Gå til hovedinnhold

Navarsetes «gammel gubbe-retorikk»

Først serverte Senterpartiet oss breibandsbløffen. No bløffar partiet om at dei ønsker å «ta heile landet i bruk», «ta enkeltmennesket på alvor» og «sleppe det private initiativet til». Den må dei lenger ut på landet med.

(leserbrev i avisa Firda)



«Eg drøymer om grøne arbeidsplassar, bygd på fornybare naturressursar, fiberbreiband til alle og moderne vegar og jernbane samt utvikling av kunnskaps- og kompetansearbeidsplassar i heile landet,» seier Liv Signe Navarsete på Senterpartiet si nettside.

Spørsmålet eg stiller meg, er om Navarsete kjem til å oppfylle ein einaste av draumane sine, eller om dei kjem til å forbli ein draum. Frå nordområdene kjem det klager på manglande oppfølging av den legendariske Nordområdestrategien, lansert som sittande regjerings viktigaste utenrikspolitiske satsing. I nord treng dei vegar til transport, men i første omgang befinn desse vegane seg i ein draum, eller i ei snakkeboble. Dei finst ikkje i virkeligheten.

Breibandsbløffen

Og vi kan kanskje vere glad for at Navarsete har slutta med å love oss breiband, og held seg på den meir realistiske draumen om «fiberbreiband til alle»: i inneverande stortingsperiode lova Senterpartiet breiband til heile folket innan år 2007. Året kom og gjekk, men Senterpartiet heldt ikkje løftet sitt. Også 2008 kom og gjekk, og enda hadde dei ikkje makta komme i nærheten av å oppfylle lovnaden. Breibandsløftet til Senterpartiet hadde vist seg å vere ein breibandsspøk.

Men spøken stoppa ikkje der. Senterpartiets hadde også lova breiband til alle til lik pris innan år 2007. Om vi tar ein virkelighetssjekk på prisen, finn vi at også dette var ein spøk frå Senterpartiets side. Breiband kostar per i dag langt over dobbelt så mykje i Sunnfjord som på Grünerløkka i Oslo.

Senterpartiet blir bakstreverske

Men det stoppa ikkje der. Etter å ha servert oss to breibandsspøkar på rad, tillot Senterpartiet seg å gå frå å vere spøkefulle til å bli bakstreverske: dei lova breiband til heile landet innan år 2017. Kraftig modifisering med andre ord. Det er kanskje ikkje så rart Navarsete skriv at ho «drøymer om fiberbreiband til alle» all den tid 2017 ligg altfor langt fram i tid. I passelig draumeavstand, utan forpliktelsar. Problemet er berre at draumeavstanden er for lang til at den går opp med resten av partiets draumar for distrikts-Norge.

2017 er altfor lite ambisiøst for eit parti som påstår at dei arbeider for utvikling av norske distrikt, samt «drøymer om grøne arbeidsplassar, bygd på fornybare naturressursar». Utan breiband er det nemlig komplett umulig for mange å arbeide desentralisert, grøne ressursar eller ikkje.



Ta heile landet i bruk-bløffen

«Ta heile landet i bruk, ta enkeltmennesket på alvor og slipp det private initiativet til», seier Morten Edvardsen frå Finnmark Sp i ei anna snakkeboble på nettsida, og akkurat denne påstanden, (eller er det kanskje ein draum dette også?) treng vi ikkje gå langt bakover i tid for å finne ut at partiet ikkje kan stå inne for.

Forskar Georg Arnestad sa nyleg til Firda at Sogn og Fjordane taper i høve til nabofylka på Vestlandet, fordi dei har for mange bondepolitikarar som er opptekne av livet på landsbygda. Akkurat dette kan han nok ha rett i, eller urett i, men det som er interessant med saka, er ikkje dei synkande bondepolitikarane, men måten Navarsete svarer Arnestad på.

Navarsetes vendetta mot Arnestad

Navarsete har tydeligvis gått tom for krutt, eller argumenter. Eventuelt ser ho at bygda synk som eit skip under prehistoriske navigatørar som anser det som godt nok å omtale breiband til alle som «ein draum». Eventuelt er ho forbanna: ein som er forskarar som utbasunerar standpunkt ministeren ikkje klarer forhalde seg til, er nødvendigvis "ein gretten gammal gubbe med Ap-sympatiar" (Georg Arnestad) eller Frp-ar (Idar Mo).
Det var litt av ein retorikk frå ministerhald, gitt. Og så Ap-sympatier da. Rødgrøne regjeringssympatiar må tydeligvis vike for personangrep når Navarsete kastar seg på ein personlig vendetta mot ei av dei få originale stemmene som finst i fylket. Det er ganske så ufriskt, og det stinkar av personlig vendetta.

Begrensar tankerommet, bremsar utviklinga

Det er rivande likegyldig kva Arnestad før må ha sagt og gjort som får det til å klø på Navarsetes rygg når ho høyrer namnet. Det som ikkje er likegyldig, er at ministeren på denne måten legitimiserer skitne debattaklingar.
Eg forventar at ein minister som påstår ho er pro distriktet, heller enn å senke takhøgda for tenkning rundt distriktsutvikling, bidrar til å heve den. Eller er «Ta heile landet i bruk, ta enkeltmennesket på alvor og slipp det private initiativet til», som det så fint står på Senterpartiets heimesider, berre nok ein dårlig Senterpartispøk?
Eg lurer på korleis Navarsete har tenkt å få til «privat initiativ» samt «bruk av heile landet» og «å ta enkeltmenneska på alvor» dersom det er slik flau og uinteressant personretorikk ho har tenkt å bruke. Dette er på ingen måte ein utviklingsorientert måte å kommunisere på, og det antar eg ministreren er klar over. Det er ikkje rart vegane i fylket ikkje blir betre når våre politikarar på tinget ikkje maktar heve seg over “grette gubbe”-nivået.

Populære innlegg fra denne bloggen

Når den døde bestemora di spring etter deg på alle fire

Igår las eg den første barneboka eg har lese på lenge. Den handla om eit spøkelse, trudde eg, men det viste seg at det var eit romvesen. Det handla rett og slett om eit romvesen som sat fast i eit romskip nedi jorda under ei gran ute i skogen etter å ha krasja i ein skogbrann. Det vart heile tida hinta til at dette skumle sat fast, så eg tenkte det var ein vampyr som sat fast i ei kiste (Den vesle vampyren), eller eit lik eller noko som var levande begravd (murt inn i veggen). Så eg sat da å vente på ein vampyr, ein varulv eller eit realt spøkelse. Potensielt ein kjekk Twilight-type. Men no kjem det verste av alt (Eksorsisten). Vesenet tar knekken på bestemora medan jenta ser på. Bestemora slenger seg hit og dit i senga og blod renner og hovud sprekk. Og så kryp vesenet inn i den døde bestemora til hovedpersonen og får denne døde bestemorskroppen til å drive å springe etter hovedpersonen. Det er det verste eg har lese på lenge. Beinpiper og innmat og blod og springande døde bestemødre ...

Faktafeil om eggproduksjon frå Matprat

Matprat påstår at levetid for høner er 70 veker. Dette er ein faktafeil. Deretter blir dei slakta og solgt som høns, skriv matprat. Dette er også ein faktafeil. Dei fleste høner blir gass  ihjel og etterpå brent.  Fakta er at verpehøner i industrielt verpehønshald blir slakta etter 70 veker. I naturen, eller om dei får sjansen, kan høner leve i opp mot ti år. Levetida er altså ganske mykje lenger enn matprats påståtte 70 veker. Slik Matprat framstiller det, kan det oppfattes som at høner blir slakta når deira levetid likevel er slutt. Dette er altså feil. Dei blir slakta lenge, lenge før. Verpehøner i industrielt fjørfehald har fått rugeeigenskapane sine bortavla. Dei kan altså ikkje formeire seg naturleg. Dei må rugast ut i rugemaskin. Høner i naturen ville lagt to tre fire kull med kyllingar per år, med rundt ti kyllingar i kvart. Det er ikkje naturleg for ei høne å verpe kvar dag, men gjennom avl har ein fått fram høner som verp seks egg i veka, og ein avlar...

Med døden på jobb. Farlege dyresjukdommar, dramatiske følger.

  I følge FN er 75 prosent av patogenene (virus, bakterier, sopp) som har dukka opp siste tiåret, zoonosar, altså sjukdomar som smittar mellom dyr og menneske. Eg havna som veterinær høsten 2011 oppi det størte miltbrannsutbrotet i Sverige etter andre verdskrig. Miltbrann, eller Anthrax, er ein zoonose, det vil sei ein sjukdom som smittar frå dyr til menneske. Eg trakk på meg verneutstyr og masker, og gjekk inn mellom stinkande kadaver for å leite etter ukoagulert blod og mangel på likstivheit, to av kjenneteikna ved miltbrannsdaude dyr. Aguer og tarm er hakka ut av ravnar, det renn blod. I blodet kan det finnast dødelege sporar. Eg kan sjølv bli sjuk. Det er uhyggelig og kan faktisk vere livsfarleg.  Les om miltbrann i Norge. Under ein sermoni i Roma erklærte FN Rinderpest, eller kvegpest, som offisielt utrydda.   Kvegpest spreidde seg med kveg som vart frakta med militæret og via handel med levande dyr. Den industrielle revolusjonen med oppfinninga a...