Så var det på tide med lansering av ny bok med hest, andre dyr og dyrlegar. Til høsten kjem Elise og mysteriet på hesteklinikken . Nærmare bestemt medio august! Media er generelt meir interesserte i vaksenlitteratur enn i barnelitteratur, og eg hadde lyst til å lage nokre korte filmar basert på Elisebøkene. Så kva skulle vi då finne på for å få fokus på Elisebøkene? Jo Nesbø har nett lansert Politi, og mange forfattarar ønsker ikkje å lansere bøker i same tidsrom sidan Nesbø stel heile medieshowet. Min strategi er ganske enkel. Eg har skrive bøker, eg vil at folk skal lese dei, og for at folk skal lese dei, må dei vite om bøkene. Så korleis får folk vite om bøkene? Jo, blant anna via presseomtale. Så då inviterte eg media til filmsettet. Her ser vi resultatet nedover i bloggposten. Eg har tru på å skape ei historie rundt ei bok. No har vi laga historia om at vi spelar inn filmsnuttar ved bruk av lokale amatørar og dugnadsprosjekt. Dette hadde aldri vore mogeleg utan alle som stil...