Gå til hovedinnhold

At ei ku frå ein stad nær Nordpolen skal vere tilpassa eit liv i Afrika, ser eg ikkje heilt føre meg.

NordGens målsetning er å utvikle kunnskap om sunn forvaltning av genetisk breidde både når det kjem til bevaring av sjeldne lokale rasar, og reimplementeringa av bærekraftige avlstiltak, står det i forordet til boka Management and Exchange of Animal Genetic Resources – Nordic perspective. Bakgrunnen for boka er Interlaken-deklarasjonen som vart vedteken av FAO (Food and Agriculturale Organization) i 2007, og som omhandlar globalt ansvar for bevaring av dyrs genetiske ressursar, samt korleis ein skal forvalte dette i Norden.


Dette handlar ikkje om bevaring av dyr fordi dyr er snille, men er meint å vere eit steg på vegen mot utrydding av global svolt. Å bevare lokalt tilpassa husdyrartar, eller plantesortar for den del, betyr at ein tek vare på lokalt tilpassa artar som kan sikre folk mat der produsert dei bur, sjølv i møte med klimaendringar. Det handlar om den lokale, eller nasjonale, mattryggleiken som blant anna Norge set svært høgt.


Eksporterer utrydding


Lat oss ta eit lite blikk på dette. I Norge snakkar vi om bevaring av gamle norske kurasar, og vi snakkar om bevaring av rødlisteartane som lever i det utryddingstruga norske kulturlandskapet. På same tid eksporterer Norske Geno, den norske avlsorgansisasjonen for storfe, Norsk Rødt Fe, ein norsk framavla kurase, til Kina og Madagaskar, blant mange titalls andre land. I 2008 eksporterte dei 230 000 dosar sæd, og det er forventa betydelig auke i år. Dette er underleg. At ei ku frå ein stad nær Nordpolen skal vere godt tilpassa eit liv i Afrika, ser eg ikkje heilt føre meg.


Norsk Rødt Fe (NRF) tåler fint å leve ute om vinteren i snø og kulde, om den har tilgang til sine lovmessige tre tette veggar og tak, men kva med eit liv på Madagaskar?

Utrydder lokalt

Grunnen til at ein eksporterer NRF er sjølvsagt at ein vil at andre også der skal få produktive dyr som kan skaffe dei inntekter og mat i haugevis, samt at Geno skal tjene masse penger. Dette er ein lønnsom global eksportindustri. Her er berre eit problem. Når ein eksporterer ein foredla rase frå Norge, til Kina, treng ikkje Kina vidareforedle sine eigne lokalt tilpassa, genetiske ressursar og desse står dermed i fare for å forsvinne og det genetiske mangfaldet som skal sikre oss mot framtidige økologiske omveltingar, vert borte for alltid.


Globalt er mange rasar utrydda og står i fare for å blir borte nettopp av årsaker som dette. Dessutan: å utrydde lokale artar og rasar strir mot FN sine tusenårsmål som blant anna går på utrydding av global svolt. Og Norge er ikkje den einaste syndebukken. USA eksporterer Holstein i stor stil, blant anna til India og Russland.


Paradoksal retorikk


Det er dette paradokset eg peikar på: at vi på den eine sida ønsker å bevare truga norske artar i kulturlandskapet, og på den andre sida bidreg ein til utrydding av artar på andre delar av kloden. Eg anser det som mystisk, all den tid norsk landbruk sterkt forfektar sin rett til eksistens, blant anna for å hindre at artar blir borte som ein følge av at skogen tar over landet.
Og eg er ingen motstandar av norsk landbruk. Eg er ein tilhengar av å produsere mat lokalt fordi det er både solidarisk over landegrenser, samt økologisk forsvarlig.


Så kvar er linken mellom Genos eksport og FN/ FAO? Kvar er linken mellom vårt norske ønske om å bevare gamle norske husdyrrasar som vi vel mest bevarer fordi dei har ein eigenverdi, og vår hardnakka eksport av NRF-sæd? Eg ser den ikkje. Eg ser paradoks.


Då eg var lita, syntest eg at veterinærar som smugla inn norsk storfe til Midtøsten var snille. NRF er trass alt så fine kyr. Det synest eg fortsatt. Men ein dag kryssa eg Kattegatt. No har eg skifta syn.

Populære innlegg fra denne bloggen

Når den døde bestemora di spring etter deg på alle fire

Igår las eg den første barneboka eg har lese på lenge. Den handla om eit spøkelse, trudde eg, men det viste seg at det var eit romvesen. Det handla rett og slett om eit romvesen som sat fast i eit romskip nedi jorda under ei gran ute i skogen etter å ha krasja i ein skogbrann. Det vart heile tida hinta til at dette skumle sat fast, så eg tenkte det var ein vampyr som sat fast i ei kiste (Den vesle vampyren), eller eit lik eller noko som var levande begravd (murt inn i veggen). Så eg sat da å vente på ein vampyr, ein varulv eller eit realt spøkelse. Potensielt ein kjekk Twilight-type. Men no kjem det verste av alt (Eksorsisten). Vesenet tar knekken på bestemora medan jenta ser på. Bestemora slenger seg hit og dit i senga og blod renner og hovud sprekk. Og så kryp vesenet inn i den døde bestemora til hovedpersonen og får denne døde bestemorskroppen til å drive å springe etter hovedpersonen. Det er det verste eg har lese på lenge. Beinpiper og innmat og blod og springande døde bestemødre ...

Faktafeil om eggproduksjon frå Matprat

Matprat påstår at levetid for høner er 70 veker. Dette er ein faktafeil. Deretter blir dei slakta og solgt som høns, skriv matprat. Dette er også ein faktafeil. Dei fleste høner blir gass  ihjel og etterpå brent.  Fakta er at verpehøner i industrielt verpehønshald blir slakta etter 70 veker. I naturen, eller om dei får sjansen, kan høner leve i opp mot ti år. Levetida er altså ganske mykje lenger enn matprats påståtte 70 veker. Slik Matprat framstiller det, kan det oppfattes som at høner blir slakta når deira levetid likevel er slutt. Dette er altså feil. Dei blir slakta lenge, lenge før. Verpehøner i industrielt fjørfehald har fått rugeeigenskapane sine bortavla. Dei kan altså ikkje formeire seg naturleg. Dei må rugast ut i rugemaskin. Høner i naturen ville lagt to tre fire kull med kyllingar per år, med rundt ti kyllingar i kvart. Det er ikkje naturleg for ei høne å verpe kvar dag, men gjennom avl har ein fått fram høner som verp seks egg i veka, og ein avlar...

Tamme elgar som produserer ELGpapir, ELGolje og ELGmelk

I Jämtland lagar Sune Häggmark papir frå elgmøkk, ost frå elgmelk og lanolin frå elgpels. ­ Verdas dyraste ost! roper Sune Häggmark på svensk, stotrande engelsk og improvisert fransk. ­ Shit is money! Money, money, money! Jag älskar moose!   Fleire titals turistar, deriblant mange nordmenn, står tett i tett på tunet i Orrviken, ein kjapp køyretur sør for Østersund i svenske Jämtland. Her har Häggmark realisert sitt eige elgparadis med produksjon av papir frå elgmøkk, ost frå elgmjølk og lanolin av feittet i elgpelsen. Han er den entusiastiske gründeren bak turistverksemda Moosegarden, eller "elghagen" på norsk. Häggmark lever godt, svært godt etter at Moosegarden vart starta i 1997 som ein følge av to morlause kalvar som trong ein heim. Han gjer det klinkande klart for dei store flokken turistar at det er ei mengde pengar i elg. Moosegarden eksporterer elg til Polen, Tyskland og England. Inspirasjonen hentar han frå Russland. Ein tam elg kostar 35 0...