Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra januar, 2011

Frå beite til bur: mitt innlegg om landbruk på Frp sitt fylkespartimøte i Sogn og Fjordane 30.januar 2011.

Frp har store ambisjonar på landbruksfronten så eg tenker kome med ein del landbrukspolitiske innspel. Det finst ein ganske talande tittel på norsk landbrukspolitikk idag. Den lyder: Eg gjer merksam på at eg ikkje er medlem av Frp eller noko anna politisk parti for den del. Frå Beite til bur.  Medan ein i regjeringsplattformen Soria Moria skriv at ein ønsker å auke bruken av beite i Norge, er dette langt frå kva som er praksis. Sanninga er at norsk landbruksproduksjon i stadig større grad vert flytta frå beite til bur. Produksjonen blir flytta frå gras og lokale forressursar til importert kraftfor. Produksjonen er flytta frå dyr som blir slept på beite til dyr som lever heile livet i bur eller i oppvarma innandørs hallar utan tilgang til dagslys. Eg snakkar om kylling, kalkun, verpehøns og gris. Desse dyreslaga, som lever på kraftfor og vatn, vert det produsert stadig meir av i Norge.  I 2007 produserte vi i overkant av 56 millionar broilerkyllingar i Norge.

Kaffe latte og rovdyr

Kaffe latte har i visse kretsar utvikla seg til å bli sjølve symbolet på eit bygdekunnskapslause sjikt av bymennesker. Grünerløkka i Oslo har dei siste åra blitt sjølve symbolet på Norges forkvakla befolkning utan kunnskap om verken melkekyr, rovdyr eller andre ting som har med bygda og landbruk å gjere. På lesarbrevsidene i Nationen 4.januar skriv Kristian N. Kvikstad at Grünerløkka er befolka med kaffe latte-drikkande mennesker som liker rovdyr. Kvikstad skriv vidare «Hva med å gjerde inn Nordmarka, slik at kaffe-lattedrikkerne bl.a på Grünerløkka kan få beskue rovdyrene i sitt nærmiljø?»  Men kjære Kvikstad. Du er meg ein god frekking. Greit nok at du ikkje kjenner namnet på fleire bydelar enn løkka, ikkje har vore i Oslo på mange år, men seriøst: Det er då ingen urban barsking med sjølvrespekten i behald og hipsterkåk på hippe løkka som drikk kaffe latte. Kaffe latte er berre sååå 1999. Økologisk mat, intensivt uteliv, skribentar og småbarnsmødre med siste skrik i vintage fa

Kristen nestekjærleik og toleranse

I år 2011 kan ein spørre seg om "kristen-Norge" tek hensyn til nestekjærleik og toleranse, eller om dette er reglar som gjeld kun for andre. Inger Lise Hansen blir ikkje gjenvalgt som nestleiar i Krf, og ingen er vel overraska. Krf viser sitt sanne ansikt. Der er for lite takhøgde. Krf er ikkje eit parti som er klare til å ta på alvor det vi anser som menneskerettar, nestekjærleik og likebehandling av mennesker i år 2011. Altså homofile. I Krf kan dei heller ikkje godta at ein nestleiar i partiet kler seg akkurat som alle andre kvinner på hennar alder. Nei, der går grensa. Hansen må sjå til å få på seg stakken. Her praktiserer vi reglar frå forje tiår, eventuelt forje hundre år Einaste skilnaden er at Hansen havna i VG. Det var kanskje ikkje så bra, gitt gubbeveldet som veltar fram frå Krfs indre korridorar. Med anstrengte miner og store tankar om nestekjærleik, verdivalg og takhøgde, berre dei slepp utøve det sjølv. Men det stansar ikkje her. Episodar frå kristen-Norg

Angsten for at frilansforfattarane skal utslette bygda

Eg drikk brennevin og tek ein pause i flåinga av den sjølvdaua gampen. Publisert i Bergens Tidende i januar 2011. «Etter kvart som dei idylliske småbyane fyllest av glasblåsarar og frilansforfattarar med sikre utsikter for solide farsarvar vert dei lokale fyrstegongsetablerarane pressa inn mot dei større byane der husprisane ligg langt under det halve,» skriv bygdeforskar Bjørn Egil Flø i Bergens Tidende 16.januar i år og frykta spreier seg på bygda. «Dei som er igjen i lokalsamfunnet no, (...) er enten helselause, gamle eller nyrurale som knapt evnar anna enn å lese romanar». Med skrekk og advarsel blar folk i avisa. Tenk om dei kjem hit, kviskrar dei rundt kjøkkenborda. Ein vågar knapt sei ordet høgt: frilansforfattar. Ikkje nok med at dei har ubrukelege utdanningar, dei kan til og med skvise oss vekk. Personar som verken kan kastrere reinsdyr med tennene, byte motor på ein traktor eller slå inn tryner på naboen med kølle på ein skikkeleg fest. Som berre kan teori, ikkje prak

Kampsone distrikts-Norge

Vågar DU flytte på bygda? Det er atter tid for Sogn og Fjordanes næringslivsmesser. På same tid er kampane i distrikts-Norge så harde at ein må ha bunkers i kjellaren, Oslo-makta rullar inn med sine strupetak og alle bygdefolk med respekt for seg sjølv jamrar i kor. Men ærleg talt. Kven vågar flytte til bygda når det tilsynelatande er på nivå med å flytte til ei kampsone? Kvifor er det slik at mange profilerte næringslivsaktørar i Sogn og Fjordane advarer unge menneske mot å flytte til fylket? Eg kan ikkje hugse direkte kva slags forklaringar dei oppga, dei næringslivsfolka som, i heilt ulike settingar, sa at dei vil fråråde folk å flytte hit om dei ville noko. Det var noko med takhøgde, at dei knapt heldt ut sjølv i eit miljø som stod på bakbeina, blant folk som baksnakka dei som var dyktige og i møte med bygdedyret. På same tid flaggar ein høgt og fritt historiene om bygde-Norge som den nye, sexy framtida. Her kan du leve ditt karriereliv omgitt av vakker natur. Her får du alt du