Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra januar 21, 2010

Knausgårds lette slentring blant karakterar

Idag vart eg lurt trill rundt. Eg vart lurt til å kjøpe Dagbladet i papirutgave. Rett nok som lesestoff til ein flytur, men årsaka var altså denne berømmelige Knausgård som er på alles lepper om dagen. Han seier han kan ikkje vere i Norge no pga all merksemda. Eg forstår han godt. Uansett. Saka var denne: Knausgårds romanfigurer snakker ut: "En offentlig henrettelse". I Dagbladet seier Preben Jordal: "Knausgård ville nok ha vunnet mye på å ha som utgangspunkt at alle mennesker er like komplekse som han selv, men den slags humanitet fins det nesten ikke spor av i bøkene. Dette forklarer kanskje bøkenes store appell, men hindre dem også fra å lløfte seg opp på det nivået man skulle tro at de lå på ut ifra hvordan den offentlige samtalen har forløpt." Dette er noko i same baner som eg har tenkt sjølv: Knausgård framstår som mesterhjernen i bøkene, den som forstår og tolkar alt. Han betraktar andre med eit svært nedlatande blikk, eller enkelt slentrande, liksom slentrar

Kva er Helge Johnsens agenda i Firda?

"Eg les med ei stigande kjensle av at ho meir teiknar eit bilete av eigne fordommar og angst for å lukte fjøs i byen, enn av Sogn og Fjordanes hovudproblem", skriv Helge Johnsen i ein kommentar i gårsdagens Firda. Eg skal stille nokre få spørsmål til ettertanke: Eg er utdanna veterinær (vi luktar fjøs heile dagen gjennom heile studiet midt i Oslo sentrum), skriv nynorsk og skriv om Sogn og Fjordane. Eg hadde neppe brukt tid på noko av dette om eg var redd for å lukte fjøs i Oslo. Eg er også klar over at Johnsen ikkje likte bunadsdebatten i 2007. Same år framstilte han Olaug Nilssen si 17.mai tale i Førde som eit oppgjer med meg og dei såkalla mindreverdighetskompleksa mine om bunader. Dette vart retta opp i på privat basis, då talaren etter saka kontakta med meg for å forklare feilframstillinga i Firda. Ho sende meg manus på mail. I manus var ikkje mitt navn nevnt. Likevel handla saka i Firda meg. Kvifor? Det var også Johnsen som hadde intervjua Liv-Signe Navarsete i tirsdage