Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra januar 13, 2012

Kyr over hovudet

"God dyrevelferd er et mål i seg selv, og er et gode for samfunnet og konkurransefortrinn for norsk landbruk," kan vi lese i einpresentasjon av landbruksmeldinga hos Landbruks og matdepartementet. Norge er verdsmeiser i dyrehald, ifølge oss sjølv. Dyrevelferden er vårt konkurransefortrinn. Ei lang rekke andre land påstår nett det same. Blant andre Sverige. Men sjølv verdsmeistrar har sine problem, blant anna er skalaen på melkebruka på veg oppover. I sjølvutnemd verdsmeister Sverige er beitekravet sonedelt. Fire månader i sør, tre i mellom-Sverige og to i nord. Men alt er ikkje rosenraudt sjølv om verdsmeister Sverige slår verdsmeister Norge ned i støvlane (vi har ut året null beitekrav for kyr i lausdrift). I verdsmeisterlandet Sverige motarbeider organisasjonen Sveriges Mjölkbönder det svenske beitekravet.    Per Andersson, ordförande i interesseforeningen, argumenterer med at melkekyr har det best inne. ( Sveriges Radio Ekot (9.juni 2009 ) Mjölkbönderkritiska mot