6. feb. 2012

Farlege dyresjukdommar har dramatiske følger.


Med døden på jobb

Trykt i Vårt Land som lesarbrev 5.februar 2012.

Eg havna som veterinær i høst oppi det størte miltbrannsutbrotet i Sverige etter andre verdskrig. Dyr begynte å dø. Det vart slått krisealarm.

Eg trakk på meg verneutstyr og masker, og gjekk inn mellom dei stinkande kadavera for å leite etter ukoagulert blod og mangel på likstivheit. Auger og tarm var hakka ut av ravnar, det rann blod. I blodet kan det finnast dødelege sporar. Eg kan sjølv bli sjuk. Det er uhyggelig og kan vere livsfarleg. På verdsbasis drep miltbrann eit ukjent antal menneske kvart år.

I følge FN er 75 prosent av virus, bakterier, sopp som har dukka opp siste tiåret, sjukdomar som smittar mellom menneske og dyr. På verdsbasis drep desse eit ukjent antal millionar menneske kvart år. I landbruksmeldinga er det peikt på som viktig å styrke samarbeidet mellom veterinærar og humant helsepersonell. For å sikre human helse blir samarbeidet mellom dyrlegar og legar stadig viktigare.
Miltbrann, eller Bacillus Anthrax, er ein zoonose, det vil sei ein sjukdom som smittar frå dyr til menneske. Miltbrann er ein av zoonosene som av WHO (verdens helseorganisasjon) omtaler som neglisjert, i skuggen av fugleinfluensa og svineinfluensa.

Under ein sermoni i Roma i juni 2011 erklærte FN Rinderpest, eller kvegpest, som offisielt utrydda. Kvegpest spreidde seg med kveg som vart frakta med militæret og via handel med levande dyr. Den industrielle revolusjonen med oppfinninga av dampmaskina førte til at ein kunne sende levende kveg over store avstander med jernbane og skip. Konsekvensene var katastrofale, og fra 1857 til 1866 blei Europa nesten ribba for storfe. Gjennom heile historia har kvegpesten ført med seg død og fordervelse.
Kvegpest (cattle plague) er ein dyresjukdom. Den rammar ikkje menneske. Men dør dyr, dør folk og i store delar av verda er dette framleis virkeligheten.

For å bekjempe sjukdommane krevs samarbeid mellom humanmedisin og veterinærar. Vi snakkar om one health, også omtalt som medisin for det 21.århundre. One health ei tilnærming som inkluderer både humanmedisinske og veterinærmedisinske aspekt, gjerne også antropologiske då endra matvanar, levesett og landbruksstruktur fører til endra smittevegar og utsette grupper.
På lista over oversette zoonosene finn ein også tuberkulose hos ku. Tuberkulose er eit omfattande problem blant storfe i Storbritannia, og i 2009 kosta kampen mot sjukdomen britiske skattebetalarar 87 millionar pund. På verdsbasis finst det idag inga oversikt over kor mange som vert smitta av kyr med tuberkolose, eller «Mycobacterium Bovis», som bakterien heiter.

Det er sjeldan ein ser utbrot som miltbrannsutbrotet i Sverige i 2011 på nært hald. Å bekjempe ein slik sjukdom i felt krev ei rekke tid- og kostnadskrevande sikringstiltak. Desse tiltaka er i stor grad usynlege for allmennheita. Det same er andre omfattande tiltak som vert igangsett for å utelate blant anna mistanke om Blåtunge, Munn og klauvsjuke. Mange ville blitt overraska om dei visste kor store ressursar som kvar dag vert brukt for å spare samfunnet for dei kostnadene utbrot ville ha medført, og i front står ofte veterinærar. Æra for kvegpestens fall tilhøyrer stordyrveterinærar som bekjempa sjukdomen i felt, ofte i krigsherja områder.

Utryddinga av kvegpest er ein milepæle. Ei lang rekke sjukdomar gjenstår å få bukt med. Dør dyr, dør folk. Problemet er aukande, ikkje på veg bort. Difor er det viktig one health, blir vektlagt i landbruksmeldinga.

Anne Viken, veterinær