Først serverte Senterpartiet oss breibandsbløffen. No bløffar partiet om at dei ønsker å «ta heile landet i bruk», «ta enkeltmennesket på alvor» og «sleppe det private initiativet til». Den må dei lenger ut på landet med. (leserbrev i avisa Firda) «Eg drøymer om grøne arbeidsplassar, bygd på fornybare naturressursar, fiberbreiband til alle og moderne vegar og jernbane samt utvikling av kunnskaps- og kompetansearbeidsplassar i heile landet,» seier Liv Signe Navarsete på Senterpartiet si nettside. Spørsmålet eg stiller meg, er om Navarsete kjem til å oppfylle ein einaste av draumane sine, eller om dei kjem til å forbli ein draum. Frå nordområdene kjem det klager på manglande oppfølging av den legendariske Nordområdestrategien, lansert som sittande regjerings viktigaste utenrikspolitiske satsing. I nord treng dei vegar til transport, men i første omgang befinn desse vegane seg i ein draum, eller i ei snakkeboble. Dei finst ikkje i virkeligheten. Breibandsbløffen Og vi kan kanskje vere gla...