Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra mars 9, 2013

Babettes gjestebud - bygda møter fransk gourmet

Når bygda møter det nye, kjem den konservatismen fram. Det blir god humor, eller satire, men mest av alt er det faktisk realiteten som slår oss i ansiktet.  8.mars dro vi til Dale for å sjå Babettes gjestebud på Ungdomshuset Trudvang. Babettes gjestebud   av Karen Blixen. Regi: Terje Strømdahl. På bildet: Thea Stabell. Alle foto: Gisle Bjørneby. Stykket går på Nationaltheatret. Det må eg sei. Det er sjeldan kost med slikt kvalitetsteater på bygda. Før måtte vi nøye oss med Bygstad-revyen, det var liksom bygdenivået og det fekk vi no fint leve med. Elsk din lokalkultur, sjølv om den er så harry at du heller vil sitte på glattcelle enn møte opp. Men no finst her altså både opera på internasjonalt nivå på Åmot operagard og teater på nasjonalt nivå for oss som ikkje set likheitsteikn mellom å bu på bygda og å synge falskt. (Ja, eg har litt fordommar, og dei vert stadig bekrefta, og delvis, som no, avkrefta). Det er Litteraturm...