Gå til hovedinnhold

Tamme elgar som produserer ELGpapir, ELGolje og ELGmelk

I Jämtland lagar Sune Häggmark papir frå elgmøkk, ost frå elgmelk og lanolin frå elgpels.

­ Verdas dyraste ost! roper Sune Häggmark på svensk, stotrande engelsk og improvisert fransk.
­ Shit is money! Money, money, money! Jag älskar moose! 


 Fleire titals turistar, deriblant mange nordmenn, står tett i tett på tunet i Orrviken, ein kjapp køyretur sør for Østersund i svenske Jämtland. Her har Häggmark realisert sitt eige elgparadis med produksjon av papir frå elgmøkk, ost frå elgmjølk og lanolin av feittet i elgpelsen. Han er den entusiastiske gründeren bak turistverksemda Moosegarden, eller "elghagen" på norsk.


Häggmark lever godt, svært godt etter at Moosegarden vart starta i 1997 som ein følge av to morlause kalvar som trong ein heim. Han gjer det klinkande klart for dei store flokken turistar at det er ei mengde pengar i elg. Moosegarden eksporterer elg til Polen, Tyskland og England. Inspirasjonen hentar han frå Russland. Ein tam elg kostar 35 000 svenske kroner, ein halvtam halv pris. I tillegg slepp han inn to store flokkar av turistar kvar dag i sommarhalvåret.



Temmer elgkalvar med flaske

-­ Er det nokon som vil smake elgmjølk?
Häggmark held opp eit stort glas med mjølk og eit glas med teskeier. Folk trenger seg på. Elgmjølk inneheld seksten sytten prosent feitt. Det smakar søtt.
­ - Er det nokon som vil mate elgkalvar?


 Häggmark har to store plastflasker med mjølk i hendene. Kalvane vert tatt frå kua når dei er ti dagar gamle. Slik blir dei tamme og ein unngår at mora drep dei når ho jagar dei frå seg ved eittårsalder. I innhegninga slepp ikkje kalvane unna mora på same måte som ute i det fri, og eit par kalvar har blitt slått ihjel. Dette vågar ikkje Häggmark risikere. Difor tek han dei frå.

­ Kalvar som går med mora blir heller ikkje så tamme. Difor bur dei i ein eigen hage og vert flaskemata. Etterkvart går dei over på ein diett beståande av potet og reinpellets, og vert slept inn til flokken som åringar.
Av og til søv Häggmark ilag med kalvane med melk på termos. Då sug dei på øyret hans heile natta. Slik blir dei tamme nok til å takle turistane.

­ - Ville elgar er farlege som fy, seier Häggmark.
Kvar dag melkar han elgkyrne, to liter om morgon og to liter om kvelden. Melkeøkta sluttar når elgkua er lei og går sin veg.

Parar seg med villelg

Mate elgkalvar er sjeldan kost, og fleire hender stikk i veret på spørsmålet om flaskemating. To utvalgte får kvar si flaske i handa, og den store massen av turistar begynner marsjen mot innhegningane der elgane held til.

­ Ikkje lat kalvane suge på fingrane, roper Häggmark før turistane svermar inn i gjerdet til kalvane, tek dei på øyra og kjenner på pelsen. Elgpels er kjempemjuk, og små elgkalvar på seks veker har eit hav av tålmod med klappande turistar.


­ No er det nok! Ut av kalvehagen, kommanderer Häggmark og turistane traskar motvilleg vidare nedover vegen til innhegninga der dei store elgane går.

Gjerda er høge nettinggjerder, og elgoksane bak er faretruande svære. Dei går på eit inngjerda område på eit par hundre mål. Det grensar mot skogen, og av og til, utpå hausten, bryt ein elgokse frå skogen inn i gjerdet for å slost om elgkyrne. Vinn han, følger elgkua med oksen ut i skogen, men dei kjem alltid tilbake med eit lykksaleg smil om mulen. Slik får tamelgflokken tilført nye gener frå den ville elgbestanden i Jämtland.
­ Av og til får Moosegarden tilført morlause kalvar av politiet etter at mora er påkøyrd, seier han.
Skilt med elg står tett i tett langs vegane i Jämtland, og sjølv lokalbefolkninga køyrer forsiktig på kveldstid i frykt for å få ein elgokse gjennom frontruta. Men elgane i Moosegarden er for det meste avla fram her i gjerdet.

­ - Eg avlar på mentalitet. Dyra må vere sterke, snille, vennlege og stabile, seier Häggmark, og stoppar turistane.

Kyss ein elgokse!

­- Før vi går inn til dei store elgane må vi lære å prate som ein elg, roper han.
­ - AAAAAAAAAAAAA, roper Häggmark og turistflokken gjentek.
- ­ When they are feeling a little hot in september: OOHHG, OOHHGG, roper Häggmark og forsøker herme etter elgens paringslyd.


Det høyrest noko vilt ut, men Häggmark har bestemt seg for at det skal vere kjekt å oppleve elg. Han vil lage show. Å besøke Moosegarden skal ikkje vere som eit kjedeleg museumsbesøk.
Elgflokken i gjerdet kjem bort til fôringshekken for å helse på turistane med ein gong. Dei får potetrestar og neper, og let seg fotografere frå alle vinklar. Elgoksen Bosse ligg heilt stille på graset, og Häggmark oppmuntrar turistane til å kysse han på nasen. Bosse let seg villeg kysse og klappe, og prosedyren frå kalvegjerdet gjentek seg. Folk dreg han i horna, tar på øyra, undersøker pelsen hans nøye og blir imponert over kor mykje oljeaktig feitt det er i elgpelsen. Dei tek han på klauvene og på nasen, men Bosse ligg roleg under heile seansen.

­ Han luktar sau, utbryt ein turist, og det stemmer ganske bra.

Lanolin og papir frå elg

Av feittet i elgpelsen lagar Häggmark lanolin. Lanolinlaginga starta med at to gamle damer kom opp og klappa elgane. To dagar seinare ringde damene og sa at sprekker og eksem på hendene var blitt borte. Dei kom tilbake, tok på elgane igjen, og resultatet lot ikkje vente på seg. Sprukne hender vart heile og fine.
­ Så begynte vi å dra ei plastskrape over elgryggen, seier Häggmark.


Slik samla han inn feittet frå elgpelsen og laga laonlinolje.

­ Lanolinen dryp vi på økologiske såper og sel dei. Eg veit ikkje om nokon andre som gjer dette.
Tilfeldighetene slutta ikkje der. Ein dag drakk Häggmark øl med ein fetter som er papirforskar. 

­ Han sa at elgskit om vinteren er som rein cellulose fordi elgens vinterdiett består av bark. Eg eksperimenterte på kjøkkenet med stavmiksar, elgmøkk, vatn og hemmelege vekstar. Etterkvart vart det papir ut av miksen.
No sel han papir frå elgmøkk som er hundre prosent gjenvinnbart.

­ Eg trur eg var elg i mitt forje liv, seier han og roper ut at elgoksar særleg set pris på asiatiske kvinner.
Den asiatiske kvinna ler og klappar elgoksen som feier horna langs gjerdet og går beint fram utan å ta hensyn til at det står ein norsk, kvinneleg turist midt i vegen. Flaks at elghorn framleis er dekt av mjuk bast i juli.

Anne Viken (tekst og foto) Trykt i Nationen i august 2012

Faktaboks: Moosegarden

-- Ligg i Orrviken ved Østersund i Jämtland, Sverige.
-- Verdas einaste produsent av papir frå elgmøkk.
-- Opent for turistar i sommarhalvåret med visningar klokka 11 og 14 kvar dag.

Populære innlegg fra denne bloggen

Når den døde bestemora di spring etter deg på alle fire

Igår las eg den første barneboka eg har lese på lenge. Den handla om eit spøkelse, trudde eg, men det viste seg at det var eit romvesen. Det handla rett og slett om eit romvesen som sat fast i eit romskip nedi jorda under ei gran ute i skogen etter å ha krasja i ein skogbrann. Det vart heile tida hinta til at dette skumle sat fast, så eg tenkte det var ein vampyr som sat fast i ei kiste (Den vesle vampyren), eller eit lik eller noko som var levande begravd (murt inn i veggen). Så eg sat da å vente på ein vampyr, ein varulv eller eit realt spøkelse. Potensielt ein kjekk Twilight-type. Men no kjem det verste av alt (Eksorsisten). Vesenet tar knekken på bestemora medan jenta ser på. Bestemora slenger seg hit og dit i senga og blod renner og hovud sprekk. Og så kryp vesenet inn i den døde bestemora til hovedpersonen og får denne døde bestemorskroppen til å drive å springe etter hovedpersonen. Det er det verste eg har lese på lenge. Beinpiper og innmat og blod og springande døde bestemødre

Dødsdrift blant skrivande menneske

Korleis bli eit skrivande menneske: Du er ikkje så spesiell som du trur at du er, og om du ikkje jobbar hardt, kan du hive talentet ditt på båten. (Kommentaren stod på trykk i Dag og Tid 28.november). Tirsdag (25.november) var det litteraturdebatt på utestaden Blå i Oslo: " Litteratur på Blå har invitert en forfatter, en forelegger og en forfatterskolelærer for å snakke om forskjellige strategier for å bli et skrivende menneske. Går du med en spirende forfatter i magen, bør du få med deg denne kvelden." Vi som av ulike årsaker er interessert i litteratur, møtte opp, og lokalet vart etterkvart smekk fullt. Dagen etter skreiv ei venninne til meg: "Jeg fikk egentlig fullstendig angst da jeg kom på Blå i går. Det er jo akkurat som å se seg selv klonet hundre ganger." Det er ein skummel følelse å sjå seg sjølv sugd inn i den kulturelle undergrunnen, ned i eit miljø som i stor grad kretsar rundt seg sjølv og sin eigen akse, som tilber og dyrkar seg sjølv, men som ogs

Frå motkultur til mainstream medkultur

Etter at lesarbrevet mitt « Imageproblemet Sogn og Fjordane » stod på trykk i Firda 26. februar 2007, gjekk debatten om imaget til fylket heit i fleire månader. Sidan den gong har Sogn og Fjordane hatt næringslivsmesser i Noregs tre største byar kvart år, gitt ut eit reklamebilag for seg sjølv i Aftenposten 27. januar 2009, og Førde har fått tenketanken Førde Framover , for å nemne noko. Den skandaleomsuste Vest Tank-ramma Gulen kommune har tatt omdømebygging inn i fireårsplanen sin. Eg seier ikkje at dette har noko med bunadbrenning å gjere. Eg berre seier at det har skjedd. Det er bra, og fordi det er bra, er eg på den fjordomsuste næringslivsmessa denne kalde tysdagskvelden. Og spørsmålet som kretsar rundt i hovudet mitt, er dette: Kva vil Sogn og Fjordane vere? Imagebygging er vanskelige greier. Dette har Kommunal- og regionaldepartementet (KRD) skjønt. No tilbyr dei omdømeskule for norske kommunar som slit med omdømet, og for å gi oss litt bakteppe for kva KRD legg i omdømeb