Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra januar 4, 2011

Blandt rasfarlege vegar, hestar og knallharde bedehusfolk på Vestlandet

Då eg gjekk på barneskulen, gjekk det fleire store ras som tok vegen, eller bitar av vegen. Fascinert studerte eg steinsprang og nye elveleier.  Fleire, både unge og gamle, vart knust under traktorar som velta utfor stupbratte bakkar og smale vegar, gud vere dei nådige som ferdast på Vestlandets vegar eller blant områdets ville dyr. Ein vart drept av ei galen kyr. Eg vart sjølv angripen ved eit tilfelle av ku og ved to tilfeller av hest. Eg har velta ein gong med traktor og køyrd av veien ein gong med bil. Litt svinn må ein rekne med, og med slike vegar som ein her har, så er det ikkje rart at ein med jevne mellomrom havnar utom vegkanten. På fritida skaut vi på kyr med pil og boge, bar stein, slakta sauer og jaga troll på bedehuset. Blant organiserte fritidsaktivitetar var det swingkurs, to typar kor og fotball. Til utpå åttitalet krangla folk så busta fauk om korvidt ein skulle tillate folkedans på 17.mai eller ikkje, og her fanst, forståelge nok, ingen (opne) homofile. Då eg v