22. jun. 2010

Medier på tomgang: kva er egentlig medias rolle? Å skape eller gjengi virkeligheten.. om norske skribenter på tomgang

Det er ofte underlig å kikke på norske medier og debatt. Aslak Nore er ute og erklærer kulturkrigen for vunnet på same tid som han seier at det er viktig å sjå Norge utanfrå. Det blir parodisk. Eg er freista foreslå at Nore må sjå sin eigen kulturkamp utanfrå. Sjølv om kulturkrigens kamerater debatterer hefig på kvarandres Facebook-sider og klappar kvarandre på skuldra og erklærer kulturkrigen som vunnen over eit par pils ein fredagskveld, betyr ikkje dette nødvendigvis at slaget er vunnet, med mindre det var eit par nye pilskompiser ein ønskte seg, vel å merke. Nores påstand, dersom den er seriøs og ikkje berre eit forsøk på å spikre ei skapt sanning inn i lesarens hovud, fortel oss mykje om tilværelsen in the box, i mediebobla eller kulturkampbobla, om du vil. Der inne er det lite luft.

Eg er ingen motstandar av kulturkamp, lat det vere sagt. Det har vore mange interessante stemmer og synspunkt ute, men saken er: kven kjempar ein om og mot og har ein mista perspektivet? Kven er det ein ønsker å overbevise i kulturkampen, kven er det ein kjempar mot? Kjempar ein om antal spaltemeter, eller kjempar ein om innflytelse? Og innflytelse på kven? Sine Facebook-venner og den såkalte medieeliten, eller på «folket»? Vil ein endre opinionen eller kun vise sine meiningsmotstandarar «at vi er mektige»?

Medieeliten, eller kva ein skal kalle dei, lever i ei eige avsnitt av verda. Kor relevante er dei egentlig? For kven er det eigentleg eit problem at Erna Solberg er overvektig? For medierådgivarar eller for velgarane? Og er det riktig å påstå at slankepress er ein trend i tida dersom trenden kun er påpeikt av medierådgivarar og mediene? Er det i såfall ein medieskapt, eller mediepåstått trend, eller ein sjølvoppfyllande profeti?

I boka «Bråk» trekk Marie Simonsen og Ingunn Yssen fram nett denne problemstillingen: medias fokus på Erna Solbergs vekt. Dei legg denne til grunn for hysteriet rundt kvinnelige politikarars utsjånad. Spørsmål: kven er det som er hysteriske rundt dette? Medierådgivarane eller velgarane? Kven si virkelighet baserar dei sine problemstillingar på? Medias virkelighet, eller medias skapte virkelighet? Kven si virkelighet er relevant? Ofte ikkje folks virkelighet, men «på vegne av folk», det ein trur er viktig, for dei. Basert på den kunnskapen ein har, som ofte er ganske tynn. Jamfør dekningen av landbruksoppgjeret: melka blir dyrare. Shit. Dei same mediene er motstandarar av redusert dyrevelferd og seier nei til E.coli i maten. Samanhengen er kvar? Den finst i mangelen på kunnskap om tematikken matproduksjon.

Knausgård. Kven las Knausgård? Det såkalte folket eller den såkalte kultureliten, om den finst eller ikkje vites ikkje, men begrepet eksisterar i høgaste grad. Alle sjikt les nok Knausgård, og alle norske skribentar med respekt for seg sjølv har skrive ein kronikk eller minst ein kommentar om Knausgård. Det er tidvis freistande å påstå at mange norske skribentar ser ut som om dei sit innesperra i ein boks store delar av døgnet. Tilgangen til verda foregår gjennom eit kjapt google-søk: kva skriv alle andre om no? Ok, eg hiv meg på.

Det er tidvis svært kjedelig å lese skribentar som går på tomgang, største input-kanal ser ut til å vere Twitter og Facebook. Kven er desse kommentarane meint å underhalde? Kompisar og mora til skribenten, er eit freistande svar. Det er forståelig at det er gøy å kaste seg på ein debatt, eller eit tema, alle andre skriv om, men kor originalt er det. Konformitetspresset i media, alle må sjå det og det programmet på tv, alle må lese Knausgård, alle må delta i Birkebeinern, er nesten litt parodisk. Få ser ut til å velge tema sjølv. Lite overraskar. Ingenting sjokkerar. Kvar er den intellektuelle tankekrafta, for å stille eit lett parodierbart spørsmål. Kvar er kreativiteten, nysgjerrigheten? Det kan sjå ut til at behovet for å lese og gjere som alle andre, går framfor behovet for å vere original og interessant. Behovet for å vere interessant for sine venner i pressa går på bekostning av behovet for å vere relevant utanfor eigen omgangskrets. Eventuelt er media dominert av folk som har levd seg mette på nytt og helst tek det som er lettast tilgjengelig: det alle andre skriv om.

Legitimerar Norges minimale størrelse den store mangelen på varierte tankerekker, og den store gjenbruken av forutsigbare og uinteressante stemmer?

Som journalist har eg ofte vore oppgitt over medienes manglande interesse for resten av landet. Og manglande forståelse for resten av landet. Men kor mykje kan ein interessere seg for og forstå, når ein for det meste sit benka godt rundt pcen sin i Oslo? Dette er ingen Oslo-kritikk. Dette er ein realitetespåpeikning. Dei fleste journalistar ikkje reiser rundt i Norges land for å sjekke tilstanden. Dei føler den over telefonen, over internett. Distansen mellom by og land er stor. Vil den verte større? Sentrale medier dyrkar biletet av distrikts-Norge som idyllisk og pitoresk med ekstremsport og historier om folk som flyttar til bygda for å pusse opp gamle gardar og lage smør på sætra. Dette er ikkje det reelle distriktet, men det reelle har lita interesse i media. Derav skinndebattane og den overdrivne spalteplassbruken på skribentar som eigentleg berre fortel oss ein ting: at dei treng luft, og det litt kjapt. Dei har eit reelt behov for eit på år på ein av desse idylliske stadane.

Tilbake til kulturkampen. Kven er det eigentlig kulturkjemparane skal vinne over? Skal dei vinne fleire kompiser å drikke pils med, vil dei gi sine politisk korrekte motparter i media ein støkk, eller ønsker dei ha reell innflytelse på folkeopinionen? Det heile framstår noko uklart. Prosjektet framstår tidvis, beklager uttrykket, som eit slags gjengoppgjer innanfor Oslos Ring 2. Det er ingen tvil om at kulturkjemparane trur på sine saker og er seriøse og dyktige aktørar, spørsmålet er kven dei skriv for. Svaret er uklart gitt Nores argumentasjon om at kampen er vunnen. Har han kontakt med folk utanfor kulturkampnisjemiljøet?

Vi veit at avstanden mellom media og folket er stor. Til tider parodisk stor. Fokus ser ut til å mest av alt vere å tilfredstille sine kollegaers krav til underhaldning. Er det også tilfelle? Det ser ofte slik ut. Vi veit at avstanden mellom folkevalgte og folket kan vere stor. Det ser også ut til at avstanden mellom kulturkjemparane og folk utanfor mediebobla er stor. Det heile minnar tidvis om eit svært show. Vi veit jo alle at publikum sit ganske adskilt frå scena. Når showet er over, går dei heim. Det meste ein har sett, vil snart bli gløymt.
.