Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra juni, 2011

Fleip eller fakta??

Ein musikkjournalist som ikkje veit skilnaden på Bob Dylan og Madonna, på gitar og piano, er inkompetent. Ein journalist som legg for dagen eit liknande kunnskapsnivå i naturvitskap, er det ingen som legg merke til. Min påstand er at journalistars manglande kompetanse i naturvitskap gjer det vanskeleg å føre ein kompetansebasert debatt rundt klima, miljø og matproduksjon i det offentlege rom. Ei rekke journalistar greier ikkje skilje fakta frå fiksjon, faktafeila florerer og i ei rekke saker er den naturvitskaplege delen av sakskomplekset droppa. Få redaktørar verkar vere i stand til å sjå faktafeila. Denne artikkelen er publisert som Signert-artikkel i Klassekampen 18.juni 2011. Kommentaren «Grisens hevn» om svineinfluensa av Marte Michelet i Dagbladet (25. juli 2009): Her skriv Michelet at det var blant genmodifiserte svin i Mexico at svineinfluensaviruset oppstod. Teorien om genmodifiserte svin er fin den, men her er eit problem: det eksisterer ikkje genmodifiserte grisar. De

Journalistars kompetansemangel i naturvitskap: eit demokratisk problem. Eit essay om profetar.

Tema: mediene og miljøpolitikken/klimakrisen; et kritisk blikk. Profetar, grisebust og journalistar. «Også guds ord må vinklast journalistisk», sa Martin Eide, professor ved Universitetet i Bergen, på Frokost med Bernt «Fra jakthund til vakthund» 20.oktober 2009. Han snakte om den journalistiske logikken for eit sprengfullt auditorie. Opp og ned trappene i det same auditorie vandra UiO-professor Bernt Hagtvedt og delte ut mikrofonen til taletrengte tilhøyrarar medan han jamra. Bernt jamrar alltid på Frokost med Bernt, og det er alltid oss journalistar han jamrar over. Han nyttar alle sjansar: Nei, nei og atter nei, desse journalistane. Vi skulle alle sammen vore pakka ned og lagt på lager. Eventuelt sprengt i filler, dynka i bensin og sett fyr på. Eg skal innrømme eg har kjent pulsen stige: han der Hagtvet må slutte å gjenta seg sjølv. Men så har han litt rett også, denne vandrande talemitraljøsa som kjeftar i veg ved ein kvar anledning. Journalistar manglar dannelse, journalistar

Det er billeg å vere blond - i Sverige!!

Alle snakkar om harryhandel, om å reise over den berömte grensa til Sverige, eit land dei fleste knapt verkar ha vore i. Det er trass alt ikkje Sverige ein reiser til. Ein reiser til storbyane, til Berlin og New York, og om du er yttterst politisk korrekt: Hellas. Alle snakkar om kor billeg Sverige er. Eg bur tilfeldigvis i Sverige, 5 månader ifjor og no nokre månader i år, og det er ikkje så billeg her. Maten i ICA og Tempo-butikkar er ganske dyr. Lat meg ta eit eksempel frå Ica her: 1 liter melk kostar på Ica her: 13,70 kroner. Kremflöyte: 9,40 kroner. Aftonbladet 12 kroner, 1 liter tropisk juice: 13,90 og ein pose (ekle) kanelbollar (bakt i dag): 26,90. Å klippe seg på Nikita i Östersund, kosta for meg (dame, langt hår) 450 kroner. Dette var ganske billeg. För har eg betalt 600 svenske i Mellerud for klipp og striping. Det er definitivt billegare å vere blondine her enn heime. Så kva med litt harry-hår-handel? Ta heile familien din over grensa, klipp og farg håret: spar masse

Kven skriv du mot, Andresen?

I lesarbrevet “Vi trenger deg ikke som bonde!” skriv Nils August Andresen, Minervas redaktör, at nordmenn ikkje har så lyst på norskprodusert mat som “det Viken postulerer”. Alt her snublar han. For kvar finn Andresen at eg postulerer dette? Ingen stad. Det er ikkje mitt poeng at all mat på död og liv skal vere norsk. Mitt poeng er at maten skal vere forsvarleg i den forstand at det skal vere levelege vilkår for folk og dyr, blant anna med skikkelige inntekter. Les min kronikk "Difor blir eg ikkje bonde" som Andresen svarar på. Andresen skriv at kortreist ikkje alltid er mest klimavennleg. Det har han heilt rett i, men Andresen trur tydelegvis at eg meiner det motsette. Kvar tar han det frå? Eg meiner da ikkje at kortreist alltid er best. Til slutt tek Andresen före seg subsidiene. Han vil ikkje betale meir i skatt for at eg skal produsere meir kjedeleg norsk mat. Men når sa eg noko om at eg ville ha meir i subsidier? Aldri. Andresen fyrer laus med argument som tydele

"Mat er makt" av Kaare M Bilden - ein bokomtale.

Her for eit par veker sidan hadde journalist og debattredaktör i Ny Tid, Kaare M. Bilden, ein kronikk i Dagbladet der han gjekk til frontalangrep på Senterpartiet sine fortellingar om at det er for lite mat i verda. Han gjekk også til angrep på fortellinga om at kortreist mat alltid er mest miljövennleg. Begge fortellingane blir av Bilden omtalt som myter. Det er heilt greit. Det er nemleg myter. Det er ei myte å påstå at kortreist mat alltid er meir miljövennleg, men kven er det som trur på denne myten i år 2011? Og eit spörsmål melder seg: kven er det Bilden skriv for i boka "Mat er makt" ? Den andre myta: det er for lite mat i verda, er ikkje sann, skriv Bilden. Det har han nok rett i, om vi skal tru hans kilder, men det er forskjell på realitetsorientering og luftige visjonar. Bilden er rik på det siste. Per idag er det faktisk slik at mange svelt fordi dei får for lite mat, eller fordi maten er for dyr. Det er også slik at det er vassmangel ein del stader i verda s

Kva med å gjere sidemål til valgfag? Skal sidemål bort for bokmålselevar, må det bort også for dei som skriv nynorsk som hovedmål.

Om ein skal argumentere for og fjerne sidemålsstilen for bokmålselevar, må ein også fjerne sidemålsstilen for nynorskelevar. Skulebyråden i Oslo vil gjere den skriftlege delen av sidemål valgfritt. Les saken. Sitat: "Men nynorskforkjemperne i Noregs Mållag karakteriserer utspillet som ren populisme. - Skolebyråden vet at dette er i strid med lærerplanen. Det står det at elevene skal lære å lese og skrive nynorsk. Da kan det ikke være valgfrihet i et enkelt fylke. Dette vet Høyre og Torger Ødegaard godt. Dette er derfor politisk propaganda i forkant av et valg, sier leder i Noregs Mållag, Håvard B. Øvregård." Det kan vere lurt og tenke over dette: treng elevar läre både nynorsk og bokmål i grunn? Vi har ei rekke andre fag som er like viktige som språk, og når det uansett viser seg at tjue prosent av elevar har så dårlege skriveferdigheter i norsk at dei har tröbbel med og kome seg vidare i arbeidslivet etter ti år, TI ÅR, i skulen, så kan ein jo spörre seg om all norsku

Rovdyrpolitikk og fanteri: kor mange rovdyr blir ikkje rapportert inn fordi ein önsker å halde bestandstala kunstig låge, eller fordi folk ikkje vågar, fordi dei uansett berre får höyre at dei lyg?

Norsk rovdyrdebatt er heilt på jordet, i stor grad overlaten til føleri og synsing. Denne kronikken stod på trykk i Klassekampen 27.juli 2009, by me. Les også reportasje om då björnen slo til på Viksdalen i Sunnfjord, publisert i Dag og Tid, 2008 og Klassekampen 2009. Side ein, side to , side tre . Aktualitetslink: Rovdata seier at det ikkje finst jerv i Sogn og Fjordane . Dette er tull. Eg såg sjölv jerv i vår, og vi veit at mykje rovdyr blir observert, men ikkje innrapportert fordi folk får beskjed om at dei har sett feil, eller at dei ikkje har sett noko, når dei seier frå. Er rovdyrforvaltninga opptatt av å halde bestandstala så låge som mulig? Slik at dei kan före ein strengast mulig rovdyrpolitikk med tanke på vern? Ein begynner jo å lure når ein veit at det bevisst blir underrapportert. Annar Holm skriv på lesarbrevplass i Klassekampen torsdag 23. juli at det er desinformasjon å påstå at en av femten sauer dør på utmarksbeite på grunn av rovdyr. Han om det. Konspirasjon

Om å bruke seg sjölv i kommentarar og kronikkar

Höyr sendinga frå Dagsnytt 18 mandag, 48,5 minutt ut i sendinga snakkar Knut Olav Åmås frå Aftenposten om "Difor blir eg ikkje bonde". Det er snakk om personlege fakta som er politisk relevante for å belyse ei politisk sak eller ein kulturell prosess, blant anna, seier Åmås. Det er ein måte å löfte tunge, store og viktige debattar i samfunnet på. Om "Difor blir eg ikkje bonde" seier Åmås: Denne kronikken delte tusenvis på Facebook, og titusenvis las den på nett. Delvis var det fordi den var velskreven, delvis fordi eg brukte det personlege frå eige liv. (Takk for det:) "Det er viktig å konkretisere og bringe ned på bakken store, og gjere store debattar tilgjengelege for folk. Å vere personleg, sakleg og relevant for ei sak." Dette er eg sjölv veldig opptatt av: gjere ting tilgjengeleg. "Ein kan også skrive personleg utan å skrive frå sitt eige liv," seier Åmås. "Det handlar om å bringe ned på jorda, perspektivisere og tilgjengelegg

Eg drog til Sverige for å arbeide som veterinær. Dårlegare lønn men meir erfaring, billeg frisør men elendig utvalg på matvarebutikken.

Kor mange nordmenn er det i grunn som hadde akseptert å arbeide for utenlandske lønningar? Likevel ønsker vi oss utenlandske prisar. Kvar er den kompetansebaserte analysen og refleksjonen? Er ikkje Norge eit høgt utdanna folk? Reiser vi ikkje meir enn før, eller er det berre helgefarting til storbyar? Eg lurer av og til litt på det. Debatten bør reflektere kunnskapsnivået i befolkningen, og i denne saka virker det vere skremmande lågt. Det vil til sjuande og sist slå tilbake på forbrukar sjølv. Vi kan gjerne more oss med saker i media om kor billeg det er i Sverige, men det blir litt mindre gøy den dagen prisane er doble av dagens nivå. Etter at eg var ferdig på veterinærhøgskulen, reiste eg til Sverige for å arbeide som veterinær. Det er i grunnen litt teit. For meg som dyrlege, er utsiktene til å tjene ganske bra her i Norge, gode. Derimot, om eg reiser til Sverige, så må eg, med min ansinitet, ganske kraftig ned i lønn. Likevel reiste eg over grensa. Interessen for å lære og få