Gå til hovedinnhold

Frå beite til bur: mitt innlegg om landbruk på Frp sitt fylkespartimøte i Sogn og Fjordane 30.januar 2011.



Frp har store ambisjonar på landbruksfronten så eg tenker kome med ein del landbrukspolitiske innspel.

Det finst ein ganske talande tittel på norsk landbrukspolitikk idag. Den lyder:


Eg gjer merksam på at eg ikkje er medlem av Frp eller noko anna politisk parti for den del.

Frå Beite til bur. 


Medan ein i regjeringsplattformen Soria Moria skriv at ein ønsker å auke bruken av beite i Norge, er dette langt frå kva som er praksis. Sanninga er at norsk landbruksproduksjon i stadig større grad vert flytta frå beite til bur. Produksjonen blir flytta frå gras og lokale forressursar til importert kraftfor. Produksjonen er flytta frå dyr som blir slept på beite til dyr som lever heile livet i bur eller i oppvarma innandørs hallar utan tilgang til dagslys. Eg snakkar om kylling, kalkun, verpehøns og gris. Desse dyreslaga, som lever på kraftfor og vatn, vert det produsert stadig meir av i Norge. 


I 2007 produserte vi i overkant av 56 millionar broilerkyllingar i Norge. I 2009 produserte vi i følge tal frå Statens landbruksforvaltning i underkant av seksti millionar. Produksjonen er aukande.


Produksjonen av kalkun aukar også. I 2007 var antal klekte kalkunar 1 093 791. I 2009 hadde talet stige til 1 388 003, i følge Norsk Fjørfelag.


Både kylling og kalkun er dyr som lever på kraftfor.


Ein stadig større andel av fôret som blir gitt til norske matproduserande husdyr, er produsert på industrielt landbruksareal i utlandet ved bruk av utanlandsk arbeidskraft. Dette utgjer 700 000 tonn importert fôr i året, tilsvarande 2,5 millionar dekar mark som vi beslaglegg utanfor Noregs grenser. Mykje av arbeidskrafta som produserer kraftfor på desse arela er underbetalt. Produksjonen er driven av, og prisane haldne nede, ved bruk av sosial dumping.


Ved å underbetale billeg arbeidskraft i utlandet kan ein også skvise norske bønder stadig lenger nedover i lønnsspiralen. På same tid står norske, reine utmarksbeiter tomme. Vi importerer lammekjøt frå New Zealand, eit land berykta for hasardiøst dyrehald på sauefronten. Dette vert av Senterpartiet og Bondelaget framhalde som ein suksess.


Det handlar om økonomi og utviklinga er, underleg nok, velsigna av Bondelaget og Senterpartiet som stikk norske bønder i ryggen for etterpå å få skryt for det. Det skal ikkje mykje til for å stille seg spørsmålet: er Bondelaget feige eller manglar dei berre grunnleggande innsikt i kva som foregår? Bondelaget manglar iallefall folk som kan snakke for seg.


Kvar har det blitt av begrepet norsk mat? At norsk kjøt er basert på gras og reine ressursar er ikkje lenger sant.


Arbeiderpartiet ønsker å fortsette landbrukspolitikken i same spor og Helga Pedersen ønsker ikkje å auke norsk matproduksjon. Pedersen meiner det er godt nok å halde produksjonen på dagens nivå. Eg kan vere einig med Pedersen i at det ikkje er hensiktsmessig å auke den norske produksjonen av kjøt dersom denne skal vere produksjon basert på næringane kalkun, kylling, gris og høner, dyr som har importerte stammødre og som lever på kraftfor frå Brasil. Då kan vi like godt importere kjøtet også. 


For midt oppe i alt pratet om matsikkerheit for Norge. Kva då med kraftforsikkerheit? Den dagen vi ikkje lenger får lov til å importere alt kraftforet vi treng for å fø opp desse burdyra, vil produksjonen kollapse. Det held ikkje at dyra befinn seg i Norge når maten deira må fraktast frå Brasil. Når ein tek høgde for kor mykje kraftfor Norge importerer, er vi nede i ein sjølvforsyningsgrad langt under femti prosent.


Og ikkje nok med det. Å satse på produksjon av kvitt kjøt, altså kylling og kalkun, medfører at ein satsar stort på dyr som slit med store velferdsmessige lidingar. Ein er på veg bort frå velferd for dyr all den tid ein stadig høgare andel av norske landbruksdyr slit med avlsbetinga og produksjonsbetinga lidingar. Særleg gjeld dette for kalkun, kylling, verpehøner og gris.


Ein har avla fram broilerkyllingar som berre kan få lov til å ete førti prosent av det dei hadde sett til livs om dei fekk fri tilgang til mat. Om dei fekk fri tilgang ville dei ha ete seg ihjel. Grunna matrestriksjonane går broilerkyllingane konstant svoltne frå klekking til slakting. Svoltkjensla fører til at velferden til desse kyllingane vert sterkt redusert. Kalkunar slit med ødelagde og degenererte hofteledd som gjer at dei bevegar seg langt mindre enn kva som er normalt.


Kvar har det blitt av norsk mat? Norske utmarksbeiter? Dei er bytt ut med kylling som lir av  kronisk svolt og kalkunar som knapt kan gå. Eg håper ikkje at dette er ei utvikling Frp tenker støtte.

På same tid blir krava til hald av husdyr stadig tøffare. Vi har per dags dato ikkje krav til beitegang for kyr som lever i lausdriftsfjøs, men i 2013 vil dette vere på plass og det vil bli krav om åtte vekers utegang for alle kyr. Enda tøffare krav er på trappene og det kan bli soneinndelte krav om både tolv og seksten vekers utegang for melkekyr. Dette er bra. Norge ligg langt bak land som er naturleg å samanlikne oss med. 

Eksempelvis Sverige der ein, avhengig av region, har krav til to, tre eller fire månaders utegang for melkekyr.

Tøffare krav til hald av husdyr vil i andre omgang gjere det vanskeleg å drive i store einingar. Korleis tenker ein seg at ein bonde med fem hundre kyr skal få alle kyrne ut og inn kvar kveld og kvar morgon til melking? Tøffare krav kombinert med stadig større bruk vil bli ei utfordring. Dette kan bli eit problem når Frp ønsker fri konkurranseutsetting.


På same tid set forbrukarane stadig større krav. Idag har vi massiv motstand mot pelsdyrnæringa.



Eg vil oppfordre FrP til å gå inn for å avvikle pelsnæringa, ikkje berre fjerne subsidiene. Dette vil vere eit framtidsretta tiltak. Frp sitt argument om at pels vil bli produsert i andre land om vi ikkje produserer det i Norge, er ikkje eit godt argument.


Eit argument som har vore framme er at Russland produserer pels. Difor kan også vi gjere dette. Problem: ein kan ikkje samanlikne norsk pelsdyroppdrett med russisk eller kinesisk. Norge er eit velferdssamfunn og vi ønsker oss kompetansebaserte næringar.


Ein må sjå landbruket i kontekst av det samfunnet det eksisterer i. I Norge vil kutt i statlege subsidiar, eventuelt eit forbod mot pelsoppdrett eller ei hard innstramming av regelverket, på kort tid kunne strupe pelsbransjen. Oppdrettarane vil kunne finne andre inntektsgrunnlag og bli tatt vare på av velferdssamfunnet. Dette vil sjå ganske annleis ut i Russland. Kor tøffe krav ein kan stille til dyrevelferd heng tett saman med eit lands velferdsnivå. Eg vil oppfordre FrP til å fortsette sitt arbeid mot at pelsnæringa skal få statlege overføringar.


Gamal næring. Enkelte argumenterer med at «pelsnæringa er ei gamal næring». Difor må ein få fortsette. Men vår kunnskap om dyr i fangenskap slår idag fast at hald av ville dyr i bur ikkje er forsvarleg.





FrP sentralt er skuffet over at de øvrige partier på Stortinget ikke har tatt et oppgjør med en landbrukspolitikk som er langt fra å nå målsettingene som er satt knyttet til bosetting, sysselsetting og inntektsnivå.

Der er vi einige, sjølv om eg ikkje har stemt og vel neppe kjem til å stemme Frp ved neste valg.

Arbeiderpartiets stortingsrepresentant Terje Lien Aasland skriv i ein kronikk i Nationen 25.januar at  dei ønsker å styrke rekrutteringa til landbruket, men ingenting om korleis dei skal gjere det.


Her er ei rekke problemstillingar å ta tak i. Eg har teke føre meg nokre få punkt.


Punkt ein: gjenreis fulltidsbonden. Deltidsbonden er ikkje ideelt verken med tanke på kvalitet eller at næringa skal framstå og vere ei profesjonell næring der folk kan ha sitt arbeid og virke og hente si inntekt. Kor mange andre yrkesgrupper er det som vert forventa å arbeide som deltid med ein full jobb på si?

Ein må gjenreise bondeyrket som eit fulltidsyrke med den sjølvrespekten det medfører. Dette vil i sin tur gjere yrket meir attraktivt for unge mennesker.


Punkt to: opphev odelsretten.

Odelsretten bidreg til å brakklegge norske bygder. Det skal ikkje ligge i genene dine korvidt du skal få tilgang til ein landbrukseigedom eller ikkje. Det bør ligge i dine interesser og i ditt yrkesvalg.


For nokre få år sidan vart det i regi av Norges Bygdekvinnelag ringt rundt til eigarar av fråflytta gardar på Veitastrond i Luster kommune i Sogn og Fjordane. Spørsmålet var om nokon av desse kunne tenke seg å selge garden. Årsaka til at ein ringde, er at mange var på utkikk etter ein gard, men gardar var vanskelige å få tak i. På same tid stod ei rekke gardar tomme. Luster ønskte seg også fleire tilflyttarar, og mange som flyttar til bygda, flyttar berre om dei finn seg ein gard.

Men ingen ville selge. Årsak: gardane høyrde til i slekta, var tatt på odel og skulle forbli i slekta som feriehus.

Historia er ikkje eineståande. Det er mange som leitar etter gard til salgs, og jakta kan ta år og dag. Mykje av årsaka er den genetisk betinga tilgangen til feriehus med land rundt.


Slik bidreg odelsretten til at gardar står tomme og bygder blir avfolka. Om folk flyttar, forringar ein kvaliteten av lokalsamfunnet. Færre folk betyr i sin tur til nedbygging av både private og offentlige servicetilbod som skular, barnehagar og fritidstilbod.


Eg har odelsrett. Den vant eg i genlotteriet.


Odelsmand og Jorddrot er næst til at besidde den Jord hand ejer, eller have Lod til, heller end nogen Fremmet, står det i I Christian V's lovbok frå 15. april 1687. Den skulle beskytte folks rett til eiga jord. Men idag, i 2010, svelt du ikkje ihjel om garden ikkje forblir på dine hender. Det er heller omvendt. Som bonde går du for lut og kaldt vatn med ei gjennomsnittleg årslønn på 200 000 for nærast å arbeide døgnet rundt. Gard er ingen lukrativ bissniss. Så kva skal eg med odelsrett etter? 


Jo, eg har to alternativ. Det eine er å bli bonde, jobbe meg til døde for småpengar og sjå langt etter fritid og andre frynsegoder. Eg må leve eit liv der eg vert hersa med av alt frå Nortura til den norske stat og forbrukarar, leve underbetalt og utnytta, står lågt på rangstigen i samfunnet, og ligg lagelig til for hogg frå alt og alle. Det andre alternativet er å bruke garden som ein lukrativ feriestad. Der finst nok av smutthol i regelverket. Her kan eg halde store festar, sole meg i hagen og ha med meg mange gjestar. 


Odelsretten står i sterk kontrast til slagord som «heile landet i bruk», «bevaring av spreidd busetnad» og «bevaring av kulturlandskapet». Den står også i sterk kontrast med solidaritetsprinsippet i norsk landbruk, og er antisolidarisk med det globale behovet for matproduksjon.  Alternativet kan vere regulerte takstar på landbrukseigedomar slik at du ikkje treng vere verken millionær eller vinnar i genlotteriet for å få deg ein gard.

Ei oppheving av odelsretten vil kreve ei endring av grunnlova, og det er på høg tid å gjennomføre denne endringa. Argumenta er gode. Verda står overfor klimakrise og matvarekrise, medan Norge fortsett held på lovfesta rettar mynta på eit middeladersamfunn. Det er ikkje verken framtidsretta eller berekraftig.




«FrP mener det eksisterende sosialistiske jordbruksavtalesystemet, hvor produsentene styres av utdaterte tilskudds- og reguleringsordninger, skal erstattes av et markedsbasert konkurransesystem.»



Eg er ganske sikker i mi sak når eg seier at om det blir fri konkurranseutsetting av norsk landbruk, der vi i tillegg får konkurranse frå utlandet, så vil det ikkje bli att særleg mykje landbruk i Norge. Det kjem også an på kva slags landbruk det er FrP ønsker seg. Om dei ønsker seg eit landbruk der maks produksjon utan hensyn til etikk og miljø skal vere målet eller om dei ønsker seg eit landbruk som er i tråd med dei stadig hardare krava som kjem til å kome frå fagmyndigheter og forbrukarar. Det er usikkert om eit landbruk i fri konkurranse vil ha råd til å tilpasse seg dei tøffe krava til hald av husdyr som vil og bør kome. 


Eg har hatt praksis som veterinær i USA. Etikk er eit ord som ikkje finst. Her er det industri og det er svært brutalt.


For åtte år sidan gjorde eg ei meir eller mindre vellukka dannelsesreise til ein melkefarm i USA.

Og fordi dei færraste her heime ser ut til å ha vore ute, skal eg fortelle dykk nokre historier om korleis kjøt blir produsert. Dette er normen. Etikk drit vi i. Forestill dykk vassen kumøkk, diare som sprutar over alt, alle kyrne har fått halen fjerna med gummistrikk-metoden (kutt blodtilførsel, halen fell av) og at mange har store problem med å bevege seg normalt. Dei krummar ryggen medan dei vaggar sakte bortover på ømme bein. Bak dei går ein mann med stokk og ropar. På alle kantar er det maskinlydar og trucks. Temperaturane er over førti grader, det er så varmt at kyrne ikkje maktar ete nok i forhold til kor mykje dei melkar. Dei lir i stor grad av underskot på energi, noko som fører til at appetitten synk enda meir. 


Alle sjuke kyr vert fanga, bundne fast og får ein liter dextrose, eller sukkervatn, rett i blodet. Mange er så oppstukne på halsen etter sprøyter at der knapt er stadar att å stikke.


Farmen, som har 2 500 melkekyr, er tilknytt eit universitet som utdannar veterinærar.

Tre gongar kvar dag vaggar dei 2 500 kyrne på rekke og rad fram til melkegrava der dei vert melka. Når kyrne nærmar seg melkegrava, går eit straumførande grind ned bak dei. Kvar gong ein ny pulje skal inn i grava, høyrer ein lyden tut-tut, alle kyrne trykker seg framover medan gjerdet bevegar seg framover og gir dei elektriske støt i halane.


Ei av kyrne begynner brått å springe ukontrollert framover, den krasjar inn i veggen og dett i bakken. Hjartestans. Det same hender neste dag. Kvar tiande dag blir alle kyrne sprøyta med melkehormon. Det er mi oppgåve å stikke kyrne. Eg stikk tusenvis av kyr på bogen, ved halen, på halsen. Kyrne her kan melke fleire år i strekk. Dette er ikkje normalt. Dei må inseminiserast rundt ti gonger før dei blir drektige. Årsaka til den elendige fruktbarheita er høgt stress og eit enormt produksjonspress.


Produksjonen per ku er her omtrent det doble av i Norge. Antal celler i melka så høgt at den her i Norge ville ha blitt nedklassa eller ein hadde fått forbod mot å levere den til meieriet. Fleire av kyrne har kroniske infeksjonssjudomar. Johne’s disease, eller paratuberkulose, sprer seg frå mor til kalv. Når kyrne er nokre få år gamle, slår den ut. Dyra visnar gradvis vekk og dør. Dei går som skuggar i fjøsen. Ein held dei i live til dei ikkje lenger kan brukast til noko.


Mitt liv som ku hadde neppe vorte langt. Eg hadde lagt meg ned i driten og daua. Fleire kyr gjer nett dette. Fleire ligg strekk ut på betongen og greier ikkje reise seg. Folk gir dei drabelige spark når dei går forbi. Ei ku er berre ei ku. Den har ingen verdi. Ein dag køyrer dei ho ut med gaffeltrøkk og dumpar ho inn i ein lastebil. Ho rullar kast i kast innover i bilen. Så forsvinn ho til Mac Donalds. 


Fleire kyr vert haldne i live som levande skjellett. Beingrinder med tynt skinn på, håra avskalla i store områder, ligg strekk ut i sjukebingen. Beina er bundne saman med tau. Dei greier ikkje ete, ikkje drikke. Her ligg dei og ventar på at medisinane dei er behandla med skal gå ut av kroppen slik at dei kan løftast opp av ein gaffeltruck og tippast inn i ein lastebil og serverast på Mac Donalds. Vi menneske skal ikkje ete mat med medisinrestar i. Fleire av dei stryk med. Skrottane vert dumpa.


Hadde denne farmen vore i Norge, hadde den vore politianmeldt og stengt, men her i Wisconsin er den ein suksess. Den er ein internasjonal big bissniss-supersuksess. Dette er det landbruket Frp ber om dersom dei ønsker seg fri konkurranseutsetting i landbruket. Med mindre ein på same tid greier halde tøffe krav til landbruket om høg dyrevelferd.


Virkeligheten der ute er langt, langt verre enn vi er i stand til å forestille oss, her vi sit skjerma bak våre rosemalte fjøsdører og gradvis undergrev vår eigen matproduksjon. Virkeligheten kallar der ute, men sittande regjerings landbrukspolitikk med den logrande dvergpuddelen Bondelaget på slep, er ei oppvisning i mangelfull forståing for den globale utviklinga vi befinn oss i der eit stadig meir konkurranseprega, effektivisert og markedsorientert landbruk bevegar seg mot ei bestialisering vi aldri før har sett makan til. Ønsker dei å legge norsk landbruk brakk til fordel for denne forma for uetisk og brutal matproduksjon som på sikt vil true både human og animal helse?


I USA er mine amerikanske venner i ferd med å bli multinasjonale. Eg er ikkje naiv. Dette toget kan vi neppe stoppe, men vi kan, ved å oppretthalde eigen matproduksjon, unngå å måtte importere mat produsert under slike forhold. Men det krev politisk vilje og vågemot, samt eit langt høgare kunnskapsnivå enn vår rødgrøne regjering ser ut til å inneha. Om vi ser til Sverige, der eg sjölv köyrer stordyrpraksis, rasar antal melkebruk nedover og bruka vert stadig större. Strukturrasjonaliseringa Brekk jobbar for i Norge, og industrialiseringa som på sikt vil bli konsekvensane, er ikkje noko pent syn. Etikk vil snart vere eit framandord i landbruket. 

Her har vi noko å lære av Sverige.


Eg har kjørt praksis som veterinær i Sverige med melkekyr.

Men i Sverige er det også slik at landbrukseigedomar blir solgt på den frie marknaden. Det fører til svært høge prisar og mange vert pressa ut av markedet. Andre igjen kjøper opp stadig fleire eigedommar og dei store vert større.


Men medan storskala landbruk i USA var synonymt med dyremishandling, er krava til hald av storfe i Sverige tøffare enn i Norge på same tid som besetningane er langt større.


I Norge blir vårt gulblå naboland stadig trekt fram som eit eksempel på kor gale det kan gå i landbruket. Dette er heilt sant, men vi treng ikkje sjå til Sverige for å observere fenomenet. Vi kan studere vårt eige land.
    Riksrevisjonen la i vår fram ein rapport som viser at det er stor avstand mellom norsk landbrukspolitikk og det som skjer i praksis. Men påstått politikk er å bevare landbruket, er praksisen ganske annleis.

Landbruks- og matdepartementet (LMD) har uklar mål for kva dei vil med landbrukspolitikken, og i den grad dei har mål, blir desse stort sett ikkje nådd. Derimot går utviklinga i motsett retning. Dette utan at ein informerer Stortinget. 

    Det faktum at norsk landbruk går på ned, blir benekta av Lars Peder Brekk (Sp) og LMD. I staden fortset Brekk å vise til Sverige som eit eksempel på kor gale det kan gå når han skal argumentere mot blant andre forskar Svenn Arne Lie i Nationen 4.juni i år. Det er ei oppvisning manglande konstekstkunnskap. Dei sist tjuefem åra har antal jordbruksbedrifter i Norge blitt redusert med 65 prosent.


Då eg kom til Sverige, venta eg meg industri og langt tøffare forhold for dyra, men møtte flokkar  av kyr på beite. Landbruket er verre stilt i Norge enn i Sverige.


Dyrevelferden i Sverige er på eit ganske anna nivå enn den eg såg i USA. No har eg ikkje sett alle verdas gardar, men konklusjonen er klar: big bissniss og dyrevelferd går altså an å kombinere.

    Jo større bonden er, jo meir profesjonelt kan han forvalte sine ressursar. Ein fulltidsbonde med hundre kyr tileignar seg meir erfaring over tid enn ein deltidsbonde med femten. Han har folk til å hjelpe seg, han slepp gå på jobb åtte timar om dagen. Dyra treng ikkje stå utan tilsyn medan bonden er på arbeid, noko som er eit dyrevelferdsmessig dilemma i deltidslandbruket. Eg vil heller ha ein fulltidsbonde med femti kyr enn ein deltidsbonde med fem. Som veterinær opplevde eg å møte dyktige fulltidsbønder. Eg vart ikkje, som mine norske kollegaer som praktiserar i Norge, møtt med post it lappar med nummeret på kua og desillusjonerte bønder. Medan kollegaer i den norske felten fortel om falleferdige skitne fjøs, såg eg aldri noko til dette i mitt distrikt i Sverige.


Derimot merka eg som veterinær i Sverige den elendige økonomien i landbruket. Eg har med min beste vilje ingen forståelse for kvifor ein ønsker å vanskjøtte landbruket på denne måten. Det einaste ein oppnår er redusert kvalitet og tap av verdiar.

Eg skal fortelle om eit par episodar.


Medan ei flaske oppvaskmiddel kostar 15 kroner, kostar det raskt 2 500 kroner å få veterinæren til gards. Episoden er ikkje uvanleg. Den elendige økonomien i landbruket fører til ei rekke slike oppringingar. Andre igjen ringer ikkje. Dei skyt eller avventar medan dyret lir. Av økonomiske årsaker.
    Klokka er seks om morgonen. Telefonen ringer. Det er ein økologisk kubonde. Han har ei ku med melkefeber, altså kalkmangel. Den kalva igår. No ligg den nede og greier ikkje reise seg.
     Kom når vakttida er over. Då er det mykje billegare å få deg ut hit, seier bonden.
    Vakttid er det fram til klokka sju. Ei ku som har melkefeber, slik denne kua har, kan stryke med i løpet av ein time. Men denne kua ligg i brystleie. Den har ikkje gått ned i sideleie enda. Vi har tida på oss til å vente. Når eg kjem fram,  var det snakk om minutt før kua var daud. Den overlevde, men døde nesten framfor auga på oss fordi ein skulle spare pengar.
    Dette handlar ikkje om gjerrige bønder. Dette handlar om landbrukets elendige økonomi. Det er store etiske problemstillingar knytt til økonomi og dyrevelferden i landbruket, men ein høyrer sjeldan eller aldri om dei dyra som lid i utrengsmål på grunn av at bonden ikkje har råd til å ringe veterinæren. Veterinærar som opererer ute i felten, og som er dei som best veit kva som foregår, teier i offentleg debatt. Verdifull informasjon om tilstanden slepp aldri ut.

Ein annan bonde hadde ei ku som sannsynlegvis leid av ein indre svulst eller noko. Vi veit ikkje. Eg spurde om eg fekk lov til å sjå på kua når eg først var der. Eg hadde nett sett på ei anna ku.
    Nei, sa bonden. Det kostar for mykje at du ser på den.'

    Eg tek inga betaling, sa eg. Kors på halsen.
    Då tok bonden meg med til kua som låg nede. Eg undersøkte den utan vederlag.
    Etterpå kom eg til ei ny ku som låg utanfor ei anna fjøsdør. Ein hadde venta for lenge over vakttid med å ringe veterinæren. Den greide ikkje drikke. Kua låg i fleire timar med store ubehag. Av økonomiske årsaker. Andre bønder igjen tyr til reseptfrie humanmedisinar, som gir ukjente restkonsentrasjonar i kjøt og melk, fordi medisin frå veterinæren er for dyrt.
    Det eg fortel om her, er kvardag, ikkje unntak. Pasientane i denne teksten er både økologiske og konvensjonelle. Vi har kunnskapen som trengs for å halde ei høg dyrevelferd. Kvifor finst der ingen politisk vilje til å drive eit etisk forsvarleg hald av dyr i landbruket?
    Eg stiller eit heilt enkelt spørsmål. Er det slik vi vil ha det? Eg kjenner ikkje til om tilstanden er likeeins i Norge.

Eg trur det handlar om stor kompetansemangel og mangel på praktisk realitetsorientering blant dei som sit i styre og stell innanfor landbruket. Samt også, i Norge, stor mangel på internasjonal kunnskap om landbruk i andre land og korleis det har utvikla seg der.

--

Eit anna prosjekt som kan vere interessant for dykk å vite litt om, er slakteriprosjektet til NORAD som Nortura er involvert i i Uganda. Dette var eg så heldig å få besøke før jul.


Det var svært interessant. Ein del stemmer i Norge har kritisert Norge for å ikkje importere kjøt frå MUL-land, minst utvikla land, som Uganda, men det har sine årsaker. Dei slit med store problem med Munn og Klauvsjuke. Det er over alt. Dei manglar slakteri. Slakteria i Kampala var ikkje i nærleiken av å tilfredstille knapt eit einaste krav på eit norsk slakteri. 


Uganda har eit fantastisk potensiale for produksjon av kjøt, men manglar i stor grad bissnissmentaliteten. Dyrevelferden er svært låg og slakteprosessen grotesk etter vår standard. Det er halalslakt med mansjete på golvet. 


Uganda manglar protein til si eiga befolkning. Skal eit land som slit med sjølvforsyning tilpasse sine bønder til europeisk standard for så å eksportere maten sin til oss når eiga befolkning går til sengs utan mat? Kva med å først utvike ein kjøtproduserande sektor som produserer for eige land? Innvendinga mot dette er sjølvsagt økonomien. Ein ønsker å eksportere til Europa fordi ein vil ha ein høgare kilopris for kjøtet. Men dette er noko å tenke på for oss når vi planlegg vår landbrukspolitikk her heime. 



Vi kan faktisk ikkje forvente oss at vi skal kunne importere den maten vi treng frå ein annan stad, eit anna land. Når middeklassen i ei rekke utviklingsland veks, vil den sjølv beslaglegge lands produksjon av mat. Eksempelvis i India, også i Uganda. Etterkvart som ei rekke tidlegare og noverande utviklingsland får sin eigen middel- og overklasse, vil deira eige heimemarked kreve stadig meir og større forsyningar av eksempelvis kjøt. Kvifor skal dei då selge til oss? Europa er ikkje så lukrativt lenger. Vi må faktisk produsere maten vår sjølv om vi vil ha den.

--


Nestleiar i Ap, Helga Pedersen, har som sagt levert ein uttalelse om at norsk matproduksjon ikkje skal aukast men haldast på dagens nivå. Den viktigaste begrunninga for å oppretthalde norsk landbruk er rolla landbruket har i å oppretthalde distriktsbusetning, sa Pedersen. Men Pedersen må ha gått glipp av eit par ting. Landbruket er ikkje lenger ei veldig viktig distriktsnæring. Den tid er forbi i store delar av landet. Landbruk, i vår tid, er viktig i seg sjølv i ein global kontekst der vi på sikt kan kome til å oppleve alvorleg mangel på mat. Det handlar om nasjonal matsikkerheit og det handlar om global matsikkerheit. Det kan sjå ut til at Pedersen kun er nestleiar fordi dei ikkje har funne nokon andre. 


Men det er ikkje berre der det skurrar. Vi produserer økologisk mat i Norge, men importerer økologisk kraftfor frå den andre sida av kloden fordi norsk økologisk kraftfor ikkje er å få tak i. Kva er dette slags miljøtankegang? Paradoksa står tett i kø. Eg ser gjerne at FrP engasjerer seg for å få eit tøffare regelverk for kva ein kan få lov til å kalle for økologisk produksjon her i Norge, samt at Frp set fokus på dei halselause karantenereglane med påbod om doble karenstider ved medikamentell behandling av husdyr som per dags dato finst i Debio sitt regelverk for hald av økologiske landbruksdyr. 


Eg har ingenting imot økologisk landbruk, men eg har noko imot regelverket for hald av økologiske landbruksdyr, og dette kan vere ei sak for Frp å sjå på om dei vil betre seriøsiteten og auke inntektene i landbruket. Fjern dei doble karenstidene ved antibiotikabehandling av landbruksdyr. Dei påfører bonden ekstra kostnader, gjer han ergo mindre konkurransedyktig og kan føre til at dyr ikkje får behandling.


Det er også interessant å sjå på om økologisk landbruk faktisk er betre for miljøet eller ikkje. Per idag er økologisk ei politisk målsetning i Norge for å demme opp for import av økologiske produkt og tap av markedsandelar og det blir sett store spørsmålsteikn ved om det faktisk er meir miljøvennleg. Eg kan fortelle om forskarar som har blitt kalt inn på teppet av Lars Peder Brekk og har fått store problemer i etterkant av å ha publisert forskningsresultat som viser at økologisk landbruk ikkje er betre for miljøet enn konvensonelt.

Eg meiner det er viktig, av hensyn til både miljø, bonden sjølv og konsumenten at vi får reelle økologiske landbruksprodukt og at ein vel den forma for landbruksproduksjon som er best for miljø, folk og fe uavhengig av merkelapp. Med dette meiner eg ikkje å sei nei til økologisk landbruk men ja til eit kritisk fokus.



SKALA



Skala treng ikkje påverke dyrevelferden. Det er ei myte at småskalabønder er betre forvaltarar. Det som tel er kvalitet. Eg ser ingen grunn til å forsvare deltidsbonden. (Med deltidsbonde definerer eg ein person som er tvinga til å ta seg arbeid ved sida av garden for å overleve. Med hobbybonde definerer eg folk som driv med landbruk som ein hobby utan intensjon om å leve av det). Eg vil ha fulltidsbønder og kvalitet i produksjon, men dette kan ikkje foregå innanfor rammene av fri konkurranse, vel og merke om vi ønsker å oppretthalde landbruk i Norge. Iallefall i Sogn og Fjordane. Om vi i kombinasjon med fri konkurranse skal ha matproduksjon av høg etisk og miljømessig forsvarlig kvalitet, må ein ha tøffe krav og reglar for hald av husdyr og for produksjonen. Då kan storskala fungere like godt som småskala i praksis.


Om Frp set fri konkurranse ut i praksis, vil FrP bli partiet som utsletta norsk matproduksjon. Det er eit lite kledelig ettermæle i ei tid med store globale utfordringar vedrørande produksjon av mat.

Populære innlegg fra denne bloggen

Når den døde bestemora di spring etter deg på alle fire

Igår las eg den første barneboka eg har lese på lenge. Den handla om eit spøkelse, trudde eg, men det viste seg at det var eit romvesen. Det handla rett og slett om eit romvesen som sat fast i eit romskip nedi jorda under ei gran ute i skogen etter å ha krasja i ein skogbrann. Det vart heile tida hinta til at dette skumle sat fast, så eg tenkte det var ein vampyr som sat fast i ei kiste (Den vesle vampyren), eller eit lik eller noko som var levande begravd (murt inn i veggen). Så eg sat da å vente på ein vampyr, ein varulv eller eit realt spøkelse. Potensielt ein kjekk Twilight-type. Men no kjem det verste av alt (Eksorsisten). Vesenet tar knekken på bestemora medan jenta ser på. Bestemora slenger seg hit og dit i senga og blod renner og hovud sprekk. Og så kryp vesenet inn i den døde bestemora til hovedpersonen og får denne døde bestemorskroppen til å drive å springe etter hovedpersonen. Det er det verste eg har lese på lenge. Beinpiper og innmat og blod og springande døde bestemødre

Dødsdrift blant skrivande menneske

Korleis bli eit skrivande menneske: Du er ikkje så spesiell som du trur at du er, og om du ikkje jobbar hardt, kan du hive talentet ditt på båten. (Kommentaren stod på trykk i Dag og Tid 28.november). Tirsdag (25.november) var det litteraturdebatt på utestaden Blå i Oslo: " Litteratur på Blå har invitert en forfatter, en forelegger og en forfatterskolelærer for å snakke om forskjellige strategier for å bli et skrivende menneske. Går du med en spirende forfatter i magen, bør du få med deg denne kvelden." Vi som av ulike årsaker er interessert i litteratur, møtte opp, og lokalet vart etterkvart smekk fullt. Dagen etter skreiv ei venninne til meg: "Jeg fikk egentlig fullstendig angst da jeg kom på Blå i går. Det er jo akkurat som å se seg selv klonet hundre ganger." Det er ein skummel følelse å sjå seg sjølv sugd inn i den kulturelle undergrunnen, ned i eit miljø som i stor grad kretsar rundt seg sjølv og sin eigen akse, som tilber og dyrkar seg sjølv, men som ogs

Frå motkultur til mainstream medkultur

Etter at lesarbrevet mitt « Imageproblemet Sogn og Fjordane » stod på trykk i Firda 26. februar 2007, gjekk debatten om imaget til fylket heit i fleire månader. Sidan den gong har Sogn og Fjordane hatt næringslivsmesser i Noregs tre største byar kvart år, gitt ut eit reklamebilag for seg sjølv i Aftenposten 27. januar 2009, og Førde har fått tenketanken Førde Framover , for å nemne noko. Den skandaleomsuste Vest Tank-ramma Gulen kommune har tatt omdømebygging inn i fireårsplanen sin. Eg seier ikkje at dette har noko med bunadbrenning å gjere. Eg berre seier at det har skjedd. Det er bra, og fordi det er bra, er eg på den fjordomsuste næringslivsmessa denne kalde tysdagskvelden. Og spørsmålet som kretsar rundt i hovudet mitt, er dette: Kva vil Sogn og Fjordane vere? Imagebygging er vanskelige greier. Dette har Kommunal- og regionaldepartementet (KRD) skjønt. No tilbyr dei omdømeskule for norske kommunar som slit med omdømet, og for å gi oss litt bakteppe for kva KRD legg i omdømeb