Gå til hovedinnhold

Imageproblemet Sogn og Fjordane

(Innlegget som var utgangspunkt for debatten om fylket sitt image i desse dagar er her gjengitt i si heiltheit. stod på trykk i Firda mandag 26.feb 2007).

Eg skjønar ikkje kvifor fylket absolutt skal markedsføre seg som om det var ein kostymekoloni frå fortida. Det er på tide å tenne eit bunadsbål og slakte eit par fjordingmyter.

Eg kjem frå Sogn og Fjordane, eg snakkar og skriv nynorsk, har ridd på fjording, eig ein Sunnfjordbunad og har ei sæter på heia med gras på taket. Eg lærte å danse folkedans på skulen, og voks opp på ein gard like ved ein fjord, ved foten av eit fjell.
Sånn sett lever eg opp til alle klisjeane ein måtte ha om Noregs streitaste streitingfylke og folka der. Trivselsfylket, annleisfylket, Sogn og Fjordane, fjordafylket, verdas beste stad å bu ifølgje statestikken. Men for seks år sidan lot eg bunaden henge og flytta til Oslo. Det var på tide å skaffe seg høgare utdanning. No er eg høgt utdanna, eg har alt bunad, no søker eg jobb.
Og sjølv om eg likar nasjonalromantiske fjell: Eg skjønar ikkje kvifor fylket på død og liv skal markedsføre seg som om det var ein kostymekoloni frå fortida. Det stemmer jo ikkje med verkelegheita.
For meg er heime fjella og heia, men også folk eg kjenner som lagar film, jobbar i TV, arrangerar lokale filmfestivalar, spelar i band, driv designerfirma og gir ut bøker, men når kongen feirar sytti, sender fjordingfylket med imageproblemet seksti bunadkledde kvinner og menn til Tigerstaden. Greit nok. Kongen har bursdag, men sånn generelt:
Eg kjenner meg ikkje att i imaget fylket prøver å skape seg utad. Kjem eg ikkje frå Sogn og Fjordane? Eller er eg for normal, for lite på innsida av den lokale bunadseliten, til at eg i det heile tatt kan kjenne meg att i markedsføringa? Eg lurer på kven det er som legg PR-strategien til fylket utad. Dei som gjer det, har iallefall ikkje sjekka ut kva som sel i det tjuande århundre.
Og eg lurer ofte på kvifor Sogn og Fjordane absolutt skal markedsføre seg som eit fylke som stagnerte ein gong på attenhundretalet.
Kvifor marknadsfører ikkje fylket seg for eksempel ved hjelp av det up and coming unge trommetalentet Kurt Andrè Aase frå Bygstad? Er han for mainstream og trendy for annleisfylket? Kva med kultidolet Mariann i Surferosa? Moods of Norway, Nordic Innovatheque i Dale, forfattar Olaug Nilssen, Idol-Tone for å nevne nokon.
Eg spør meg kvifor ein ikkje nyttar unge menneske som får ting til å skje, til å skape historia om Sogn og Fjordane. For det er til ein stor grad historia om fylket som sel. Det har Mood of Norway lært seg. Dei sel klede, men også historia om kleda, og dei har suksess. Historia om Sogn og Fjordane, imaget, slik den vert presentert i dag, sel derimot ikkje. Folk flyttar som piska skinn, og folk som aldri har budd her, føler ikkje bunadstakken kalle.
I sommar tok eg på oppdrag for Firda, turen til Jølster for å spørje to høgt utdanna unge kvinner om kvifor dei valde å flytte til fagre Sunnfjord. Var det bunader, fjordhestar, vikingskip og vakker natur som trekte dei hit?
Joa, vakker natur er flott, men først og fremst ville dei ha ein relevant jobb. Og dei hadde aldri kome hit om det ikkje var for kjærleiken.
For kva er det unge menneske vil ha. Dei vil ha jobb og kjærleik. Finn dei ikkje ein spanande jobb og ein partnar dei likar, kan Sogn og Fjordane sende delegasjon etter delegasjon for å danse i bunad rundt konge etter konge i generasjonar framover. Folketalet vil fortsette å stupe i taparfylket.
For det er taparfylket Sogn og Fjordane blir kalla av avdelingsdirektør Frode Henden i Arbeids og Velferdsforvaltninga (NAV) i Sogn og Fjordane. Folk vil ha jobb, jobb, jobb. Bunadane kan godt brukast til golvtepper for min del så lenge eg har noko artig å drive med, og eg er representativ.
Hei! Det er på høg tid å vakne, de som marknadsfører Sogn og Fjordane. De har ingen rett til å tilsmusse fylket sitt rykte med bunadstant og fjas. De har ingen rett til å klistre denne myten på oss unge som kjem derifrå. Det blir ein stor jobb for oss å rydde opp i dette ryktet i etterkant, og då er det kanskje alt for seint.
Det er på høg tid å markedsføre Sogn og Fjordane på premissene til målgruppa. Har de jobbar å tilby oss, fortell oss om dei. Har de tomter, happenings og barnehageplassar, skrik det ut før fylket kun består av ei handfull menneske viss einaste tidsfordriv er å sy bunader til kongelege bursdagar.
Det er på høg tid å skifte PR-strategi, mobilisere oppdaterte unge menneske som følgjer med i tida, lage eit stort bunadsbål på festplassen i Førde og slakte eit par fjordingmyter. Nasjonalromantikken var over på attenhundretalet.

Populære innlegg fra denne bloggen

Når den døde bestemora di spring etter deg på alle fire

Igår las eg den første barneboka eg har lese på lenge. Den handla om eit spøkelse, trudde eg, men det viste seg at det var eit romvesen. Det handla rett og slett om eit romvesen som sat fast i eit romskip nedi jorda under ei gran ute i skogen etter å ha krasja i ein skogbrann. Det vart heile tida hinta til at dette skumle sat fast, så eg tenkte det var ein vampyr som sat fast i ei kiste (Den vesle vampyren), eller eit lik eller noko som var levande begravd (murt inn i veggen). Så eg sat da å vente på ein vampyr, ein varulv eller eit realt spøkelse. Potensielt ein kjekk Twilight-type. Men no kjem det verste av alt (Eksorsisten). Vesenet tar knekken på bestemora medan jenta ser på. Bestemora slenger seg hit og dit i senga og blod renner og hovud sprekk. Og så kryp vesenet inn i den døde bestemora til hovedpersonen og får denne døde bestemorskroppen til å drive å springe etter hovedpersonen. Det er det verste eg har lese på lenge. Beinpiper og innmat og blod og springande døde bestemødre ...

Spelet om ØKO-maten, The øko-GAME: Marked - forbruker

Om spriket mellom PR og røyndom. (Med andre ord-artikkel publisert i Klassekampen 26.februar 2010) Bønder er og blir ei spesiell gruppe. Før var det høgstatus å vere storbønder. No er du er ein systematisk dyremishandlar, industriforbrukar av stakkars kyr og ellers ein trussel mot vår alles eksistens. Du tømmer dritt ut i atmosfæren, og driver oss alle lukt i undergangen. Før var det lågstatus å vere småbonde. Du hadde mindre makt, mindre pengar, sat gjerne på leigd jord og måtte sende alle sønene dine til USA om dei ville overleve. Du hadde så lite gras over vinteren at kyrne dine knapt klarte stå på beina når du slapp dei ut om våren, og du budde i eit lite hus fullt av ungar du streng tatt ikkje burde hatt meir enn halvparten av. No er det høgstatus å vere småbonde. Du er småskala og naturvennlig, lever gjerne på ein stad der ingen skulle tru at nokon kunne bu, og småskala kyr er innhylla i eit mytologisk teppe av grønt gras under spreke klauver. Dei har forgyl...

Faktafeil om eggproduksjon frå Matprat

Matprat påstår at levetid for høner er 70 veker. Dette er ein faktafeil. Deretter blir dei slakta og solgt som høns, skriv matprat. Dette er også ein faktafeil. Dei fleste høner blir gass  ihjel og etterpå brent.  Fakta er at verpehøner i industrielt verpehønshald blir slakta etter 70 veker. I naturen, eller om dei får sjansen, kan høner leve i opp mot ti år. Levetida er altså ganske mykje lenger enn matprats påståtte 70 veker. Slik Matprat framstiller det, kan det oppfattes som at høner blir slakta når deira levetid likevel er slutt. Dette er altså feil. Dei blir slakta lenge, lenge før. Verpehøner i industrielt fjørfehald har fått rugeeigenskapane sine bortavla. Dei kan altså ikkje formeire seg naturleg. Dei må rugast ut i rugemaskin. Høner i naturen ville lagt to tre fire kull med kyllingar per år, med rundt ti kyllingar i kvart. Det er ikkje naturleg for ei høne å verpe kvar dag, men gjennom avl har ein fått fram høner som verp seks egg i veka, og ein avlar...