Gå til hovedinnhold

Journalistars kompetansemangel i naturvitskap: eit demokratisk problem. Eit essay om profetar.

Tema: mediene og miljøpolitikken/klimakrisen; et kritisk blikk.

Profetar, grisebust og journalistar.

«Også guds ord må vinklast journalistisk», sa Martin Eide, professor ved Universitetet i Bergen, på Frokost med Bernt «Fra jakthund til vakthund» 20.oktober 2009. Han snakte om den journalistiske logikken for eit sprengfullt auditorie. Opp og ned trappene i det same auditorie vandra UiO-professor Bernt Hagtvedt og delte ut mikrofonen til taletrengte tilhøyrarar medan han jamra. Bernt jamrar alltid på Frokost med Bernt, og det er alltid oss journalistar han jamrar over. Han nyttar alle sjansar: Nei, nei og atter nei, desse journalistane. Vi skulle alle sammen vore pakka ned og lagt på lager. Eventuelt sprengt i filler, dynka i bensin og sett fyr på. Eg skal innrømme eg har kjent pulsen stige: han der Hagtvet må slutte å gjenta seg sjølv. Men så har han litt rett også, denne vandrande talemitraljøsa som kjeftar i veg ved ein kvar anledning. Journalistar manglar dannelse, journalistar manglar utdannelse og alt mulig anna som går an å mangle. Alle journalistar bak lås og slå.
«Det er ikke plass til offentlige intellektuelle. Det er BARE plass til mediekrigere. Jeg vil helst slippe å svare på spørsmål, med tanke på min mentale helse. Man blir deprimert av norsk media,» sa han til Universitas 27. januar 2010. Sjølv etter seks månader i utlendigheit hugsa professoren kor gale det stod til her heime. Skulle tru ein var på veg mot undergangen.

Dei tre store tema i litteraturen var ifølge den amerikanske forfattaren Hamilton Wright Mabie gud, menneske og naturen. Dei største krisene menneska står overfor idag, matvarekrisa og klimakrisa, er også knytt til gud, menneske og natur. Vi må handle no, før landeplagene er over oss. Før vi blir utsletta av pandemiar, syklonar, hungersnød og stigande hav. Vi lever i dei siste tider, og guds skaparverk er i ferd med å gå ad undas. Men gud har ikkje forlatt oss. Hans sendebod er her. Profetar kledd som journalistane ber bod om at naturkatastrofene som vil ramme, og på same måte som profetane i det gamle testamentet appellerte til helse og sikkerhet, appellerer dei siste tiders journalistar til mediekonsumentanes ve og vel. Slepp du ut meir CO2 no, vil vi sjå elver av blod, eventuelt elver uten noko i, seier dei og hevar notisblokka medan blitzlysa smeltar nordpolisen.
Der er berre eit problem. Dei veit ikkje alltid kva dei snakkar om.

For sjølv om klimakrisa og matvarekrisa heng saman, og er dei største krisene som truar i vår tid, ser det ut til at journalistar har liten kunnskap om dei naturvitskaplege delane av desse krisene. Medan ein treng kompetanse på samfunn for å vere politisk journalist, ser ein ikkje ut til å trenge komptanse for å arbeide med den naturvitskapsrelaterte delen av problematikken rundt klima og mat.
Min påstand er at journalistars manglande kompetanse i naturvitskap gjer det vanskelig å føre ein kompetansebasert debatt rundt klima, miljø og matproduksjon i det offentlige rom. Det blir i det heile mykje tullejournalistikk ut av det. Som då ein nyhendesjef ein gong ville at eg skulle lage ei sak på eit nytt hjartepreparat. Preparatet hadde skifta namn og ville ha litt omtale. Saka stoppa hos meg, men den kunne fort ha blitt «Nytt superpreparat aukar overlevelsen» (med 0,002 prosent). Dei som sende ut preparatomtalen hadde neppe venta seg ein medisinar på tråden.

Spørsmål: kor mange slike ikkje-saker kjem gjennom i pressa?


Påstand: det må vere rein plankekøyring for legemiddelindustrien og andre naturvitsarar å få spalteplass. Kven treng betale for annonser når ein har journalistar som ikkje skjønar seg på naturvitskap.

Eg er naturvitar...

Naturvitskap er ikkje ein bakgrunn som er vanlig i media. Eg har ikkje tal på alle gongene folk har spurt meg kvifor eg, som er journalist, er utdanna i naturvitskap og medisin. Utfrå dette spørsmålet kan ein lese følgande: det er a) ikkje vanlig med denne bakgrunnen i pressa (wow, så tøft, har aldri møtt ein journalist som er naturvitar før!), eventuelt vert det ikkje sett på som nødvendig (kvifor tok du ein slik utdannelse og jobbar som journalist?)

Naturvitskap har inga høg stjerne i mediekretser der humaniora og samfunnsvitskap i stor grad rår grunnen. Derimot er den kuriøs. Dette pregar bruken, eller misbruken, av naturvitskaplege fenomen som underhaldning. Det held å kaste eit kjapt blikk på mediene for å finne ut at langt fleire naturvitarar burde finne vegen til pressa, og mine vegleiarar på veterinærhøgskulen var då også begeistra for at dei endelig, etter 75 år (NVH vart oppretta i 1935) hadde klart å utdanne ein student som såg ut til å slå inn på den mediale veg.
Eg skal her ta for meg eit par banale eksempel om svin i desse svineinfluensatider. Årsaka til at eg vel desse eksempla, er deira openbare forsøk på utpeiking av ein fiende, og deira forsøk på å opplyse publikum om fienden. Begge følger logikken til eit sosialt drama med helter, skurkar (industrilandbruk) og offer (gris og menneske). Helten, eller antihelten, ser i begge tilfella ut til å vere journalisten sjølv, og drama følger ein intervernerande logikk der målet kan sjå ut til å vere å påvirke og opplyse opinionen, med andre ord oppnå ein slags dominoeffekt der a fører til b: kommentar fører til fordømming av industrilandbruk:
Eksempel 1: Forsøk på kritisk blikk på norsk matproduksjon feller seg sjølv en. Årsak: kompetansemangel.
Smaken av hund (Are Syvertsen & Jon Martin Førland, 2007). I denne «dokumentaren» blir det framhalde som eit problem at gris blir fora med grisefor som inneheld tre prosent gris.

Sjekkar vi fakta, finn vi at grisen er både kanibal og kjøtetar. Den et både rotter, eigne ungar og artsfrendar. Ein fri gris ville med andre ord ha sett til livs langt meir enn tre prosent gris. Problemet er ergo omvendt: det er for lite gris i grisefôr.
I etterkant av filmen vart Gilde og Tine forsøksvis stilt til veggs. Berre synd det skal litt meir til enn avsløring av eigen kunnskapsmangel om ein ønsker å oppnå meir enn å bli ein mygg på samvirkas legg.

Journalistane står mellom makta og folket, klare til å hjelpe, men det er lettare å hjelpe folket om ein veit kva ein snakkar om. Kompetansemangelen blir eit demokratisk problem, og eit handikapp i rolla som den femte statsmakt. Der er mykje ein kan grave opp om norsk landbruk, men skal dette på bordet, må ein vite kva ein skal sjå etter.
Eksempel to: Eit forsøk på sidefyll lykkes som nettopp sidefyll.

Kommentaren «Grisens hevn» om svineinfluensa skriven av ein kommentator i Dagbladet (25.juli 2009). Her skriv ein at det er blant genmodifiserte svin i Mexico at svineinfluensaviruset oppstod. Om vi sjekker kva ordet genmodifisert betyr, finn vi at «genmodifisert mat består av, inneholder eller er fremstilt ved hjelp av planter, dyr eller bakterier som har fått endret sine arveegenskaper ved hjelp av moderne genteknologi.» Det er dermed nærliggande å anta at kommentatoren ikkje veit kva ordet genmodifisert betyr all den tid der ikkje eksisterer genmodifiserte svin i produksjon av svinekjøt. Kommentatoren må ha funne på det sjølv i si profetiske jakt på ein syndebukk, eventuelt har kommentatoren gått fem på i kildebruk.
Fordumming av lesarane ved bruk av historier som passar inn i modell for sosialt drama med heltar, skurkar og offer, er ei langt enklare oppgave. Mediene er hendelsesorienterte. Dei flyttar fokus frå strukturelle forhold (lite berekraftige økonomiske rammebetingelsar for matproduksjon verda over, noko som rammer alt frå produsentar til konsumentar) og over på action (ikkje-eksisterande gen-gris). Eg er svært kritisk til industrialisert landbruk, noko det er all grunn til å vere, og har hevda min kritikk i fleire artiklar, men det kreves langt tyngre våpen enn faktafeil om ein vil kritisere det mektige industrilandbruket internasjonalt.
Og kva kallar vi så denne forma for journalistikk: hærverk eller handverk?

Journalistar lir av ein vulgær og utilstrekkelig makforståelse, sa Martin Eide, professor ved Universitetet i Bergen på Frokost med Bernt i oktober 2009. Han om det, men påstanden fungerer på naturvitskapsrelaterte tema. Mykje av mediaproduksjonen på dette feltet minnar, som Eide sa om den politske journalistikken, meir om hærverk enn handverk. Dersom ein ser på publikum som sine oppdragsgivarar, leverer ein neppe det publikum har bestilt. Eit opplyst publikum, vel å merke. Eit uopplyst publikum er derimot lette å «lure».

Skrekkeksempelet siste året er svineinfluensaen der media ukritisk hypa pandemien månad ut og månad inn. Ein måtte til slutt late att både øyre og auge, men ikkje alle kan oversjå dekninga.
Angstbasert journalistikk kan drive Staten til å igangsette tiltak langt utanfor all fornuft og brenne av lassevis med millionar på unødvendige tiltak fordi «staten må gjere eit eller anna, kva som helst, alle mann til pumpene, redd skipet/ staten/ folket, for å roe publikum og tilfredsstille medias krav om at absoutt alt mellom himmel/ jord/ verdensrommet må gjerast for å redde oss frå den sikre undergang. (Host host, kva slags undergang?)
Ein kan vidare spekulere: oppstod svineinfluensaen i eit redaksjonslokale i Oslo?

Ein kunne, vel å merke om ein ville spekulere, stille spørsmål ved om svineinfluensaen var oppfunnen i ein hemmeleg lab i eit av mediehusa. Pandemien kom nemleg i grevens tid om ein tenker på kutt og nedskjeringar i disse økonomisk trange tider der stupande opplagsal for trashtabloidene og stadig færre journalistar på jobb er eit ubekvemt faktum å tilpasse seg.

Den svinske influensaen kom som ei gave frå oven: den angår oss alle, appellen til lesaren/ konsumenten er sterk, den angår vår helse og vår tryggleik, og kan lett puttast inn i sosiale drama med heltar og skurkar der pro-vaksine står mot anti-vaksine står mot småbarnsmor som ikkje får vaksine mot vondskapsfulle bedriftseigarar som snik i vaksinekøa med sine ansatte, mot vaksineprodusent mot bivirkningsramma til bivirknings-ikkje-ramma, vaksinekonspirasjonar og stengte grisefjøs. Sakene er lette å finne og inneber lite ressurskrevande journalistikk: caseansikt, personlige skjebner og tåredryppande historier står i kø. Ein kan brygge ei nyhendesak på antal vaksinerte, antal som ikkje er vaksinerte og så bortetter. Tala vil vere rykande ferske kvar einaste dag og byr dermed på ein evigvarande nyhendestraum. Naturvitskap er ei uutømmelig kjelde til action.
Problem: faktafeil er ok.

Men når du påpeiker for deg openbare faktafeil i saker som omhandlar naturvitskap, blir ein ikkje alltid hørt. Mange vil heilt sikkert avfeie faktafeila som er påpeikt i dette essayet som banale. Det er sjølvagt at feil kan forekomme, men når faktafeil blir til mange, utviklar dei seg til eit problem.

Kanskje blir det slik fordi naturviskapleg baserte problemstillingar er noko alle kan meine noko om, simpelten fordi den angår oss alle, våre liv og vår lagnad. Difor er det godt stoff. Difor bør det også bli god journalistikk ut av det. Tidligere forskning viser at massemedia er hovedkilden når det gjelder lekfolks kunnskap om klimaendring, og her startar problemet. Det er eit demokratisk problemet at ein manglar kunnskap om naturvitskap.

Trussel mot rettstryggleiken eller akseptabel kompetansemangel?

Nye og unge miljøjournalistar manglar kunnskap, samtidig som dei kritiske spørsmåla ofte uteblir, sa Kurt Oddekalv på journalistkonferansen Hauststormen på Voss i 2008. Dette kan gi seg kjipe utslag.

I 2006 melde den rabulistiske og useriøse dyrevernsorganisasjonen Noah og den litt meir ned-på-jorda-organisasjonen Dyrebeskyttelsen, ni pelsdyroppdrettarar i Gloppen i Sogn og Fjordane til politiet for dårleg pelsdyrhald. Noah påstod pelsdyrhaldarane braut lova. Ukritisk trykte lokalmediene Firda og NRK bileta Noahs fotograf hadde teke etter å ha brote seg inn på farmane. Dei trykte også falske anklager og løgn mot pelsdyroppdrettarane. I etterkant vart Noah- fotografen politianmeld og pelsdyrfarmarane frikjende.

Saka fortel oss noko om ei ukritisk presse som slår opp ei garantert lesarvennlig sak (kven er ikkje motstandarar av pelsdyroppdrett?), og igjen har ein eit godt anslag til ein nyhendehistorie: the good guy/ heltane (Noah og Dyrebeskyttelsen), the bad guy/ skurkane (pelsdyrfarmarane) og offera (pelsdyra). Ein har tilgang til gode bilete: mjuk pels mot kald netting.

Og sidan mediene ikkje hadde komptanse til å sjå gjennom historiene om pelsdyrfarmarane, og heller ikkje drog ut for å sjekke sjølv saman med kompetente kilder (Mattilsynet), vart pelsdyroppdrettarane hengt ut i landsdekkande medier til spott og spe med den personlige påkjenninga det må ha medført. Eg var sommarvikar i Firda då denne saka gjekk i trykken, men hadde (puhh) ikkje min byline på denne saka. Derimot sa eg, då saka starta, at dette neppe var ei sak. Eg fekk diverre rett.

Spørsmål: er dette ei forsvarlig pressedekning? Nei. Det utgjer ein trussel mot rettstryggleiken og eit eksempel på a) kunnskapsmangel i kombinasjon med b) slepphendt og ukritisk kildebruk. Eit openbart spørsmål, kan hende, er: kan ein forvente at journalistar skal sitte på slik kompetanse? Nei, kanskje ikkje. Men ein kan forvente at dei oppsøker kilder som gjer det, eventuelt at dei oppsøke åstaden sjølv. Nytt spørsmål: om ein så gjorde, ville ein makte å skille fleip frå fakta?

Pelsdyroppdrett er ei uetisk og høgst kritikkverdig næring. På same tid er det på ingen måte legitimt å henge ut lovlydige næringslivsaktørar som lovbrytarar i media sjølv om ein eller anna innbruddshungrig aktivist frå Noah misliker eksisterande lovverk/ har overbevist seg sjølv om at han har avslørt eit lovbrot.
Professor Bernt Hagtvet fortalde i januar 2010 til Universitas at han nett var komen heim etter seks månader i utlandet. Det hadde naturligvis vore ei lette å vere så lenge borte frå norske medier. Men profetane som var her då han drog, var her enda, fast bestemte på å frelse professoren, om enn ikkje frå svineinfluensa denne gongen. Og professor Hagtvet har eit problem han gjerne må jamre høglydt over i tida som kjem. Han er i hendene på aktørar frå legemiddelindustrien eller informasjonsbransjens falske profetar.

Dokumentasjon er ikkje alltid det den gir seg ut for å vere. Dette kan vere lett å gløyme når ein går «det godes» ærend. Dokumentasjon blir også vanskelig å vurdere når ein ikkje har kunnskapen. Fordommar og politisk korrekthet kan vere greit å legge frå seg. Pressa har ein veg å gå, men der det finst vilje, finst der veg.
«I Sogn har temperaturene allerede steget seks grader. Jeg målte det den første dagen jeg var der. Der var utvilsomt seks grader varmere i Sogn enn på Østlandet, jeg sjekket flere ganger, og ringte øyeblikkelig min sjef som fikk ut saken: «Maksimalt temperatursjokk rammer i Sogn». Rørt satte jeg meg ned på en gråstein for å trekke pusten. Et gigantløft lå foran meg. Jeg skulle redde Staten fra den sikre undergang, og mitt folk fra fortapelsen: Salig er den som leser ordene i denne profetien, og salige er de som hører dem og tar vare på det som der står skrevet. For tiden er nær.»

Klimajournalist.

(artikkelen er publisert i Antifestkrift, hösten 2010)

Populære innlegg fra denne bloggen

Når den døde bestemora di spring etter deg på alle fire

Igår las eg den første barneboka eg har lese på lenge. Den handla om eit spøkelse, trudde eg, men det viste seg at det var eit romvesen. Det handla rett og slett om eit romvesen som sat fast i eit romskip nedi jorda under ei gran ute i skogen etter å ha krasja i ein skogbrann. Det vart heile tida hinta til at dette skumle sat fast, så eg tenkte det var ein vampyr som sat fast i ei kiste (Den vesle vampyren), eller eit lik eller noko som var levande begravd (murt inn i veggen). Så eg sat da å vente på ein vampyr, ein varulv eller eit realt spøkelse. Potensielt ein kjekk Twilight-type. Men no kjem det verste av alt (Eksorsisten). Vesenet tar knekken på bestemora medan jenta ser på. Bestemora slenger seg hit og dit i senga og blod renner og hovud sprekk. Og så kryp vesenet inn i den døde bestemora til hovedpersonen og får denne døde bestemorskroppen til å drive å springe etter hovedpersonen. Det er det verste eg har lese på lenge. Beinpiper og innmat og blod og springande døde bestemødre

Dødsdrift blant skrivande menneske

Korleis bli eit skrivande menneske: Du er ikkje så spesiell som du trur at du er, og om du ikkje jobbar hardt, kan du hive talentet ditt på båten. (Kommentaren stod på trykk i Dag og Tid 28.november). Tirsdag (25.november) var det litteraturdebatt på utestaden Blå i Oslo: " Litteratur på Blå har invitert en forfatter, en forelegger og en forfatterskolelærer for å snakke om forskjellige strategier for å bli et skrivende menneske. Går du med en spirende forfatter i magen, bør du få med deg denne kvelden." Vi som av ulike årsaker er interessert i litteratur, møtte opp, og lokalet vart etterkvart smekk fullt. Dagen etter skreiv ei venninne til meg: "Jeg fikk egentlig fullstendig angst da jeg kom på Blå i går. Det er jo akkurat som å se seg selv klonet hundre ganger." Det er ein skummel følelse å sjå seg sjølv sugd inn i den kulturelle undergrunnen, ned i eit miljø som i stor grad kretsar rundt seg sjølv og sin eigen akse, som tilber og dyrkar seg sjølv, men som ogs

Frå motkultur til mainstream medkultur

Etter at lesarbrevet mitt « Imageproblemet Sogn og Fjordane » stod på trykk i Firda 26. februar 2007, gjekk debatten om imaget til fylket heit i fleire månader. Sidan den gong har Sogn og Fjordane hatt næringslivsmesser i Noregs tre største byar kvart år, gitt ut eit reklamebilag for seg sjølv i Aftenposten 27. januar 2009, og Førde har fått tenketanken Førde Framover , for å nemne noko. Den skandaleomsuste Vest Tank-ramma Gulen kommune har tatt omdømebygging inn i fireårsplanen sin. Eg seier ikkje at dette har noko med bunadbrenning å gjere. Eg berre seier at det har skjedd. Det er bra, og fordi det er bra, er eg på den fjordomsuste næringslivsmessa denne kalde tysdagskvelden. Og spørsmålet som kretsar rundt i hovudet mitt, er dette: Kva vil Sogn og Fjordane vere? Imagebygging er vanskelige greier. Dette har Kommunal- og regionaldepartementet (KRD) skjønt. No tilbyr dei omdømeskule for norske kommunar som slit med omdømet, og for å gi oss litt bakteppe for kva KRD legg i omdømeb