23. jan. 2011

Kampsone distrikts-Norge

Vågar DU flytte på bygda?

Det er atter tid for Sogn og Fjordanes næringslivsmesser. På same tid er kampane i distrikts-Norge så harde at ein må ha bunkers i kjellaren, Oslo-makta rullar inn med sine strupetak og alle bygdefolk med respekt for seg sjølv jamrar i kor. Men ærleg talt. Kven vågar flytte til bygda når det tilsynelatande er på nivå med å flytte til ei kampsone?

Kvifor er det slik at mange profilerte næringslivsaktørar i Sogn og Fjordane advarer unge menneske mot å flytte til fylket? Eg kan ikkje hugse direkte kva slags forklaringar dei oppga, dei næringslivsfolka som, i heilt ulike settingar, sa at dei vil fråråde folk å flytte hit om dei ville noko. Det var noko med takhøgde, at dei knapt heldt ut sjølv i eit miljø som stod på bakbeina, blant folk som baksnakka dei som var dyktige og i møte med bygdedyret.

På same tid flaggar ein høgt og fritt historiene om bygde-Norge som den nye, sexy framtida. Her kan du leve ditt karriereliv omgitt av vakker natur. Her får du alt du treng og litt til.

På ein konferanse i Tromsø i januar fekk eg høyre at det er dei som i størst grad har gått på den nye marknadsføringa av distrikts-Norge, er dei som i størst grad har problem med å tilpasse seg eit liv der ute. Det er desse som dreg igjen, skuffa og vonbrotne over at reklamen dei fekk presentert var falsk.

Og, dersom det er sant at det gode liv kan levast på bygda, kvifor seier då unge aktørar i næringslivet i Sogn og Fjordane dette. Sitatet er gjengitt ordrett: «Eg har i dag vore og menga meg med kultursjefar og andre som håper dei vert regna som ein del av eliten når andre snakkar om den. Tafatt gjeng. Det florerte med menn i 50-åra, med Fylkesbaatane T-skjorte spent som eit segl over ein alt for tjukk mage, ekkel kaffiånde og med tanken om at å bevare det vi har er beste våpen mot alskens nymotens skit som ungdomen likar. Desse var para med overentusiastiske kvinner i samme aldersgruppe, med svært fargefulle kreasjonar på både hode, hender og føtter, også med ekkel kaffiånde og syting om for lite pengar som unnskyldning for at dei ikkje får til noko. Hjelp. Dei treng å få fillerista seg litt slik at dei blir litt klamme i skinnsandalane som vart kjøpt på Kreta i '76. Dei treng å bli litt redde og utfordra.»

Å bevare det vi har er beste våpen mot alskens nymotens skit som ungdomen likar.

Eg trur dette i stor grad er dekkande for ein del haldningar som finst i det framtidsdefinerte fylket Sogn og Fjordane.

Akademikerforakt er ein ting. Manglande endringsvilje og frykt for nye saker er ein annan.

I Aftenposten 4.november skreiv Oda Rygh at ho flyttar frå bygda. Ho tar med seg utdanninga si og dreg sin veg.

Les kronikken her

Ho fekk svar på tiltale frå Nationens kommentator, Drude Beer, som meinte at Rygh hadde skrive kronikken for å få jobb i Liv-Signe Navarsete sin stab.

Les kommentaren her

Beer, som arbeider i distriktsavisa Nationen, tek ikkje Rygh på alvor. Beer liker ikkje at folk kaller ein spade for ein spade når ho seier at det faktisk ikkje finst rom for alle typar akademikarar i alle typar bygdesamfunn. Eit enkelt faktum som i bunn og grunn burde vere lett å vere einige om.

Men vi skal ikkje sei noko stygt om bygda. Å peike på bygda som ein stad som ikkje passar for alle typar mennesker verkar vere tabu.

Ein arrangerer ei mengd med konferansar om distriktsutvikling. Her kjem mange eldsjeler som gjer eit godt arbeid, og her kjem ei rekke kaffedrikkande salfyll som ikkje har noko interesse av å gjere noko. Dei vil helst berre ha kaffe, baksnakke foredragshaldarane på dass og ete god mat. Eg har vore på nok av denne typen konferansar til å ha fått eit visst inntrykk.


Ein snakkar om endring, svir av store pengesummar på konferansar, fordrag og ein betre middag, men ærleg talt, ønsker ein eigentleg, om ein tenker seg godt om, endring ute på bygda? Og kven er det ein inkluderer på desse eldretreffa? Og medan debatten går i salen tordnar kanonane frå kampen mot makta utanfor vindauga.

Eit argumentet som eg har hørt mange gonger er dette: dersom de skal vere så storforlangande, de høgt utdanna som trur at de er betre enn alle andre, då vil vi ikkje ha dykk tilbake som tilbakeflyttarar. De må ta til takke med at her er som her er. Ellers får de bli i byen.

Eit anna argument går som dette: kva skal vi med så mange høgt utdanna tilflyttarar etter?

«De som trur at de er så mykje betre enn alle andre.» Sitatet fortel oss mykje. Det fortel oss at mange føler mindreverdskompleks i møte med høgt utdanna menneske. Det fortel oss også at mange ikkje ser verdien i høg utdanning. Det fortel oss også at ein ikkje godtek at folk har andre krav no enn før.

Det gjer derimot det framtidsretta næringslivet. Dessverre er det framtidsretta næringslivet berre ein liten del av det som per idag er distrikts-Norge.

På alle dei distriktsutviklingskonferansane eg har vore på, har så og sei kvar einaste talar snakka om kor overkøyrde ein føler seg, kor ille ein vert behandla av makta i aust og kor lite ein blir forstått. Dette finansierer vi stakkars skattebetalarar. Det verkar som om dette er eit godt poeng, salen ler litt og foredragshaldaren kan klappe seg på brystet. Men heilt ærleg talt.

Kva er dette slags retorikk om ein ønsker seg utvikling? Å fortelle folk ute i distrikta at dei er offer for overgrep av maktsjuke byråkratar utan snøring på kva som skjer utanfor regjeringskvartalet?

Det kan bli litt vel mykje negativ propaganda. Og inntrykket ein ofte sit att med, er at den som rettar kritikken sjølv ikkje veit korleis systemet fungerer og sjølv ikkje har kunnskap om statsmakta. Ein får eit sterkt inntrykk av a) fordommar og b) kunnskapsmangel.

Sjølvsagt finst der saker der distrikts-Norge blir overkjørt, men blir ein verkeleg det i alle saker? Nei, eg trur ikkje det. I lengda kan det også tenkast at all den negative kritikken mot den såkalte Oslo-makta blir ødeleggande for eigen sjølvtillit.

Mitt heimfylke er det vanlig å klage over at ein er overkøyrdt av Oslo-makta. Difor går det tregt og gale. Ofte verkar det som om dei som jamrar høgast er dei som veit minst om korleis det er andre stader. Alt er så mykje betre i Oslo. Men kvifor flyttar ikkje folk dit då? Når det er så gale her?

Og oppi all jamringa er det ingen som fortel oss at medan ein i Oslo gjerne må vente eit par veker på ein legetime, så kjem ein til på dagen i Gaular. Er du akutt sjuk i Oslo kan du måtte leite opp ein lege som har tid å behandle deg. Heime kan ein ringe legen, hoppe i bilen og få behandling med ein gong. Dette høyrer vi sjeldan om utad. Kanskje fordi dei som jamrar seg høgast knapt har vore i Oslo? Ikkje veit eg.

Vi høyrer jammerdalen. Distrikts-Norge går til helvete, overkjørt av statsmakta, sjukehus går dukken, folk føder i bilen. Det er ei slik klaging og eit slikt elende at eg ofte er overraska over at Sogn og Fjordane ikkje er lagt ned for lenge sidan. Det kan då umogeleg vere levedyktig så gale som alt ser ut til å gå. Å leve her ute må jo vere på linje med ekstremsport i seg sjølv.

Dit hadde eg aldri våga å flytte om eg ikkje sjølv hadde vore derifrå og visst at ikkje alt er så gale som ein prøver å framstille det. Varsellampene hadde blinka raudt på sterkt sirenesignal. Kampane om distrikts-Norge er tilsynelatande så harde at ein må ha bunkers i kjellaren. Ein grev seg ned i elende og klageskrik medan bombene frå regjeringskvartalet haglar rundt øyra.

Men slik kritikk skal ein helst ikkje framføre. Ein skal vere patriot og jamre med i hylekoret som bæljar mot Oslo-makt og sjukehus ditt og sjukehus datt. Patriot og blind til skuta synk. Men eg er så lei. Eg er så inderleg lei av jammerdalen som kjem frå mine eigne sambygdingar. Eg er så skit lei av å høyre at alt er så betre over alt ellers. Jammen, kvifor flyttar de ikkje til Oslo då om det er så forferdeleg å bu i Sogn og Fjordane? Gråtekoner på kvart nes trur eg er Sogn og Fjordane si aller største belastning.

På den andre sida har vi merkevarebygging og konferansar der ein prøver å selge inn dei positive historiene om bygda?

Spørsmål: Kva skjer når ulike utkantar også tek i bruk slike virkemiddel på same tid som jammerdalen hoiar i avisene? Det er liten tvil om kva ein høyrer best. Jammerdalen er dominerande.

Så kva skal ein tru på?

Jammerdalen om at distrikts-Norge går til helvete under sentralmaktas jernhæl, dei som fortel oss at Sogn og Fjordane er Framtidsfylket eller dei næringslivsaktørane som tilrår unge menneske å ikkje flytte dit?

Det tjener heller ikkje Sogn og Fjordane at ein ung næringslivsaktør sat att med dette som hovudinntrykk etter ein større kulturkonferanse i fjordfylket: Å bevare det vi har er beste våpen mot alskens nymotens skit som ungdomen likar.

Så tørr du flytte til Sogn og Fjordane?