkene, og litt av inventaret. Hit kom eg for å gjere eit intervju, og her vart eg verande i det lange og det breie for å handle og kjike på bøker, med der resultat eg kom ein del forseint til neste intervju kan du sei... I etterkant vart eg dei neste dagane sittande rett ned å lese i timesvis. Passa godt i sommarveret som har vore i Sunnfjord ein del av sommaren.

Her fann eg ei kjent bok som eg må anbefale. Det er ei av dei aller mest interessante bøker eg har lese på all den tid. Min guru innanfor feminsme har til no vore Simone de Beauvoir og boka Det annet kjønn, men no segla Betty Friedan heftig opp på sidelinja med "Myten om kvinnen".

Den bokbyen er ei gullgruve. Biletet over viser tegneserieskuret. Her får du 12 fantomet for 100 kr. Det seier litt om prisen.. Her fann eg også fleire årgangar av bladet Sirene. Mora meg storvegs og har lest ut alle blada. No må eg kort sagt kontakte bokbyen for å bestille alle dei har der, eventuelt ein del av dei.

I dette lille skuret under sel dei teikneseriar. Om du prøver å prute på prisen, må du betale eit prutegebyr på 300 kr, det kan du sjå på plakaten over disken på det første bildet.
Her er bøker i ein oppussa fjøs. Det er kort sagt bygningar med bøker heile vegen i sentrum.
Og er du i Fjærland, treng du kaffe. Det kan du kjøpe på Mundal Hotel.

Om Sirene.

Populære innlegg fra denne bloggen

Når den døde bestemora di spring etter deg på alle fire

Igår las eg den første barneboka eg har lese på lenge. Den handla om eit spøkelse, trudde eg, men det viste seg at det var eit romvesen. Det handla rett og slett om eit romvesen som sat fast i eit romskip nedi jorda under ei gran ute i skogen etter å ha krasja i ein skogbrann. Det vart heile tida hinta til at dette skumle sat fast, så eg tenkte det var ein vampyr som sat fast i ei kiste (Den vesle vampyren), eller eit lik eller noko som var levande begravd (murt inn i veggen). Så eg sat da å vente på ein vampyr, ein varulv eller eit realt spøkelse. Potensielt ein kjekk Twilight-type. Men no kjem det verste av alt (Eksorsisten). Vesenet tar knekken på bestemora medan jenta ser på. Bestemora slenger seg hit og dit i senga og blod renner og hovud sprekk. Og så kryp vesenet inn i den døde bestemora til hovedpersonen og får denne døde bestemorskroppen til å drive å springe etter hovedpersonen. Det er det verste eg har lese på lenge. Beinpiper og innmat og blod og springande døde bestemødre ...

Faktafeil om eggproduksjon frå Matprat

Matprat påstår at levetid for høner er 70 veker. Dette er ein faktafeil. Deretter blir dei slakta og solgt som høns, skriv matprat. Dette er også ein faktafeil. Dei fleste høner blir gass  ihjel og etterpå brent.  Fakta er at verpehøner i industrielt verpehønshald blir slakta etter 70 veker. I naturen, eller om dei får sjansen, kan høner leve i opp mot ti år. Levetida er altså ganske mykje lenger enn matprats påståtte 70 veker. Slik Matprat framstiller det, kan det oppfattes som at høner blir slakta når deira levetid likevel er slutt. Dette er altså feil. Dei blir slakta lenge, lenge før. Verpehøner i industrielt fjørfehald har fått rugeeigenskapane sine bortavla. Dei kan altså ikkje formeire seg naturleg. Dei må rugast ut i rugemaskin. Høner i naturen ville lagt to tre fire kull med kyllingar per år, med rundt ti kyllingar i kvart. Det er ikkje naturleg for ei høne å verpe kvar dag, men gjennom avl har ein fått fram høner som verp seks egg i veka, og ein avlar...

Med døden på jobb. Farlege dyresjukdommar, dramatiske følger.

  I følge FN er 75 prosent av patogenene (virus, bakterier, sopp) som har dukka opp siste tiåret, zoonosar, altså sjukdomar som smittar mellom dyr og menneske. Eg havna som veterinær høsten 2011 oppi det størte miltbrannsutbrotet i Sverige etter andre verdskrig. Miltbrann, eller Anthrax, er ein zoonose, det vil sei ein sjukdom som smittar frå dyr til menneske. Eg trakk på meg verneutstyr og masker, og gjekk inn mellom stinkande kadaver for å leite etter ukoagulert blod og mangel på likstivheit, to av kjenneteikna ved miltbrannsdaude dyr. Aguer og tarm er hakka ut av ravnar, det renn blod. I blodet kan det finnast dødelege sporar. Eg kan sjølv bli sjuk. Det er uhyggelig og kan faktisk vere livsfarleg.  Les om miltbrann i Norge. Under ein sermoni i Roma erklærte FN Rinderpest, eller kvegpest, som offisielt utrydda.   Kvegpest spreidde seg med kveg som vart frakta med militæret og via handel med levande dyr. Den industrielle revolusjonen med oppfinninga a...