Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra august 24, 2011

Litterär LUX

Sigrid Combuchen ”Spill – en damroman”, Norstedts 2010 (svensk) Det er sjeldan ein kjem over böker alla ”Spill”. Dei mellommenneskelege relasjonane er litterär luksus, språkfölelsen sjeldan og det er lett å kaste seg på hylningsbölga som löfter fram Combuchen som ein av vår samtids mest avanserte forfattarar, stilistisk, teknisk og tematisk. Dama bedriv litterär utklassing. Hennar tematikk er kvinneroller, gode historiske skildringar, konflikter, mannsroller, yrke og utdanning, rolla som mor. I fascinerande miljömessig konstekst får ein presentert ein karakter bygd rundt konflikter og valg. Har ein kasta vekk livet eller tatt dei valga ein kunne? Den er så beint fram jävlig god at du får frysningar på ryggen, men dette er inga Linda Olsson-bok for deg som vil skru av hjernen. Her forflyttar vi oss mellom ulike tidsepokar, fiktive og relle personar, ein fortellar som sjölv er oppdikta, brevvekslingar og ein fiktiv roman. Men komposisjonen sit som eit skot. Det er tidvis komplisert, m