Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra april 20, 2010

Kvifor eg skriv på bokmål i XXX boksingelen som kjem ut no på Flamme forlag?

Det er for å skape avstand til jeg-personen. Dette er tekstar som kan framstå som veldig personlige og sjølvbiografiske. Dei er ein miks av sjølvbiografiske hendingar og fantasi. Eksempelvis er heile Oslo-teksten og kanskje halve Berlin-diktet fantasi, medan Hyderbad-teksten er kanskje 70 prosent sjølvbiografisk. For å skape avstand til fortellerstemma, skriv eg på bokmål. Eg ville blitt for nært. Jeg i teksten er ikkje Anne Viken, men ein fiktiv jeg-person. Dette er eit grep ganske mange forfattarar gjer: byte språk for å få avstand til personen i teksten. Alle mine kommentarartiklar og kronikkar er på nynorsk. Dei har meg, Anne Viken, som avsendar, og er mine meiningar. Vi har to språk og denne luksusen har eg tenkt å nytte utfrå personlege valg og preferansar.