Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra april 5, 2012

Visste du at norske slaktekyllingar får antibiotika i maten...

kvar dag fram til eit par dagar før slakting? Kvart år dør 25 000 menneske i Europa som ein følge av antibiotikaresistens. Nam nam. Her ser du to gamle høner med ekstrem flaks. Den brune her skulle egentlig blitt burhøne og slaktast etter rundt 70 veker i bur. Istaden blei den hagehøne og levde nesten ti år, samt hadde eigne kyllingar. Den har personlighet så det ryker etter og eigne meiningar om alt. Og nei, eg trur ikkje at dyr er mennesker, men moderne vitenskap viser oss at dyr kan ressonere og lære, altså kan dei tenke. Her ser du ein anna slags påskekylling. Nemlig ein påfuglkylling. Den et kokt egg. Påfuglkyllingar veks ekstremt sakte og bruker to år på å bli vaksne. Men så får dei inga antibiotika i maten og er heller ikkje avla fram for å skaffe billeg kjøt. Tippar at det første som hadde blitt gjort om ein skulle omdanne påfugl til industrifugl, var å avle vekk halen. Halen krev altfor mykje energi å gro, og det ville vore altfor dyrt å importere store mengder kraft