Med døden på jobb Trykt i Vårt Land som lesarbrev 5.februar 2012. Eg havna som veterinær i høst oppi det størte miltbrannsutbrotet i Sverige etter andre verdskrig. Dyr begynte å dø. Det vart slått krisealarm. Eg trakk på meg verneutstyr og masker, og gjekk inn mellom dei stinkande kadavera for å leite etter ukoagulert blod og mangel på likstivheit. Auger og tarm var hakka ut av ravnar, det rann blod. I blodet kan det finnast dødelege sporar. Eg kan sjølv bli sjuk. Det er uhyggelig og kan vere livsfarleg. På verdsbasis drep miltbrann eit ukjent antal menneske kvart år. I følge FN er 75 prosent av virus, bakterier, sopp som har dukka opp siste tiåret, sjukdomar som smittar mellom menneske og dyr. På verdsbasis drep desse eit ukjent antal millionar menneske kvart år. I landbruksmeldinga er det peikt på som viktig å styrke samarbeidet mellom veterinærar og humant helsepersonell. For å sikre human helse blir samarbeidet mellom dyrlegar og legar stadig viktigare. Miltbrann, eller B...