Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra februar 27, 2007

Imageproblemet Sogn og Fjordane

(Innlegget som var utgangspunkt for debatten om fylket sitt image i desse dagar er her gjengitt i si heiltheit. stod på trykk i Firda mandag 26.feb 2007). Eg skjønar ikkje kvifor fylket absolutt skal markedsføre seg som om det var ein kostymekoloni frå fortida. Det er på tide å tenne eit bunadsbål og slakte eit par fjordingmyter. Eg kjem frå Sogn og Fjordane, eg snakkar og skriv nynorsk, har ridd på fjording, eig ein Sunnfjordbunad og har ei sæter på heia med gras på taket. Eg lærte å danse folkedans på skulen, og voks opp på ein gard like ved ein fjord, ved foten av eit fjell. Sånn sett lever eg opp til alle klisjeane ein måtte ha om Noregs streitaste streitingfylke og folka der. Trivselsfylket, annleisfylket, Sogn og Fjordane, fjordafylket, verdas beste stad å bu ifølgje statestikken. Men for seks år sidan lot eg bunaden henge og flytta til Oslo. Det var på tide å skaffe seg høgare utdanning. No er eg høgt utdanna, eg har alt bunad, no søker eg jobb. Og sjølv om eg likar nasjon