21. jul. 2009

Nynorskdialog: frå isfront til whiskey-bad

Før i gamle dagar var det slik at eg stadig møtte sinte mållagsfolk på byen som ikkje ville helse, eller som klinte seg oppetter ein stakkar og masa i time etter time, og som meinte at alt ein meinte om nynorsk var og blei vanvittig galskap. Det var harde tider med mange lange stygge blikk og overberande nikk.

Men så kom Håvard Øvregård, ein whiskeydrikkande slugger frå Vestlandet, og det blei for oss nynorskkritiske stemmer med blondt hår på toppen hotline både ned i whiskeyflaska og inn i kåken til Øvregård. Slikt blir det høglydt dialog av.

Frå isfront og fornektelse av motstandere har målrørsla endra sin taktikk i møte med debattantar som blir påstått målfiendar av dei vranglesande. Applaus utdeles.