Gå til hovedinnhold

Knausgård fekk skrivesperre av skriveskule. Det fekk eg og.

Idag les eg i VG at Knausgård fekk åtte års skrivesperre av å gå på Skrivekunstakademiet i Bergen. Dette er ikkje uforståelig. Eg har også gått såkalt forfatterskole, om enn litt mindre omfattande enn akademiet i Bergen. Eg fekk også påført skrivesperre.

Men då eg sa at eg fekk skrivesperre av å gå på skriveskule, fekk eg kjeft av skrivelæraren: Om du får skrivesperre av å lære å skrive, har du ingenting her å gjere, sa ho.

Det var eg enig i. Sånn nesten enig. Jo meir eg lærte, jo dårligare skreiv eg. Eg skreiv meg ut av mitt gode skinn og inn i nokon andre sitt.

Henta frå mine notatar på skriveskule:

Skriveskular kan gjere det litterære rommet trangare. Ein skal vite kva ein gjer når ein prøver å lære folk og skrive, ellers kan ein føre sine disiplar inn på ein sti så smal og med så solide skylappar på, at dei ikkje maktar tenke sjølv. Resultatet kan bli: ein får uoriginale stemmer og uoriginal litteratur låst fast i trange rammer og malar.

Ein må kunne nok til å bryte reglane, ja, men då må ein også lære nok til å kunne bryte dei.

Alle kan lære seg triksa, ikkje alle kan bruke dei. Det er desse siste som ikkje får det til og som føkkes av skriveskulane. Eventuelt dei som er for dumme til å fatte at skriveskulen kun er input, ikkje fasit, som meg sjølv. Men måten stoffet predikeres på, fører uansett til at ein får det framstilt som det rette, og gjerne det einaste rette. Då eg tok opp problemet på skriveskulen, vart eg møtt med: alle dine litterære forbilder skriv etter denne malen! (Eg tenker: da har du ikkje lest dei).

ja, kanskje, mange av dei. Ikkje alle. Og der finst ein underskog av litteratur som ikkje er skriven etter dei basale prinsippa ein lærer på forfatterskolen. Teller den ikkje?

Og det er salgsmalen vi lærer? Kvifor lærer vi ikkje om poesi? Kvifor lærer vi aldri nokonting om smalare litteratur, dikt, fanziner som kan inspirere, men om å trekke kort og flytte rundt på kjøleskapmanetar for å trylle fram nye idear? Ein forsøkte å dyrke fram ein slags einsretta mal på korleis ein skal skrive og bøker som kan potensielt, eller kanskje, selge litt.

Eg vart i lengre periode påført skrivesperre. Dei føkka med stemma mi, påførte meg tvangstanker om formelkorrekt skriving og fekk meg til å miste mitt litterære eg.

Dei malstyrte manusa mine, som var uoriginalt og konstruert pjatt som eg ved hjelp av formelark og gangetabell hadde vore i stand til å smøre sammen på ei helg, det eine skreiv eg på to timer, ville kunne selge.


Jepp, tenkte eg og gjekk i gang med å skrive. Ein vil jo gjerne gjere det ein får skryt for, men etterkvart skjønte eg at dette var tullete. Her sat eg, med ein ide til ein roman som var basert på skriveprinisppet "first thought, best thought", med geniale forbilder som Kaddish og gud veit kva, og overhodet ikkje hadde noko handling som gjekk i tidslinje frå a til å, som var situasjons- og samtalebasert og prøvde å mekke den om til eit plott med karakterar og antagonistar og gud veit kva, av basic skrivetriks for på denne måten å få skryt av redaktørane som sat der og såg ut til å ville ødelegge pennen min, som ikkje skjønte ein pøkk av det eg skreiv, og eg stoppa opp. Denne malen funker ikkje på dette manus, kom eg fram til etter nokre månader med dødtid og skriving av kontruerte bestselgermanusforsøksskriving. Eg klarte ikkje lenger skrive. Historia låg død. Den ville ikkje ha malen eg var blitt påført, og eg stanga hodet i veggen kreativt.

Det er fleire månader sidan.

Eg stangar fortsatt. Det er ei skandale.

Populære innlegg fra denne bloggen

Difor blir eg ikkje bonde Vil du ha billeg mat, skal du få det, men det blir frå andre enn meg.

No skal eg fortelle om kvifor eg ikkje vil bli bonde. Først av alt. Eg vil ha eit verdig liv som menneske.   Eg vil ikkje leve under fattigdomsgrensa. Eg ønsker ikkje å bli utsett for systematisk sosial dumping år etter år. Eg har ikkje lyst til å måtte sei nei takk til den levestandarden som gjennomsnittsmennesket i Norge kan omgi seg med. Eg har ikkje lyst til å bruke mi tid, og mine krefter, på å produsere mat for så å bli uthengt som ein snyltar. Eg gidder ikkje. Vil du ha billeg mat, skal du få det, men det blir frå andre enn meg. Eg vil ha gourmet. Trykt i Aftenposten som kronikk der den sette klikkerrekord. DEL! Gjennomsnittelig arbeidsinntekt pr. årsverk i jordbruket er 140 000 kroner. Arvar gard Det finst eit alternativ for meg. Garden eg arvar har gjennomsnittsstørrelsen. Eg kan vere deltidsbonde. Då må eg ha ein anna jobb ved sida av. Med dobbelt arbeid vil eg kome opp i anstendig lønn. Men eg vil ikkje vere dobbeltarbeidande. Det slit på familie og s...

Med døden på jobb. Farlege dyresjukdommar, dramatiske følger.

  I følge FN er 75 prosent av patogenene (virus, bakterier, sopp) som har dukka opp siste tiåret, zoonosar, altså sjukdomar som smittar mellom dyr og menneske. Eg havna som veterinær høsten 2011 oppi det størte miltbrannsutbrotet i Sverige etter andre verdskrig. Miltbrann, eller Anthrax, er ein zoonose, det vil sei ein sjukdom som smittar frå dyr til menneske. Eg trakk på meg verneutstyr og masker, og gjekk inn mellom stinkande kadaver for å leite etter ukoagulert blod og mangel på likstivheit, to av kjenneteikna ved miltbrannsdaude dyr. Aguer og tarm er hakka ut av ravnar, det renn blod. I blodet kan det finnast dødelege sporar. Eg kan sjølv bli sjuk. Det er uhyggelig og kan faktisk vere livsfarleg.  Les om miltbrann i Norge. Under ein sermoni i Roma erklærte FN Rinderpest, eller kvegpest, som offisielt utrydda.   Kvegpest spreidde seg med kveg som vart frakta med militæret og via handel med levande dyr. Den industrielle revolusjonen med oppfinninga a...

My Fair Lady goes heidundrande bygdesatire

Tirsdag 26.februar såg eg prøveforestillinga på My Fair Lady goes Sogn og Fjordane ved SoF teater i Førde. Framfor ein ganske full sal, køyrde teateret eit heidundrande show frå start til slutt. Det starta ganske irriterande med at sjølvrettferdige bygdefolk lot seg provosere av Lise frå Frogner som kom til Framdalen etter at far hennar hadde gått konkurs. I Framdalen møtte ho dei klassiske haldingane som ein møter når ein kjem til enkelte grender som innflyttar. Her i bygda har vi det vi brukar å ha, og spør du etter noko anna, så er du galen. Spør du etter ein avansert vin? Nei du, her har vi kvitvin på kartong! Sånn omtrent. Her gjer vi slik, og om du meiner noko anna, så har du å tilpasse deg. Det var svært treffande. Faren og Lise ved Lises ankomst. Foto Olav Reiakvam Far til Lise mellom bonden og Lommeheim på kroa. Foto: Olav Reiakvam Lise på si side meinte Framdalen var ein regnfylt stad med lite å sjå på, samt tusenvis av mil til folk. Hard overgang ...