Gå til hovedinnhold

Økologisk merkevarebløff?

Trykk på biletet og kommentaren blir stor og leselig.


Det er umulig å påvise at der er mindre utslepp frå kortreist og økologisk mat, versus konvensjonell og langreist.


(Denne kommentaren stod på trykk som signert-artikkel i Klassekampen 5.september 2009)


Marknaden for økologisk mat er nær dobla sidan 2006. Dette representerer ein marknad vi i størst mulig grad må fylle med norske produkt. Økologisk mat skal vere ei inntektskilde for norske bønder, sa statssektretær i Landbruks- og matdepartementet, Ola T Heggem (Sp) på landsmøtet til norsk sau og geit.

Innovasjon Norge reiser ikkje rundt og skryt av alle dei store industrifjøsa dei gir økonomisk støtte til, men av dei små gardsmeieria som sel kuriøs ost som fortel oss den snille historia om livet på landet som vi liker å høyre. Den om bonden med tre kyr og helst ein hest på stallen. Framstillinga av den norske bygda får vi gjennom Aftenpostens LEVE magasin der folk flyttar frå byen til bygda for å realisere seg sjølv blant økologiske sauer og plommetre i Sogn.

Bygda er i større og større grad i ferd med å bli ei merkevare for dei som ikkje bur der eller kjem derifrå, og stadig færre av oss har røter i det rurale. Vi kjøper historia om det økologiske.

Spørsmålet er korvidt økologisk er noko meir miljøvennlig enn konvensjonell, eller om det kun er bissniss. Både forbrukarar og næringsaktørar etterlyser truverdig informasjon om utslepp frå mat.


Men å framskaffe denne informasjonen, er enklare sagt enn gjort: Det er i dag umulig å anslå omfanget av klimagassutslepp som knyter seg til enkeltmatvarer i Norge, skriv forskar Carlo Aall ved Vestlandsforskning i eit innspel til landbruksdepartementets klimamelding, «Stortingsmelding nr. 39 (2008 – 2009) Landbruket – en del av løsningen».

Innspelet er ikkje referert til i stortingsmeldinga. Kanskje fordi det slår beina under fortellingane om norsk mat som kortreist, økologisk og miljøvennlig. Her viser ein nemlig at det er umulig å påvise at det er mindre utslepp forbunde med kortreist og økologisk mat, versus konvensjonell og langreist. Den viser også at ein kan kome til nær sagt kva som helst utsleppsresultat for ei matvare ved å velge kva studier ein vil tru på.


Mange av dei same problema gjeld om ein samanliknar økologisk og konvensjonell produksjon: Ein har, med tanke på tilgjengelig kunnskap om klimagassutslepp, ikkje grunnlag for å anbefale Debio-sertifisert økologisk produserte matvarer framfor konvensjonelle. Ein kan heller ikkje komme med anbefalingar om ”kortreist” versus ”langreist” mat.

Eit eksempel er dei ”kortreiste” gulrøtene hos Coop Mega i Bodø som hadde vore innom Trondheim for pakking. Eller eit gardskjøkken som serverer kjøt av eigne dyr der dyra har blitt sendt til eit slakteri 200 kilometer unna for slakting, og så henta tilbake til garden.


Men trass kunnskapsmangel blir anbefalingar likevel gitt, blant anna gjennom merkevarebygging. Økologisk blir framstilt som naturnært og berekraftig, konvensjonelt som industrialisert og utsleppsintensiv. Kortreist og økologisk er nemlig trendy. Konvensjonelt landbruk derimot, er verken trendy eller såkalt turistvennlig slik den norske bygda «bør vere». Dette til tross for at snittet for konvensjonelle melkebruk i 2007 var på 112 000 liter melkekvote, mot økobøndenes 122 000 liter. Dei økologiske melkebøndene var ergo størst.


Kritikken i Vestlandsforskning sin rapport er knusande, men den overraskar ikkje. Spørsmålet blir om ein kan trekke det så langt som å påstå at ein driv falsk merkevarebygging rundt økologisk mat all den tid ein ikkje kan dokumentere at utsleppa frå produksjonen faktisk er lågare enn ved konvensjonell produksjon. Eg er pro norsk matproduksjon, men framstillinga skurrar.


Men der finst håp. Det er ein omfattende internasjonal debatt rundt, og store forventningar til mulighetene for å beregne klimagassutsleppa frå mat, slik at ein kan styre forbruket av mat i ein meir klimavennlig retning. Forskar Carlo Aall trur det vil la seg gjere å klimamerke mat, men at det vil kreve betydelige forskningsressursar å framskaffe materiale som fangar opp variasjonar i klimagassutslepp.

I mellomtida kan ein kalle ein spade for ein spade, og ta statssekretær Heggem på ordet: økologisk mat skal vere ei inntektskilde for norske bønder. Det har lite med klima og miljø å gjere.


Anne Viken

skribent og journalist, utdanna veterinær

Skribentane Anne Viken, Arnfinn Haram, Bent Sofus Tranøy, Stephen Walton, Marie Lovise Widnes og Thor Bjarne Bore analyserer og kommenterer dagsaktuelle tema og politiske fenomen laurdagar i Klassekampen.

«Bygda blir ei merkevare for dei som ikkje bur der»


Populære innlegg fra denne bloggen

Når den døde bestemora di spring etter deg på alle fire

Igår las eg den første barneboka eg har lese på lenge. Den handla om eit spøkelse, trudde eg, men det viste seg at det var eit romvesen. Det handla rett og slett om eit romvesen som sat fast i eit romskip nedi jorda under ei gran ute i skogen etter å ha krasja i ein skogbrann. Det vart heile tida hinta til at dette skumle sat fast, så eg tenkte det var ein vampyr som sat fast i ei kiste (Den vesle vampyren), eller eit lik eller noko som var levande begravd (murt inn i veggen). Så eg sat da å vente på ein vampyr, ein varulv eller eit realt spøkelse. Potensielt ein kjekk Twilight-type. Men no kjem det verste av alt (Eksorsisten). Vesenet tar knekken på bestemora medan jenta ser på. Bestemora slenger seg hit og dit i senga og blod renner og hovud sprekk. Og så kryp vesenet inn i den døde bestemora til hovedpersonen og får denne døde bestemorskroppen til å drive å springe etter hovedpersonen. Det er det verste eg har lese på lenge. Beinpiper og innmat og blod og springande døde bestemødre ...

Faktafeil om eggproduksjon frå Matprat

Matprat påstår at levetid for høner er 70 veker. Dette er ein faktafeil. Deretter blir dei slakta og solgt som høns, skriv matprat. Dette er også ein faktafeil. Dei fleste høner blir gass  ihjel og etterpå brent.  Fakta er at verpehøner i industrielt verpehønshald blir slakta etter 70 veker. I naturen, eller om dei får sjansen, kan høner leve i opp mot ti år. Levetida er altså ganske mykje lenger enn matprats påståtte 70 veker. Slik Matprat framstiller det, kan det oppfattes som at høner blir slakta når deira levetid likevel er slutt. Dette er altså feil. Dei blir slakta lenge, lenge før. Verpehøner i industrielt fjørfehald har fått rugeeigenskapane sine bortavla. Dei kan altså ikkje formeire seg naturleg. Dei må rugast ut i rugemaskin. Høner i naturen ville lagt to tre fire kull med kyllingar per år, med rundt ti kyllingar i kvart. Det er ikkje naturleg for ei høne å verpe kvar dag, men gjennom avl har ein fått fram høner som verp seks egg i veka, og ein avlar...

Med døden på jobb. Farlege dyresjukdommar, dramatiske følger.

  I følge FN er 75 prosent av patogenene (virus, bakterier, sopp) som har dukka opp siste tiåret, zoonosar, altså sjukdomar som smittar mellom dyr og menneske. Eg havna som veterinær høsten 2011 oppi det størte miltbrannsutbrotet i Sverige etter andre verdskrig. Miltbrann, eller Anthrax, er ein zoonose, det vil sei ein sjukdom som smittar frå dyr til menneske. Eg trakk på meg verneutstyr og masker, og gjekk inn mellom stinkande kadaver for å leite etter ukoagulert blod og mangel på likstivheit, to av kjenneteikna ved miltbrannsdaude dyr. Aguer og tarm er hakka ut av ravnar, det renn blod. I blodet kan det finnast dødelege sporar. Eg kan sjølv bli sjuk. Det er uhyggelig og kan faktisk vere livsfarleg.  Les om miltbrann i Norge. Under ein sermoni i Roma erklærte FN Rinderpest, eller kvegpest, som offisielt utrydda.   Kvegpest spreidde seg med kveg som vart frakta med militæret og via handel med levande dyr. Den industrielle revolusjonen med oppfinninga a...