Klassekampens redaksjon går i rette med oppslaga om avisa i siste utgåve av Journalisten. Som seg hør og bør. Det er trist at journalistikkens fagblad er nede på dette nivået journalistisk.
I kommentarfeltet under saka går journalisten bak saka, atter ein gong hardt i forsvar. Eg er freista til å sei at den einaste som her overreagerer, er Mossin.
Koblinga mellom endring i avisas profil og folk som sluttar er openbar å lese ut av artikkelen. Innlegget frå klubben er enkelt og oppklarande. Ein journalist må tåle kritikk for sine saker, og iallefall slik konstruktiv kritikk som dette er når slike hentydningar så openbart kjem til uttrykk i artikkelen. Difor kringkasta også NRK sending der dette vart hevda. Det er altså ei rekke andre enn kk-klubben som har tolka artikkelen dithen. Vi kan forvente oss høgare nivå av Journalistens journalistar.
.