Gå til hovedinnhold

Eg drog til Sverige for å arbeide som veterinær. Dårlegare lønn men meir erfaring, billeg frisør men elendig utvalg på matvarebutikken.

Kor mange nordmenn er det i grunn som hadde akseptert å arbeide for utenlandske lønningar? Likevel ønsker vi oss utenlandske prisar. Kvar er den kompetansebaserte analysen og refleksjonen? Er ikkje Norge eit høgt utdanna folk? Reiser vi ikkje meir enn før, eller er det berre helgefarting til storbyar? Eg lurer av og til litt på det. Debatten bør reflektere kunnskapsnivået i befolkningen, og i denne saka virker det vere skremmande lågt. Det vil til sjuande og sist slå tilbake på forbrukar sjølv. Vi kan gjerne more oss med saker i media om kor billeg det er i Sverige, men det blir litt mindre gøy den dagen prisane er doble av dagens nivå.

Etter at eg var ferdig på veterinærhøgskulen, reiste eg til Sverige for å arbeide som veterinær. Det er i grunnen litt teit. For meg som dyrlege, er utsiktene til å tjene ganske bra her i Norge, gode. Derimot, om eg reiser til Sverige, så må eg, med min ansinitet, ganske kraftig ned i lønn.

Likevel reiste eg over grensa. Interessen for å lære og få eit perspektiv på sakene, overgår behovet for dei par hundre tusen kroner ekstra eg kan tjene per år på å bli her i Norge. Sverige tilbyr langt betre jobbar enn det vi veterinærar kan få i Norge. Difor drar ein del norske over grensa, og får oss meir spennande arbeid, men ei dårlegare løn. Vi blir flinkare, får meir erfaring, men tjener dårlegare. Eg er ikkje den einaste. Men vi er opptatt av andre ting enn "billeg, billeg". Vi er opptatt av kompetanse. Ellers hadde vi seff blitt i Norge.

Sverige har større og meir komplekse dyrehospital for smådyr. Dei har mykje større gardar, snittet er 60 kyr, og det er langt meir arbeid for deg som dyrlege. Dessutan slepp du unna alt av rutinejobb, dvs kastrering av grisungar, vaksinering av purker og inseminsering av kyr. Dette gjer bøndene sjølv. Det er delegert behandling på svinebesetningar, dette betyr at bonden sjølv kan behandle dyra sine. Medisinane får han på resept hos veterinæren. Dette finst også på kjøttfe, men ikkje enda på melkekyr. I Sverige blir det delegert behandling på melkekyr frå 2013, såvidt eg veit.

Delegert behandling fungerer slik, enkelt sagt: veterinæren reiser ut og ser til at bonden bruker medisinane på riktig måte, i rett mengde, men det er bonden sjølv som behandlar. For dei store bøndene er dette klart billegare, men for dei små er det billegare å ringe veterinæren kvar gong det er noko som må gjerast. Det kostar ei avgift å ha delegert behandling, og eg hugsar ikkje kva denne er. Men for store bønder lønnar den seg. Men for veterinærane blir det stadig mindre praktisk arbeid, då bonden tek over. Veterinæreren blir meir ein konsulent og ein som sjekker at ting går rett føre seg. Slik delegert behandling har vi enda ikkje i Norge.

Sverige er billegare enn Norge, men det er ikkje berre mat. For meg å klippe og stripe håret, kostar ca 1600 norske kroner i Norge. I Sverige kostar dette 600 svenske. Så kan folk rekne sjølv. Bil er billegare, bildelar billegare, å ete ute er billegare. Klede er billegare, for oss vel og merke, ikkje for dei. Ein gensar som kostar 199 norske kroner på HM, kostar 199 svenske kroner på HM i Sverige. Så kan ein rekne sjølv.

Eg gleda meg til billeg mat og godt utvalg, men der eg arbeidde, var prisane høge og utvalget rett og slett så dårleg at eg hadde trøbbel med å handle. Det store utvalget uteblir i svensk periferi, på same måte som det uteblir i norsk. Det er dei store sentra som har godt utvalg, og dei er det ofte ganske langt å køyre til. Ute i periferien, eller på små kjedebutikkar er prisane både stive og dårlege, og utvalget skralt. Dette er ikkje unikt for Norge. Godt utvalg er ikkje noko ein finn over alt.

Men det er ikkje så billeg for svenskane som tjener svenske lønningar, og eit veldig vanlig spørsmål eg fekk var: Kvifor drar du til Sverige, du som er norsk? Du tjener da mykje meir penger heime?

Eg reiste til England på jobbintervju. Hadde eg fått den jobben, som var i ein høgt spesialisert praksis langt over mitt erfaringsnivå, hadde eg tjent det som tilsvarer 250 000 norske kroner i året. For meg å få den jobben, hadde vore svært bra, men eg var ikkje erfaren nok. For å kunne få ein slik jobb, måtte eg akseptert britiske lønningar. Det er lite, for meg som er van med norske lønningar. Det ville føltes rart å gjere så mykje ansvarsfullt medisinsk arbeid for så lite lønn. Kor mange nordmenn er det i grunn som hadde akseptert å arbeide for utenlandske lønningar? Likevel ønsker vi oss utenlandske prisar.

Rapport: Growing a better future.

Oxfam la nett fram ein rapport som viser at matvareprisane på verdsbasis vil stige. Dette er naturleg då vi har ei utvikling der stadig færre og større einingar produserer stadig meir mat, billeg. Eg snakkar om industrilandbruket. Då blir småskala kvalitetsmat utkonkurrert, og det blir også fattige bønder.


Denne rapporten set ting i perspektiv. I Klassekampen 1.juni kan vi lese "Prissjokk på mat", ei sak om Oxfam-rapporten. "I India bruker folk mer enn dobbelt så stor andel av sin inntekt, sammenliknet med folk i Storbritannia, på mat. Overført innebærer det at man etaler nesten 90 kroner for en liter melk og mer enn 50 kroner for en kilo ris".

Det er dyrt! Eg lurer på kva folk her hadde sagt om vi måtte ut med 90 kroner for ein liter melk. Med slike prisar, relativt sett, i India, er det slik at mange ikkje har råd til å kjøpe mat i det heile tatt. Slik er det også i ei rekke andre utviklingsland. Det å kjøpe mat på ein butikk, er inga selvfølge. Ein stor del av verdas befolkning har ikkje råd til å kjøpe seg mat, og så sit vi her og klagar over at luksusostar er dyre? Det er ganske kontekstlaust, rett og slett.

Populære innlegg fra denne bloggen

Når den døde bestemora di spring etter deg på alle fire

Igår las eg den første barneboka eg har lese på lenge. Den handla om eit spøkelse, trudde eg, men det viste seg at det var eit romvesen. Det handla rett og slett om eit romvesen som sat fast i eit romskip nedi jorda under ei gran ute i skogen etter å ha krasja i ein skogbrann. Det vart heile tida hinta til at dette skumle sat fast, så eg tenkte det var ein vampyr som sat fast i ei kiste (Den vesle vampyren), eller eit lik eller noko som var levande begravd (murt inn i veggen). Så eg sat da å vente på ein vampyr, ein varulv eller eit realt spøkelse. Potensielt ein kjekk Twilight-type. Men no kjem det verste av alt (Eksorsisten). Vesenet tar knekken på bestemora medan jenta ser på. Bestemora slenger seg hit og dit i senga og blod renner og hovud sprekk. Og så kryp vesenet inn i den døde bestemora til hovedpersonen og får denne døde bestemorskroppen til å drive å springe etter hovedpersonen. Det er det verste eg har lese på lenge. Beinpiper og innmat og blod og springande døde bestemødre

Dødsdrift blant skrivande menneske

Korleis bli eit skrivande menneske: Du er ikkje så spesiell som du trur at du er, og om du ikkje jobbar hardt, kan du hive talentet ditt på båten. (Kommentaren stod på trykk i Dag og Tid 28.november). Tirsdag (25.november) var det litteraturdebatt på utestaden Blå i Oslo: " Litteratur på Blå har invitert en forfatter, en forelegger og en forfatterskolelærer for å snakke om forskjellige strategier for å bli et skrivende menneske. Går du med en spirende forfatter i magen, bør du få med deg denne kvelden." Vi som av ulike årsaker er interessert i litteratur, møtte opp, og lokalet vart etterkvart smekk fullt. Dagen etter skreiv ei venninne til meg: "Jeg fikk egentlig fullstendig angst da jeg kom på Blå i går. Det er jo akkurat som å se seg selv klonet hundre ganger." Det er ein skummel følelse å sjå seg sjølv sugd inn i den kulturelle undergrunnen, ned i eit miljø som i stor grad kretsar rundt seg sjølv og sin eigen akse, som tilber og dyrkar seg sjølv, men som ogs

Å halde foredrag for gubbar

Av og til må eg sei eg er ganske så lei av å halde foredrag. Du står framfor eit publikum, og skal snakke om at unge folk skal til bygda, og så sitter der hundretals, eller titals, menn og kvinner i alder femti seksti pluss og stirrer tomt på deg med armane i kors. Er det inspirerande? Nei. Det er svært lite inspirerande og svært kjedelig. Eg lurer av og til litt på kvifor ein har så mange konferanser. Folk møtes, stirrer på den som snakkar, skal liksom bli inspirert, og så skal ein gå heim og vere opplyst og glad og ha med seg nye og betre idear enn dei ein kom dit med. Gud, det er så kjedeleg å snakke til slike publikum. Du veit at mange av dei ikkje ein gong høyrer etter. Dei sit der, og er der, mest av alt for å få kake, ta seg ein fest, slenge drit, pule ei eller anna dame dei ikkje har pult før, og så dra heim til kjerringa. Det er vel eigentleg, summa summarum, det inntrykket eg har fått av kvifor ein arrangerer konferanser for distriktsutvikling. Eit hederlig unntak er Dyrøys