Gå til hovedinnhold

Spelet om ØKO-maten, The øko-GAME: Marked - forbruker

Om spriket mellom PR og røyndom.

(Med andre ord-artikkel publisert i Klassekampen 26.februar 2010)


Bønder er og blir ei spesiell gruppe. Før var det høgstatus å vere storbønder. No er du er ein systematisk dyremishandlar, industriforbrukar av stakkars kyr og ellers ein trussel mot vår alles eksistens. Du tømmer dritt ut i atmosfæren, og driver oss alle lukt i undergangen.

Før var det lågstatus å vere småbonde. Du hadde mindre makt, mindre pengar, sat gjerne på leigd jord og måtte sende alle sønene dine til USA om dei ville overleve. Du hadde så lite gras over vinteren at kyrne dine knapt klarte stå på beina når du slapp dei ut om våren, og du budde i eit lite hus fullt av ungar du streng tatt ikkje burde hatt meir enn halvparten av.

No er det høgstatus å vere småbonde. Du er småskala og naturvennlig, lever gjerne på ein stad der ingen skulle tru at nokon kunne bu, og småskala kyr er innhylla i eit mytologisk teppe av grønt gras under spreke klauver. Dei har forgylte horn som glitrar i sola. Dessutan er desse småskala økokyrne eit teikn på det motsette av apokalypse. I økokuas teikn lagar vi barnemat så kjernesunn at ein kvar med respekt for seg sjølv, gir ungen lite anna. På Grunerløkka vassar ein i småbarnsforeldre med pappkaffekrus og økomat i barnevogna. Dei vil gullet sitt det beste. Dette tjener økolandbrukets aktørar på. (Dette innlegget handlar om økomelk og kjøt, ikkje grønsaker).

Ein er fullstendig avhengig av forbrukaren si kunnskapsløyse om ein vil selge økologisk melk og kjøt som nettopp økologisk.


"Røttene til den norske befolkningen er i stadig større grad i ferd med å urbaniseres. En stadig mindre del av befolkningen er født på landet, og stadig færre kan komme til å ha slekt og kontakt med folk utenfor byene." Dette sa Kjetil Sørlie, forsker ved Norsk institutt for by- og regionsforskning (NIBR), til Klassekampen i 2007 (19.november).


Alt no er det teikn til at ungdommen ikkje forstår bakgrunnen for landbruksoverføringane, sa Sørlie og vidare: «Den geografiske utjevningen av forskjeller vi i noen generasjoner har hatt, kan komme til å stoppe opp dersom det blir mindre flytting mellom regionane. Om så skjer, forsvinn legitimiteten for interessene til bygda.»


Forbrukarane veit like lite om landbruk som publikum på eit sirkus veit om elefantar. Ellers hadde ein aldri fått solgt økomat dyrare enn konvensjonell. Det er heller ingen som krev anna av landbruket enn «nei til pels». Det kreves ingen kunnskap for å forstå at pelsdyrnæringa er uetisk. Ein ser derimot ikkje dei reelle strukturelle problema bak pelsen. Ein manglar grunnleggande kunnskap om biologi og matproduksjon, både blant forbrukarar, i pressa og politikken.

Difor blir det slik: Heller enn reell økomat, mat på naturens premiss, bønders arbeidsforhold, dyrevelferd og strukturelle problem, handlar norsk mat i stor grad om merkevarebygging og medias makt over sinnet. Media elskar smått og godt. Det er politisk korrekt å digge kortreist mat produsert på minifarm, gjerne produsert av ein låvenisse som har reallisert seg sjølv som nettopp dette. Han må gjerne vere fjellklatrar på si. Jo meir romantisk, jo sunnare er det.

Biletet av norske bønder er underlig. Noko er riv ruskande gale ein stad. Aktørar i marknaden, ikkje bøndene, har klart å skape eit bilete så skeivt at du nesten trur det er sant. Ein må heilt til fjøsdøra, gjerne innanfor, for å avsløre den konstruerte forskjellen mellom småskala og storskala landbruk, konvensjonelt og økologisk, i Norge.

Økofolket med Oikos, fellesorganisasjonen for økologisk produksjon og forbruk, i spissen, kjempar for å oppretthalde eit kunstig skille mellom økologisk og konvensjonelt, sjølv om skilnadane mellom enkeltprodusentar innanfor dei to segmenta er større enn mellom dei to i heilheit. Dette tapar landbruket på.


Oikos formidlar informasjon som framstiller alt ved økologisk produksjon i eit mest mulig gunstig lys, samtidig som at dei einsidig formidla informasjon av negativ karakter for annan type produksjon. Det er grunn til å spørre om Oikos er blitt en spydspiss mot norsk landbruk - på sikt også mot Debio-produsentane.

Det er nødvendig å auke sympatien for norsk matproduksjon all den tid næringa er såpass tungt statlig subsidiert, samt at stadig færre har røtene sine på bygda og ikkje lenger kjenner til korleis mat blir produsert. Dei har ergo også mindre sympati for matprodusentane all den tid dei ikkje kjenner seg att i landbruket si framstilling av virkeligheten. Det kan likevel vere risikabelt å undervurdere forbrukarane. Merkevarer bør vere sanne om dei skal overleve.

På bygda veit vi at økologisk melk og kjøt berre er ein merkelapp. Men dette må du vere på bygda, eller ha ein viss innsikt i landbruk, for å kunne sjå. Folk legg om til økologisk på grunn av at då får ein auka tilskot til drifta. Det er allment kjent og uttalt.

Og fordi det handlar om bissniss, går Debio hardt ut mot Tine og krev at all Biola melk skal lagas frå økologisk melk. Årsak: ordet «bio» kan lure forbrukarane. Debio jobbar ikkje for bøndene eller naturen. Då hadde dei ikkje fronta splitt og hersk symbolsaker som dette som skadar både dei sjølv og Tine. Dei jobbar for ideologi, høgt heva over både melk og kyr. Problemet er at ideologien ikkje er mulig å realisere innanfor dagens landbruk sine utviklingstrendar.

Men heller enn å etterstrebe strukturelle endringar som ville ha opna opp for produksjon av reell økomat i Norge, forsvarar ein dagens økoprodukt av hensyn til marknadsandelar og merkevare. Ein seier seg nøgd med å Debio-ø-stempla mat som i realiteten er konvensjonelt produsert heller enn å sei det rett ut, som sant er, at i Norge er det ikkje tilrettelagt for produksjon økomelk og -kjøt. Ein har sett ei gradvis konvensjonalisering av økolandbruket både nasjonalt og internasjonalt, som Bjørn Egil Flø skreiv i Klassekampen 22.februar.

Markedsandeler er eit stikkord her, og økomelksalget har, ifølge Oikos, gått ned siste par åra. Dette må ein gjere noko med. Oikos skulda i Aftenposten 23.februar på den nye designen på melkekartongane til Tine, og seier at dette er skuld i nedgangen i salg, men vi veit alle at du skal vere rimelig blind om du ikkje ser forskjell på økomelk og anna melk på butikken. Mitt spørsmål er om ikkje forbrukarane har begynt å sjå gjennom den konstruerte økomerkevara kjøt og melk?

Men det aller mest underlige med økosirkuset, er at det er forkjemparane for økomat og miljø som mest av alt har gått i fella. Hadde forkjemparar for økomat hatt interesse for økomelk og kjøt, hadde dei forlangt at det vart lagt til rette for produksjon av reell økologisk mat, men det gjer dei ikkje. Årsak: forkjemparane har tilsynelatande ikkje meir kunnskap enn forbrukarane.


Ordet show er i det heile eit godt ord. Fakta: medan heksekunster og andre trylleformlar ikkje blir anbefalt i konvensjonelt landbruk, blir økobønder anbefalt å nytte homøopatisk medisin som første behandlingsalternativ på sjuke dyr sjølv om der ikkje finst dokumentasjon på at homøopatisk medisin har effekt på husdyr. Dette er etisk betenkelig. Om dei også på sikt innførte kasting av stål over låven for kyr med jurbetennelse, ville ein for alvor ha fått fram useriøsiteten i deler økoregelverket, men så langt trekk dei det ikkje. Ein må trass alt følge trendane. Homøopati er inn tida, stålkasting avleggs. Kanskje blir det neste engleskule for økokyr, vel å merke om det kan bidra til å auke salget.


Økologisk bidreg til stigmatisering av heile landbruket. Den eine halvdelen blir framstilt som dei vonde, og den andre halvdelen lever av å lure forbrukarane. Det kan jo ikkje gå bra.


Kulturlandskap

Lat oss vidare sjå på dette:

"En strategi for næringsutvikling i landbruket må ta utgangspunkt i, og forsterke de unike kvalitetene norsk landbruk representerer. Dette er for eksempel et aktivt småskalalandbruk over hele landet, matproduksjon langt mot nord og høyt til fjells, lokale mattradisjoner og matkultur, et vakkert kulturlandskap og store utmarksarealer".

Det er signert Terje Riis Johansen, Landbruks- og matdepartementet sin strategi for næringsutvikling 2007-2009.

Smått, bratt og tungdrive blir her trekt fram som konkurransefordelar. Han seier ingenting om luselønna som blir utbetalt for den drittjobben det er å drive desse små gardane, korleis staten let folk «oppretthalde kulturlandskapet» i kompensasjon for slavelønn eller kor mange odelsetterkomarar av bønder som tviheld på slektsfarmar som fjellhytter, og på denne måten bidreg til avfolking av utkanstrøk.

Lat oss sjå på desse punkta.

Eg kjem frå ein gard i Sogn og Fjordane. Der er det smått, vilt og vakkert i alle betydningar av ordet. Her har vi rydda kulturlandskap. Ein brukte titals timar på å fjerne kratt i eit bratt og uframkommelig beite fullt av stein og myr. For dette fekk ein utbetalt ein slikk og ingenting. Lønnsutbetalar var staten. Underbetaling avslørt i byggebransjen, ved bruk av illegal arbeidskraft eller polakkar, bleiknar i forhold.

Lat oss vere litt ærlige med oss sjølv. Kva skal vi vel med kulturlandskap etter når ein ikkje er villige til å betale for det?

Fulltid eller deltid

Å vere fulltidsbonde, krev fulltidsjobb på garden. Ein småskala bonde, som er idealisert og idyllisk, arbeider gjerne utanfor garden i tillegg. Ein fulltidsbonde opparbeider seg ofte ein høgare kompetanse på gardsdrift og dyrestell ein ein småskala, og blir dermed ein meir profesjonell forvaltar. Han kan føre tilsyn med dyra heile dagen. Dessuten slepp han jobbe seg til døde, bli utbrent og legge ned. Men i Norge vil vi ha idylliske deltidsbønder.

Det må leggast til rette for heiltidsbønder av hensyn til kvaliten på drifta, dyrehaldet og for bondens eigen del: helsemessig og arbeidsforhold.

Endringa mot naturnær mat og berekraft er alt forsøksvist gjennomført. Men ein kan ikkje berre endre retorikken. Ein må også endre handlingane. Norsk mat er for verdifull og for viktig til at ein kan rote den til. Legg til rette for reelle økoprodukt av kjøt og melk, ikkje berre merkevarer.


Stadig færre kjenner røynda på bygda. I eit slik klima står bøndene stadig meir makteslause. Fulle av påklistra merkelappar, midt i skau som gror att med drittlønn og fulltidsjobb på si. Er det rart dei legg ned?



Anne Viken har odelsrett og er utdanna veterinær frå NVH i Oslo.

Populære innlegg fra denne bloggen

Når den døde bestemora di spring etter deg på alle fire

Igår las eg den første barneboka eg har lese på lenge. Den handla om eit spøkelse, trudde eg, men det viste seg at det var eit romvesen. Det handla rett og slett om eit romvesen som sat fast i eit romskip nedi jorda under ei gran ute i skogen etter å ha krasja i ein skogbrann. Det vart heile tida hinta til at dette skumle sat fast, så eg tenkte det var ein vampyr som sat fast i ei kiste (Den vesle vampyren), eller eit lik eller noko som var levande begravd (murt inn i veggen). Så eg sat da å vente på ein vampyr, ein varulv eller eit realt spøkelse. Potensielt ein kjekk Twilight-type. Men no kjem det verste av alt (Eksorsisten). Vesenet tar knekken på bestemora medan jenta ser på. Bestemora slenger seg hit og dit i senga og blod renner og hovud sprekk. Og så kryp vesenet inn i den døde bestemora til hovedpersonen og får denne døde bestemorskroppen til å drive å springe etter hovedpersonen. Det er det verste eg har lese på lenge. Beinpiper og innmat og blod og springande døde bestemødre

Dødsdrift blant skrivande menneske

Korleis bli eit skrivande menneske: Du er ikkje så spesiell som du trur at du er, og om du ikkje jobbar hardt, kan du hive talentet ditt på båten. (Kommentaren stod på trykk i Dag og Tid 28.november). Tirsdag (25.november) var det litteraturdebatt på utestaden Blå i Oslo: " Litteratur på Blå har invitert en forfatter, en forelegger og en forfatterskolelærer for å snakke om forskjellige strategier for å bli et skrivende menneske. Går du med en spirende forfatter i magen, bør du få med deg denne kvelden." Vi som av ulike årsaker er interessert i litteratur, møtte opp, og lokalet vart etterkvart smekk fullt. Dagen etter skreiv ei venninne til meg: "Jeg fikk egentlig fullstendig angst da jeg kom på Blå i går. Det er jo akkurat som å se seg selv klonet hundre ganger." Det er ein skummel følelse å sjå seg sjølv sugd inn i den kulturelle undergrunnen, ned i eit miljø som i stor grad kretsar rundt seg sjølv og sin eigen akse, som tilber og dyrkar seg sjølv, men som ogs

Frå motkultur til mainstream medkultur

Etter at lesarbrevet mitt « Imageproblemet Sogn og Fjordane » stod på trykk i Firda 26. februar 2007, gjekk debatten om imaget til fylket heit i fleire månader. Sidan den gong har Sogn og Fjordane hatt næringslivsmesser i Noregs tre største byar kvart år, gitt ut eit reklamebilag for seg sjølv i Aftenposten 27. januar 2009, og Førde har fått tenketanken Førde Framover , for å nemne noko. Den skandaleomsuste Vest Tank-ramma Gulen kommune har tatt omdømebygging inn i fireårsplanen sin. Eg seier ikkje at dette har noko med bunadbrenning å gjere. Eg berre seier at det har skjedd. Det er bra, og fordi det er bra, er eg på den fjordomsuste næringslivsmessa denne kalde tysdagskvelden. Og spørsmålet som kretsar rundt i hovudet mitt, er dette: Kva vil Sogn og Fjordane vere? Imagebygging er vanskelige greier. Dette har Kommunal- og regionaldepartementet (KRD) skjønt. No tilbyr dei omdømeskule for norske kommunar som slit med omdømet, og for å gi oss litt bakteppe for kva KRD legg i omdømeb