Gå til hovedinnhold

Tid

Lørdags las eg ein kommentar av journalist Katrine Sele i avisa Firda om tid. Om fullstappa avtalebøker og sjuande sans der ein må leite seg fram til ei ledig luke der ein har tid til å stikke innom naboen på kaffe. Om at tida egentlig berre er det du har her og no, ikkje det du ein gong skal oppnå.

Eg har tenkt mykje på tid sjølv. Eg legger jo merke til at nesten alle lever hektiske liv i ein tettpakka timeplan. Eg liker ikkje tettpakka timeplanar. Eg likar å flyte avstad, lage avtalar når det passar seg og ellers vere plan- og avtalelaus. Greit nok, ein har jobb og studier, men ein treng jo streng tatt ikkje ha fleire avtalar enn akkurat det. Det betyr ikkje at ein er planlaus, men at ein har eit litt meir flytande forhold til tid. Ein har jo alltid hundre planar, men alt til si tid og ikkje alt på ein gong. Det er utrulig kva ein får tid til dersom ein lar vere å stresse. Då kan ein også flyte avstad og møte folk når det passar, drikke kaffe og ellers jobbe om natta om ein får lyst til det. Når ein har fri treng ein jo strengt tatt ikkje stå opp før klokka fire om ettermiddagen. Det er fint med å bu her i kollektivet. Her er det sånne flytere. Som flyter avstad på tida uten fullstappa avtalebok. Det er ganske oaseaktig her på huset.

Mange folk har så fullbooka avtalebok at ein må omtrent søke om tillatelse til å møte dei. For eit stress. Avtalar kvar dag etter jobb og kvar helg og kvar kveld. Eg trur mange er redde for å sitte heime aleine ein kveld, redd for å berre vere seg sjølv, eller er livredde for å gå glipp av noko. Eg kjenner til den der frykta for å gå glipp av noko, men den har vel strengt tatt blitt borte for min del.

Eg ser det jo rundt meg. Folk på min alder som jobber seg ihjel og bruker utrulig mykje tid på å bekymre seg. Eg vekje ha eit sånt liv. Det er trass alt ikkje jobb alt dreier seg om. Ein del ser ut til å legge opp livet sitt rundt det å vere eit slags instrument, eller maskin, som jobber og jobber uten hensyn til seg sjølv og som til slutt meiner at alt dei driver med er kun stress, sjølv om dei i utgangspunktet syns det er rågøy. Det blir vel ein vond sirkel. Ein må stoppe opp av og til. Sette seg ned og tenke litt kanskje. Dra av stad på ferie og tenke: savner eg det eg driver med til vanlig no, eller er det meg likegyldig? Har gjort eit par sånne eksperiment sjølv og da finner ein ut litt av kvart om seg sjølv. Faktisk kanskje uventa ting også. Jøss, eg diggakje den jobben så himla likavel feks.

Konsum av mennesker og tid og ressurser. Konsum av medmennesker, partnere, natur osv. oss sjølv ikkje minst. overforbruk. stress. kva har vi så igjen? nei, eg vil ikkje inn i den kverna. Ein må kunne flate ut innimellom og kutte ut det der jævla avtalekjøret. Kjenner folk i tjueåra som ikkje orker gå ut av huset pga dei jobber døgnet rundt og blir totalt utbrent. Tenk når ein er førti år og ser tilbake og shit, det har berre vore stress. Eg vil ikkje bli ein av dei. Det går fint an å ha både fin jobb og gode karakterer uten å stresse. Ein må berre ta seg til å pause innimellom. Skriv opp "pause" i avtaleboka om den blir for tom.

Populære innlegg fra denne bloggen

Når den døde bestemora di spring etter deg på alle fire

Igår las eg den første barneboka eg har lese på lenge. Den handla om eit spøkelse, trudde eg, men det viste seg at det var eit romvesen. Det handla rett og slett om eit romvesen som sat fast i eit romskip nedi jorda under ei gran ute i skogen etter å ha krasja i ein skogbrann. Det vart heile tida hinta til at dette skumle sat fast, så eg tenkte det var ein vampyr som sat fast i ei kiste (Den vesle vampyren), eller eit lik eller noko som var levande begravd (murt inn i veggen). Så eg sat da å vente på ein vampyr, ein varulv eller eit realt spøkelse. Potensielt ein kjekk Twilight-type. Men no kjem det verste av alt (Eksorsisten). Vesenet tar knekken på bestemora medan jenta ser på. Bestemora slenger seg hit og dit i senga og blod renner og hovud sprekk. Og så kryp vesenet inn i den døde bestemora til hovedpersonen og får denne døde bestemorskroppen til å drive å springe etter hovedpersonen. Det er det verste eg har lese på lenge. Beinpiper og innmat og blod og springande døde bestemødre

Dødsdrift blant skrivande menneske

Korleis bli eit skrivande menneske: Du er ikkje så spesiell som du trur at du er, og om du ikkje jobbar hardt, kan du hive talentet ditt på båten. (Kommentaren stod på trykk i Dag og Tid 28.november). Tirsdag (25.november) var det litteraturdebatt på utestaden Blå i Oslo: " Litteratur på Blå har invitert en forfatter, en forelegger og en forfatterskolelærer for å snakke om forskjellige strategier for å bli et skrivende menneske. Går du med en spirende forfatter i magen, bør du få med deg denne kvelden." Vi som av ulike årsaker er interessert i litteratur, møtte opp, og lokalet vart etterkvart smekk fullt. Dagen etter skreiv ei venninne til meg: "Jeg fikk egentlig fullstendig angst da jeg kom på Blå i går. Det er jo akkurat som å se seg selv klonet hundre ganger." Det er ein skummel følelse å sjå seg sjølv sugd inn i den kulturelle undergrunnen, ned i eit miljø som i stor grad kretsar rundt seg sjølv og sin eigen akse, som tilber og dyrkar seg sjølv, men som ogs

Å halde foredrag for gubbar

Av og til må eg sei eg er ganske så lei av å halde foredrag. Du står framfor eit publikum, og skal snakke om at unge folk skal til bygda, og så sitter der hundretals, eller titals, menn og kvinner i alder femti seksti pluss og stirrer tomt på deg med armane i kors. Er det inspirerande? Nei. Det er svært lite inspirerande og svært kjedelig. Eg lurer av og til litt på kvifor ein har så mange konferanser. Folk møtes, stirrer på den som snakkar, skal liksom bli inspirert, og så skal ein gå heim og vere opplyst og glad og ha med seg nye og betre idear enn dei ein kom dit med. Gud, det er så kjedeleg å snakke til slike publikum. Du veit at mange av dei ikkje ein gong høyrer etter. Dei sit der, og er der, mest av alt for å få kake, ta seg ein fest, slenge drit, pule ei eller anna dame dei ikkje har pult før, og så dra heim til kjerringa. Det er vel eigentleg, summa summarum, det inntrykket eg har fått av kvifor ein arrangerer konferanser for distriktsutvikling. Eit hederlig unntak er Dyrøys