27. nov. 2010

Nynorsk moralisme

Ein må slutte å sjå på nynorsk som ein sterk identitetsindikator.

I ein kronikk i Klassekampen skriv Karen Marie Kvåle Garthus at det er språkleg sjølvtillit som gjer at dei som beheld nynorsk som hovedmål, beheld det. Ein snakkar om at sjølvtilliten har dei kanskje fått med seg frå ein lærar med eit spesielt engasjement. Kvåle Garthus vil det sikkert godt, men å snakke om sjølvtillit i språksaka er ei hensiktslaus form for moralisme som bidreg til å støte folk bort frå nynorsken. Det virker ofte som om målfolket har for liten kjennskap til den praktiske bruken av språket ute i felten. Fokuset er for snevert. Difor moralisme.

Når nynorskfolk skal snakke om kvifor folk byter til bokmål, snakkar dei om at a) bokmål er over alt og ein snakkar b) om sjølvtillit. A) er innlysande. Dette er hovedproblemet, men kvar kjem b) frå? Eg kjenner ei mengde folk som har bytt frå nynorsk til bokmål. Dei gjer det rett og slett fordi dei har inga språkleg bevisstheit. Dei er ikkje opptatt av å ha nynorsk som skriftspråk sjølv om dei snakkar kav dialekt aldri så mykje. Desse folka har ikkje dårleg sjølvtillit, dei les gjerne nynorsk og har ingenting imot språket, men nynorsken har ikkje lukkast med å bli ein del av deira identitet. Nynorsken er eit skriftleg reiskap på linje med bokmål, og dei vel seg eit språk, ofte utan å tenke seg om. Skriftspråket er rett og slett ikkje så viktig for dei. Dei snur nynorsken ryggen og tenker ikkje meir på det.

Ofte ser det ut til at nynorskfolket, (eg skjer dei alle over ein kam, beklager) har ei overdriven tru på kor viktig skriftspråket er for folk. Difor også ein overdriven fokus på dette med språkleg sjølvtillit, som igjen bikkar over i ein irriterande moralisme.

Eg følte lenge at nynorsk var eit vanskeleg språk å skrive rett. Sjølv om eg har S i norsk frå ungdomsskulen, 5-6 i norsk frå vidaregåande og har gått i nynorskklasse fram til eg var rødruss, fant eg nynorsken vanskeleg. (Nei, eg skryter ikkje, moralistar). Dette seier eg ikkje fordi bokmål er lettare, men fordi bokmål er over alt. Ein får meir bokmålsinput.

Eg skriv både nynorsk og bokmål, men nesten alltid nynorsk på trykk samt på min blogg. Då eg var ute med skarp kritikk av nynorsk som eit vanskeleg skriftspråk (sjølvsagt samanliknar ein det med bokmål, vi har jo to språk i Norge), sa Magni Øvrebotten, leiar ved Nynorsk Mediesenter til Bergens Tidende at det var typisk at middelmådige journalistar bytte språk (gjekk bort får nynorsk) for å bane seg veg i presseverda. Skal ein tolke henne bokstavleg, meinte ho at nynorsken var eit hinder for mi karriere som skrivande.
Det Øvrebotten her la fram, var ein svært dårleg sjølvtillit på vegne av nynorsk skriftspråk. Det er sympatisk at Øvrebotten bekymrar seg for mi karriere, men det er veldig trist at ho som nynorskbrukar har ei slik sterk mindreverdskjensle. Eg har aldri følt nynorsken som eit karrierehinder, men eg har følt at nynorsken har vore vanskeleg. Den sjølvsagte årsaka er igjen at vi er omgitt av så mykje bokmål. Men då eg skreiv om at nynorsk var vanskeleg å skrive i eit essay i Syn og Segn, fekk eg høyre at dette ikkje var riktig. Derimot var eg ein person som tok avstand frå røtene mine.

Ein gjorde ein generaltabbe: ein bortforklarte dei praktiske argumenta med personlege eigenskapar, og ein tilla nynorsk ei større viktigheit som del av min personlege identiten enn det som var tilfelle. Denne generaltabben gjer målrørslefolket gong på gong. Det er ei ynkeleg form for defansiv moralisme. Det hindrar at den språklege debatten blir interessant.

Eg er dessutan meir opptatt av innhald, enn kva språk ein skriv på. Dette er ein sams faktor for mange skrivande. Innhaldet vert rangert som viktigare enn språket. Likevel skriv eg no mest nynorsk. Fordi eg beherskar det stadig betre.

For meg som journalist, har det utelatande vore ein konkurransefordel å beherske nynorsk skriftspråk. Nynorsken har gitt meg ei rekke fortrinn som skribent, og ei rekke oppdrag eg aldri ville ha fått. Språket er inget hinder for den som vil fram i medieverda slik Øvrebotten let til å tru. Tvers om. Om du har innhald å levere, vel og merke.
Ordvalget gjer eg derimot sjølv, og då er dei nynorske flikkarane raskt ute med moralismen sin. Ein gong blei det på lesarbrevplass i Klassekampen hevda at det sa mykje om meg som person at eg valde ordet «anbefale» framfor «tilrå». Om meg som person? Ja, eg tok visst avstand frå røtene mine. Det var moralismen og den dårlege sjølvtilliten til målrørslefolket som var på bana. Den som sjølv har problem, projiserar som kjent ofte sine problem over på andre.
Men kjære moralist. Eg tek ikkje avstand og eg har ikkje dårleg språkleg sjølvtillit. Eg driv språkbruk i praksis, ikkje dilling rundt personlege eigenskapar, og gjer nett det motsette av å ta avstand frå mine røter. Dette burdet også målrørslefolket snart lære seg. Realitetsorienteringa er viktig å ha med seg om ein skal ha eit levande nynorsk, også i framtida. Ein må slutte å ansjå nynorsk som ein sterk identitetsindikator, eller som ein sterk del av folks identitet. Dette stemmer ofte ikkje. Språket er eit praktisk redskap for dei aller fleste.
Der eg kjem frå, Bygstad i Sogn og Fjordane, er det heilt naturleg å sei anbefale.

For dei som ikkje verken beherskar eller har interesse av språk, er det veldig godt forståeleg både at dei byter til bokmål eller synest nynorske er vanskeleg. Dette må vi berre akseptere utan å plage folk med sneversynt moralisme som kun bidreg til å støte folk bort frå nynorsken. I andre omgang kan ein gjere tiltak, utan moralismen som eit evig ris bak spegelen. Opplæring av lærarar vil eg tru er eit godt grep.
Ei endra tilnærming til debatten rundt fråfallet frå nynorsken, samt at ein går bort frå dei personlege, identitetsindikatorbaserte forklaringane og istaden legg større vekt på praktiske problemstillingar, er ein veg å gå. Per dags dato kastar målrørslefolket lange, mørke skuggar innover nynorsken og bidreg til å gi språket eit dårleg omdøme, kanta med moralisme og sneversyn. Det er ei heilt vanleg oppfatning blant mange forfattarar og skrivande.