2. mar. 2010

Målfolka må komme seg ut av reservata sine (kven har ikkje tenkt det?)

Du er kritisk til det arbeidet målrørsla gjer?

Det verkar som om dei ikkje er heilt klar over kva for samfunn vi lever i. Sett på spissen: målfolka held seg helst til reservata sine. Skal nynorsken klare seg, må dei ut derifrå.

I di eigen språkbruk stiller du deg nokså fritt til normer og rettskrivingsreglar?

Eg brukar dei orda eg treng. Når eg er i stuss, går eg fote tilbake til min eigen dialekt og spør kva som vil vere den naturlige uttrykksmåten der. I rettskrivingsspørsmål må vi vere tolerante. Vi må godta at språket vårt er i endring, de vil det nødvendigvis vere i eit samfunn som endrar seg så raskt som vårt.

Utdrag av intervju med Kristian Fossheim som fekk Fylkesmålprissen i Sogn og Fjordane i 1989. Intervjuar er Ove Eide, og det stod på trykk i Sogn og Fjordane magasin nr 4, 1989.